søndag 15. januar 2012

Kjøttpudding og grønsaker i form


Dikta ein matrett etter kvart som eg laga i kveld, og det blei så godt at eg må berre ta det med her, slik at andre også kan bli frista til å prøve.


Dette er ein stor porsjon i langpanna, for eg hadde 1 kg kjøttdeig som måtte brukast. Først skulle det bli kjøttpudding, så eg elta den med salt, pepar, egg, potetmjøl, kveitemjøl og mjølk. Men så kom eg på at det hadde no vore greitt med alt inn i omnen. Derfor tok eg dei grønsakene som låg i kjøleskåpet og skar i bitar og skiver; -kålrot, gulrot, blomkål, løk og potet. Spredde det i ca 2/3 av ei smurt langpanne og dryssa aromat-krydder over.
I andre delen av forma, blei kjøttfarsen fordelt utover, og toppa med meierismør.


Så blei ein boks med kremfløte fordelt over grønsakene.


Etter ca 50 minutt i omnen ved 200 gr, var det klart til servering;)
Eg vurderte å ha grønsaker i heile forma og berre legge kjøttkakeklattar utover.
Det hadde sikkert også blitt bra.

5 kommentarer:

  1. MMMM detta såg godt ut! Kjekt med nye tips, men kor har du fått tak i meierismør hihi
    Trine

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koslig kommentar på bloggen. Mange likhetstrekk her ja. Kjekt med mange nye kontaktar i quilte og bloggverden. Retten din ser veldig god ut, du lagar mykje fint. Ha ein fin søndag.

    SvarSlett
  3. Såg skikkelig godt ut Edny:)) Minner meg om det mamma kaller "kjøttkake på topp". Da legger hun kjøttkakene oppå grønnsakerne.....skikkelig godt!! Og sikkert kjempegodt med fløte også....det må jeg prøve en gang:))

    SvarSlett
  4. Dette såg godt ut. Greit med alt i en form

    Astrid

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...