fredag 22. januar 2016

Bok, mønster til hals og premie


Denne flotte votteboka kom frå Hobbyklubben i går, 
og der er mønstre på heile
40 ulike vottar frå heile landet. 
I tillegg får du historia bak kvart vottepar,
og gode strikketips på kjøpet.

HER kan du lese meir og bla litt i boka. 
Mange fristande vottar her altså!


Og så var eg så heldig å få denne 
deilige halsen i merinoull frå Birgitte. 
Sjekk dei flotte knappane då.
Om du har lyst å strikke ein slik, 
så finn du gratis mønster på Gro hals HER


Eg har hatt vinnarlykke også. 
Eit gåvekort på 200 kr frå Woolspire var premie
på bloggen Lisbeths Verden
Ta turen då vel! Masse fine strikkerier.


Den siste tida har det vore god bruk for både
vottar, hals, og garn.
Snøen har lava ned. 
Nettet rundt ballbingen er reine kunstverket
på nært hald. 

lørdag 16. januar 2016

Lue i enkel vaffelhekling


Eg blei inspirert av lua som Nina Løseth hadde etter å ha tatt sin første
verdcupseier. Sidan eg ikkje har funne ein einaste omtale av lua, begynte eg å 
prøve meg med litt strukturhekling, og resultatet blei denne lua enkel vaffelhekling.

Slalåm-legenden Alberto Tomba delte ut førstepremier til Nina Løseth. FOTO: NTB SCANPIX

Dette bildet av den flotte jenta, har eg henta frå smp.no. Er det nokon 
som veit meir om denne lua?


Slik blei i alle fall mi lue, og har du også lyst å lage, 
så deler eg min framgangsmåte her. 
Eg brukte 2,5 nøster av 
Dale Freestyle og heklekrok nr 6. 
Sjekk om størrelsen blir passe. Visst ikkje kan du auke eller minske antal luftmasker.

Legg opp 90 luftmasker. 1.omg: Ei fastmaske i kvar luftmaske. Snu med ei lm.
2.omg: Ei fastmaske i kvar maske frå forrige omgang. Snu med 3 lm.
3.omg: Ein stav i kvar fm. Snu med 3 lm.
Så startar sjølve vaffelheklinga.
4.omg: *1 stav i staven frå forrige omg., 1 stav rundt neste stav* 
Fortsett frå * til *ut omgangen. Snu med 3 lm.
5.omg: Som 4.omg. Pass på at det er dei stavane som blir ståande fram som skal heklast rundt. 
(Sjå bilder litt lengre ned)

For å få rutemønsteret, er det viktig å ikkje bytte om på dette.
Ein omgang frå rettsida og ein omgang frå baksida gir heile ruter.


Ein stav i staven frå forrige omgang.


Ein stav rundt neste stav, ved å stikke kroken bak og fram igjen rundt staven frå forrige omgang.

Heklinga blir lik på begge sider. 


Fortsett til lua er så lang du vil ha den før felling.
Med meg er det ni heile ruter, eller 18 omgangar med vaffelhekling.


Fell frå vranga. *Hekle 11 stavar som vaffelhekling. 
Ta eit kast og før kroken bak dei to neste
utståande stavane og hekle ein stav rundt dei. *


Det betyr av tre masker blir til ei, 
men frå rettsida blir det nesten ikkje synleg, fordi det er staven mellom som står ut på andre sida.
Fortsett frå * til * ut omgangen.  Det blir 6 fellingar.
.
Hekle så ein vanleg omgang vaffelhekling frå rettsida.
Neste omgang frå vranga heklar du 
*to utståande stavar saman, tre stavar vaffelhekling* Gjenta ut omgangen.


Til slutt hekla eg berre saman to og to utståande stavar på begge sider.
Sy saman og fest trådendar.


Sjølv om det berre var ei prøvelue, blei eg fornøgd med resultatet. 
Og den passar godt til "God morgen-vottane" eg fekk i 2008. 
Like gode og fine endå.


Lua er no testa, og den både varma og satt godt på.



lørdag 9. januar 2016

Artikkel i Quiltemagasinet



I haust fekk eg forespørsel frå Bente Vold Klausen, som er redaktør i Quiltemagasinet, 
om eg kunne lage ein artikkel om Charlotte Inderhaug, som har 
vunne barnekonkurransen i Norsk Quilteforbund 2 år på rad. 
Det sa eg sjølvsagt ja til, og i Quiltemagasinet nr 6 2015
var det heile fire sider om den unge og kreative quiltaren. 
Det er link til heile artikkelen nederst på innlegget.

Om du klikkar på linken til dette bladet, kan du sjå ein del av det andre innhaldet.
Nisseløparen på framsida er av Sylke med den fine bloggen Lysstreif
Om du kikkar innom der, får du meir informasjon om den fine løparen.


Dette er Charlotte sin første quilt. 
"I min hundehage" fekk flest publikumstemmer under 
Norsk Quiltetreff i Kristiansand i 2014.


Og her er "Min magiske sjel", som ho vann med på Sundvollen i 2015.
Ei stor utvikling i løpet av eit år. 

Eg har fått lov av Quiltemagasinet å legge ut heile artikkelen, 
så kan du som ikkje har bladet få lese den om du vil. 
HER er linken.


Om du ikkje kjenner bladet og likar sying,  vil eg anbefale deg å gå inn på quiltemagasinet.no. 
Der ligg mykje innhald, gode tips og demonstrasjonar.
Du kan også følgje dei på facebook.

fredag 1. januar 2016

HÅP om eit godt 2016 og litt oppsummering frå 2015


Det er første dag i 2016. Eit år med ein ekstra dag til oss.
Eit år eg håper skal bli betre enn året som har gått for mange. 
HÅP må ein alltid ha med seg.

I dag fyller bloggen min 4 år. 
Eg føler at det har skjedd mindre enn vanleg her inne dette året, 
men når eg blar meg bakover, var det faktisk meir enn eg trudde. 
Derfor fekk eg lyst å linke tilbake til nokre av innlegga. 

Bildet over her er ein del av ei bryllupsgåve.
HER er resten av det eg laga til brudeparet.


Bursdagsgåve til min jazzonkel kan du sjå HER.
No treng han dei beste ønskjer om god betring, 
etter ein lang og vond sjukeperiode.


Og så håper eg at doktor Nesehorn fekk 
dei 8 små sjiraffane friske igjen.
HER er det innlegget.


 Ugleopphenga blei populære, og eg har nokre bestillingar 
som eg skal gjere ferdig snart.
Nokre fleire ugler kan du sjå i DETTE innlegget.


Ei triveleg hending i 2015, var at eg blei plukka ut til å vere hobbyambassadør. 
I romjula kom denne koselege pinnemålaren saman med boka 
"Lun strikk til hele familien" fra Cappelen forlag.
HER kan du sjå første innlegget eg hadde om Hobbyklubben.
Dette har vore eit godt og inspirerande samarbeid for meg, 
som gjer at eg no har mange idéar til nye prosjekt i 2016.


 Bordet er her dekka til siste middag i 2015. 
No ser eg fram til mykje godt i 2016. 
HÅP om det beste for alle eg kjenner, 
og til deg som kjem hit på bloggbesøk. 
HÅP også til alle dei som opplever vonde ting i inn og utland. 
Måtte 2016 gi alle fred, mat og husrom.




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...