torsdag 19. juli 2012
Korgstolen blei ny
Denne stolen har stått ute på trappa i fleire år, og har nok tapt seg med åra den også. Likeeins var det blomsterkanna. Begge trengte nok ein makeover.
På Biltema hadde dei ikkje lys sprayfarge i hobbymaling, så eg kjøpte like godt bilmaling. Ei lita presenning fungerte bra som underlag for sprayinga. Undervegs fann eg ut at stolen hadde fleire sider enn eg var klar over, spesielt under;) Men etter nok vridning og vending fekk eg dekt det meste. Metallkanna fekk seg ein omgang også.
2-3 strøk måtte til for å dekkje, og eg måtte investere i ein boks til med billakk. Men stolen blei i alle fall mykje betre;) Eg håper lakken held.
Puta er det aller første lappeproduktet til Birgitte på symaskina. Det var nok i tidleg barneskulealder, og allereie då var ho veldig nøyaktig. Eg hjelpte til med kutting av lappar og litt småtips undervegs, men sying og stryking stod ho for sjølv. Eg synst puta er koseleg, men eg har fått beskjed om å lage ei ny til stolen;)
6 kommentarer:
Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Stolen vart kjempefin. Og så koselig å kunne bruke puta.
SvarSlettEr ikke den ting vi ikke kan fikse på med litt spraymaling.
Klem Inger
Syns det vart en fin stol og veldig trivelig med den puta i og :) Fint med spraymaling ja!
SvarSlettStolen ble flott. Det var lurt med spraymaling. Og puten er jo bare nydelig.
SvarSlettSå fint gjenbruk! Nyt sommaren:-)
SvarSlettSå fin stolen ble etter makeover'n. Klart en så fin pute fortjener den beste stol!
SvarSlettPuten er jo kjempefin, og det vart stolen og :)
SvarSlett