Her skal du få oppskrift på gode og sunne knekkebrød, som til og med er raske å lage;)
Du treng 1 liter frø og hakka nøtter/mandlar, 2 ts salt og 4-5 egg.
Bruk den blandinga du vil. Eg brukar som oftast sesamfrø, linfrø, solsikkekjernar, gresskarkjernar og hakka mandlar. I dag brukte eg også havregryn og kruskakli, men etter mi meining fungerte ikkje det så godt.
Bland frø, salt og egg i ein bolle. Er røra tjukk, kan du tilsette eit egg til.
Bre røra tynt utover to brett med bakepapir på. Bruk slikkepotten, eller klapp utover med handa i ein plastpose med litt olje på. Oljepose brukar eg foresten til pizza, scones o.l. også. Det er lett å få utover, og du slepp klisset. Dagens tips;)
Steik ved ca 190 grader i 10 minutt. Del opp i bitar med pizzakuttar. Steik vidare i ca 5-10 minutt, -til dei blir tørre og sprøe. Kantane må kanskje takast ut før resten. Avkjøl og oppbevar knekkebrøda i tett boks. Veldig gode med ost og mandarinbåtar på;)
Om nokre knekkebrød ikkje blir sprø, kan dei smuldrast i bitar, og ristast i omnen. Vips så har du kjempegod musli til yoghurten også;) Velbekomme!
Takk for oppskrifta
SvarSlettRandi Høyer
Dessa såg go ut! Takk for tips og oppskrift:)
SvarSlettTrine
Tusen takk for oppskrifta Edny, disse ser kjempegode ut, gleder meg til å prøve de : D
SvarSlett