søndag 19. februar 2012

Restemat


Var litt opprådd for kva eg skulle lage til mat på laurdagskvelden, så då var det å gå laus på restane. Nokre tacolefser låg frå  vi hadde wraps ein dag, og ein pakke fenalår burde bli brukt snart.
Saman med rømme og litt pynt blei det gode munnfullar;)


Etter wrapsen stod det igjen litt dressing i ei skål, og kokt pasta i ein pose frå tidlegare i veka.
Når det blei blanda saman med skinke, issalat og paprika, blei det ein god salat.


Og sidan det var fastelavnshelg, vanka det nysteikte bollar, -både av kveite og av spelt.
Det gjekk kjempefint å steike speltbollane i store muffinsformer;)
Det er berre å fylle bollane med det kvar enkelt likar best.


Bollar med krem, banan og sjokolade har vore min fastelavnsfavoritt sidan barndommen.
Kan anbefalast på det varmaste;)

5 kommentarer:

  1. Du er en flink kokk! Alt var godt:)

    SvarSlett
  2. Tenk å få restemat til å se såå godt ut!!! Lekkert!! :))

    SvarSlett
  3. Velkomen i bloggverda, og takk for at du vil vera med på jubileet mitt :) Ser du lagar mykje flott, både mat og anna. Her kjem eg nok på besøk igjen, så eg legg meg til som følgar. Ha ei fin veke :)

    SvarSlett
  4. MMMMMMMMMMMM detta såg rågodt ut!!! Her har det vore lite fastelavensfeiring, er heime aleine, så då blir det syrommet i staden hihi
    Klem

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...