torsdag 5. januar 2012

Quilteseier til Midøy skule i 2008




NQF (Norsk Quilteforbund) utlyste for første gong ei quiltekonkurranse for barn med tema "Dei fire elementa, -ild, jord, luft og vatn" for våren 2008. Eg var kontaktlærar for 1.klasse ved Midøy skule då, og presenterte opplegget for barna. Dei var med alle ni, og eg måtte passa på at alle krav om teknikkar o.l. blei besvart. Teppet heiter "På campingtur i fjøra". Nederst i blogginnlegget er det link til Øyavis for fleire bilete og omtale av prosessen. Barna dikta ei forteljing til teppet, som er plassert i ei lomme på baksida av teppet. Den forteljinga er også med i artikkelen.
Samme vår blei Midøy skule lagt ned, men teppet heng i lokala, som Midøy Velforening no eig, og som Midsund Montessoriskule starta si skuledrift i 2009. Det er kjekt å sjå kor barna har vokse og utvikla seg sidan då, og eg har mange gode minne. Det var veldig kjekt at vi tok 1.plassen første året konkurransen var i Noreg.


Mora somna i soveposen ved bålet, medan barna leika. (Dramatikk!)


Ein av gutane begynte å dykke.


Fire av barna drog ut i båt for å fiske med stang og line.


Dei møtte ei havfrue, og ein fe vaka over dei og passa på.


Ein ville klatre i tre og leike jeger.
Og når mora vakna, var barna borte...!


Her har dei flinke 1.klassingane fått diplomar for 1.plassen frå NQF og for deltakinga i barnekonkurransen med andre land i Festival og Quilts i Birmingham. Dei fekk også kvart sitt eksemplar av medlemsbladet til NQF, der det var artikkel om klassen og overrekking av premien av NQFs leiar Marit Sande Iversen. Det blei sjølvsagt feira i klasserommet.



Premien for vinnarteppet var ei flott Janome symaskin og kvar si klokke. Premien måtte testast, og dei sydde seg drakar. Dette biletet stod på trykk på UngQuilt-sidene i Norsk Quiltemagasin.

Forklaring av prosessen og forteljinga som høyrer til teppet, kan lesast i Øyavis sin artikkel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...