Var litt opprådd for kva eg skulle lage til mat på laurdagskvelden, så då var det å gå laus på restane. Nokre tacolefser låg frå vi hadde wraps ein dag, og ein pakke fenalår burde bli brukt snart.
Saman med rømme og litt pynt blei det gode munnfullar;)
Etter wrapsen stod det igjen litt dressing i ei skål, og kokt pasta i ein pose frå tidlegare i veka.
Når det blei blanda saman med skinke, issalat og paprika, blei det ein god salat.
Og sidan det var fastelavnshelg, vanka det nysteikte bollar, -både av kveite og av spelt.
Det gjekk kjempefint å steike speltbollane i store muffinsformer;)
Det er berre å fylle bollane med det kvar enkelt likar best.
Bollar med krem, banan og sjokolade har vore min fastelavnsfavoritt sidan barndommen.
Kan anbefalast på det varmaste;)
Det såg godt ut
SvarSlettDu er en flink kokk! Alt var godt:)
SvarSlettTenk å få restemat til å se såå godt ut!!! Lekkert!! :))
SvarSlettVelkomen i bloggverda, og takk for at du vil vera med på jubileet mitt :) Ser du lagar mykje flott, både mat og anna. Her kjem eg nok på besøk igjen, så eg legg meg til som følgar. Ha ei fin veke :)
SvarSlettMMMMMMMMMMMM detta såg rågodt ut!!! Her har det vore lite fastelavensfeiring, er heime aleine, så då blir det syrommet i staden hihi
SvarSlettKlem