lørdag 11. februar 2012

Sov søtt ;)


Har lenge tenkt på å ommøblere soverommet, og vurdert dei nye utfordringane som følgjer med.
Men det blei veldig kjekt når ideane kunne setjast ut i praksis;) Pengar vi fekk i julegåve frå mor skulle brukast på prosjektet, og i januar er det mykje fint å finne på salg også.

Det eine eg har tenkt på, er sengegavl, for det hadde vi ikkje før senga blei flytta heller. Eg likar alt som er både fint og praktisk, -og helst noko som andre ikkje har;) ;) 


Vi enda opp med å kjøpe 6 svarte og 6 lyse velurputer på Kid, og stifta dei rett på veggen i eit sjakkmønster. Det var ikkje så lett å få det både tett og fint, og i etterpåklokskap tenkte eg på at det beste hadde nok vore å stifte det på ei plate først... Men er uansett fornøgd med resultatet;)
Sidan farga på veggane er aprikos-oransj, fann eg ut at eg måtte halde meg til svart og lyst på interiøret. Over putene er det ei svart hylle, og leselys er skrudd opp under hylla. Desse lampene hadde vi frå før.


Det var nok  krystallknappane som gjorde utslaget for putevalet, for dei passa til lysekrona vi kjøpte på Skeidar;)  


Over senga er det ikkje ferdig endå, men du kan no få eit foreløpig glimt;) Har fleire planer her, så berre følg med;)
Blomsterranken frå Nille er spikra rett på veggen. ZZZ er frå Skeidar, og den hekla stjerna er kjøpt i den sjarmerande butikken Fru Rosas Landhandel.


Etter ommøbleringa, kom senga heilt inntil skåpsida, og kvar skulle min stakkars mann legge frå seg bøker, klokke og briller?? På hylla over senga, blei både tungvint og for rotete. Det måtte vere noko som ruva lite, for det kan vere lett å stange borti i nattas mulm og mørke! Etter nokre dagar med spekulering og jakting på ei smart løysing, fekk eg ein lys ide på Kid! Dei hadde servietthaldarar i svart metall, berre å spikre rett inn i skåpet. Akkurat stor nok til ei bok! At eg ikkje hadde tenkt på det før. Tankane hadde vore innom bokstativ til kokebøker bl.a.


Eg kjøpte med to servietthaldarar for godkjenning, og dei kom opp saman med ei lita biletlist til klokka og brillene. Så no er det berre å velgje bok for kvelden, og sette seg godt til rette i den nye sengegavlen;)

Det kjem påfølgande innlegg frå soverommet seinare! Det må berre gjerast ferdig først;)

8 kommentarer:

  1. Veldig fint!
    Smarte løsninger i hele rommet!
    Takk for titten!
    Ønsker deg en riktig god helg!

    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
  2. Dette ble da fint Edny. Smart med sengegavelen. Og serviettholderne da.
    Lysekrona var virkelig flott
    Spent på resten.

    Astrid

    SvarSlett
  3. Wow!!! Såååååååå kjempelekkert det ble!!
    Likte alt av dine smarte idèer:))
    Lysekronen var helt fantastisk.
    Ha en fin fin lørdagskveld!
    Klem fra Janne

    SvarSlett
  4. Så artig det ble Edny!!! Har tenkt på pute ved sengegavelen sjøl i mange år, men det blir bare ikke. Har et ukebladklipp fra 80 tallet liggende, med en god ide om dette,- så det går ikke akkurat fort.... Der var det to puter med hemper og en oldemorstang der man også kunne henge opp div anna. kanskje i får lyst å gjennomføre det no når du har fått det så fint ;-)))))De skal ivertfall være lilla.

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig at du nemner det med to puter og stang, for det var meininga mi også heilt sidan vi kjøpte rammemadrassa. Har til og med sydd putene, men dei var så store og ruvande, at dei blei aldri hengt opp. Men med din kreativitet, er eg sikker på at du finn på noko smart;)

      Slett
  5. Kjempefint! Stilig ide med dei serviettholdarane, det var toppers!
    Trine

    SvarSlett
  6. Så smart. Det ble jo kjempefint. Vakker lysekrone også.
    Toppers uke til deg
    Randi

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...