Må innrømme at eg har ein tendens til å gjere mine eigne vriar på oppskrifter, både når det gjeld handarbeid og mat. Far i huset måtte sjølvsagt få farsdagskake, og det endte opp med ein slags kombinasjon av Fly-kræsj og Pavlova. Det blei veldig godt. Kaka blei så stor, at eg deler gjerne med deg også:)
KOMBI-KAKE
Sett steikomnen på 250 grader. Stivpisk 6 eggekvitar. Under pisking har du i 1 ts eddik, 4 dl sukker og 1 ss Maizena. Fortsett piskinga til du får ei tjukk og stiv masse. Smør den utover på bakepapir. Ikkje fyll papiret, for den utvidar seg under steiking.Senk termostaten til 100 grader. Sett brettet inn i omnen, og steik i 1 time. Slå av varmen og la kaka stå i omnen med døra på gløtt.
Ananassausen lagar du av 6 eggeplommar, 0,5 dl sukker, 1 ts Maizenna og safta frå ein liten boks ananasbitar. Bland alt og la det tjukne over svak varme. Blir sausen for tjukk, tilsett du meir ananassaft. Avkjøl. Rør i sausen innimellom.
Stivpisk 1 boks fløte, og pisk så inn ein pk ferdig vaniljekrem (eller kok sjølv). Fordel kremen over marengsen. Skjær små bitar av f.eks epler, pærer og banan, og trykk det ned i kremen så det ikkje blir brunt. Her har eg pynta med bitar av jordbær, kiwi, mandarin og ananas. Du brukar sjølvsagt dei sortane du har og likar av bær og frukt. Fordel ananassausen på toppen og server.
Og så eit lite tips til slutt: Dersom du brukar Porsgrunn porselenskniv til oppskjæring av frukt, blir den ikkje så lett misfarga.
Ein riktig god søndag til alle fedre, og alle andre der ute;)
Så deilig med kake :O)
SvarSlettGod søndag!
No lengta i hæm! Den såg rågod ut :) Pappa e heldi!!!
SvarSlettDen blir nok laga fleire gonger, ja;) Og då blir det nok ein bit på deg også;)
SlettÅ! Den såg god ut :-)
SvarSlettFlott farsdag vidare!!
Hmm den så god ut, kos dere:-)
SvarSlettDen ser fantastisk god ut! Jeg elsker ananas og bløte kaker. Dette må nok være kaken for meg! Siri:-)
SvarSlettSåg utrolig god ut Edny!! Flykræsj og Pavlova er favorittkakene her i huset! Jeg også bruker å lage kombikaker innimellom, alt etter hva jeg har i hus!! Ønsker deg ei fin uke som kommer:))
SvarSlettHelt herlig!
SvarSlett(Må innrømme at jeg først trodde at det var et bilde av en ustekt, hjemmelaget pizza ;)
Ha en god natt med ditto drømmer ^:^
Dette må prøves
SvarSlettAstrid
Det der såg farlig godt ut, vi har en kommende bursdag med påfølgende selskap og jeg skal jammen servere pavlova. Og ananassausen skal jeg også prøve meg på, det hørtes veldig godt ut:)
SvarSlettHa en fin kveld, og tusen takk for at du er med i gi-bort-en min, lykke til:)