Desse herlege husa laga snille Birgitte som innflyttingsgåve til Midsund Montessoriskule, då skulen starta opp i august 2009. Husmotiva er frå spisebrikker av AnnAKa. Eg skal innrømme at eg hinta og hadde sterke ønskje om eit fint blikkfang i trappeoppgangen. Eg har stor tru på at barna sett pris på å ha det fint og estetisk rundt seg. Det har dei bevist ved at både greina, husa og den store vasen er like fine endå!! Og det er til og med der alle går mange gonger for dag!
Etter min smak er både husa, fuglane og greina veldig sjarmerande, og fargane varme og harmoniske. Birgitte er veldig nøyaktig, og alt ho lagar blir veldig fint og skikkelig. For det er vel lov å skryte av datra si?
No er det fana som heng i trappeoppgangen, og husa har fått plass over døra i gangen. Birgitte blogga om desse då dei blei laga. Då hadde ho ein anna blogg, og innlegget er her.
Åh, så søte!
SvarSlettSjarmerende veggbilde!
Ønsker deg en fin dag! Klemmer, Marianne.
Kjempefine. Sikker på at de er fine der de henger nå også.
SvarSlettAstrid
En utrolig artig bruk av et koselig mønster! AnnAKa har mange mønster som kan brukes på den måten.
SvarSlettVeldig fine, og så snill datter du har! :)) Flott at dei får henge i fred, på skolen hos oss hadde dei nok ikke overlevd ut dagen...:(
SvarSlettTrine
Kempe fin idee til utsmykking:-)) Ha en fin og kreativ helg
SvarSlett