tirsdag 14. februar 2012

Nytt på veggen



Når vi har forandra på soverommet, er det kjekt med noko nytt på veggen også. Eg begynte å leike meg litt med ein bit av gardinstoffet. La vatt bak stoffet og sydde to omgangar med sølvtråd rundt blomsten. Her og der festa eg på litt effektgarn i veggfargen, og sydde så fast nokre diamantar;) for å matche lysekrona;) Stilfullt må det vere veit du;)


Ei diamantrekkje frå eit belte blei stilk saman med nokre blad frå scrapbookinga;) Eg likar å bruke ulike materiale og effektar for å lage særpreg;)


Her er det ferdig dekorert og stifta på eit lerret. Dekoren kjem dårleg fram her..
Eg blei egentleg ganske fornøgd;)
Korleis det blir på veggen, får du sjå i eit seinare innlegg.


Gardinstoffet er kjøpt på Jysk, og her er eit utsnitt utan dill og dall festa på;)


Før var det ei lang stang med sidegardiner. No er det rullgardiner og små kapper inni karmen.


Gløymte å ta førbilete, men lysekrona blei hengt opp før gardinene blei skifta, så det er eit lite glimt i bakgrunnen;)

5 kommentarer:

  1. Kjempefint. Du får det til du.

    Astrid

    SvarSlett
  2. Så stilig og tøft!! Dette med å bruke ulike materialer er jo du utrolig flink til Edny!! Gleder meg til å se hvordan det blir på veggen!! :))

    Klem fra meg:))

    SvarSlett
  3. Lysekrone på soverommet, at jeg aldri har tenkt på det før! Det var lekkert, men jeg tviler på at jeg får kallen min med på det!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kallen min var også litt betenkt i starten, men no trur eg han likar den veldig godt;)

      Slett
  4. Du er so kreativ at eg blir heilt mållaus! Trur du skal få pusse opp loftstova mi, den skal eg begynne på til sommaren. (berre når det regnar altså...)
    Trine

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...