Denne koselege heklebrikka har eg fått av mor. Eg har endå ikkje funne det perfekte brødfatet å ha den i, så den kjem ikkje heilt til sin rett under bruk. No er den nyvaska og stiva, og eg skal tipse deg om ein veldig grei måte å gjere det på;)
Dukar som er hekla eller strikka, kan stivast med skumma mjølk. Det har eg lært av mor, og det fungerer;) Hell litt skumma søtmjølk i ein bolle, og legg den våte duken oppi der. Snu litt rundt så alt blir dynka, og vri den godt opp etterpå. NB! Duken bør vere våt av vatn først, elles blir den for stiv. Strekk duken utover på eit flatt underlag, og la den ligge til den er heilt tørr.
Og så skal du få eitt tips til;) Nille har slike golvpuslespel av skumplast, og dei kan setjast saman så stort du treng. Her kan du strekke dukar, sjal, små strikkaplagg o.l. Det er lett å stikke nåler i, og eg brukar slike korte kartnåler / "map pins". Her har eg stiva mange dukar samtidig, og dei som som er laus i kanten blir festa med nåler. Dei andre berre strekker eg lett med hendene og drar kantar o.l. ytterst, slik at det ligg fint. Og du lurer kanskje på om det blir surlukt, men tørka mjølk luktar ikkje;)
Eg likar veldig godt denne metoden, for då slepp eg å dampe eller stryke dukane og dei ligg fint.
Men som ei oppklaring; eg brukar ikkje mjølk på klesplagg altså!! Dei er berre fukta med vatn;)
Påska er på hell, men eg tek med litt frå inngangspartiet likevel;)
Velkomne til oss;)
Takk for tips! Pen heklebrikke. :o)
SvarSlettTusen takk for nyttige tips. Koselig med gamle heklebrikker. Hyggelig inngangsparti.
SvarSlettLærte akkurat det samme av min mor - skummetmelk :-)
SvarSlettFlott hund dere har i familien. Vår er også så heldig å ha en bestemor som er kjempeglad i henne :-)
Det har eg og lært :)
SvarSlettOg det luktar ingenting ;)
Men eg brukte å strekke strikkadukar på store isoporplater
med knappenåler ;)
Klem
Tusen takk for tips! Eg fekk en flott strikkeduk i gave ein gang ..kanskje eg no kan ta den fram oftare ;O)
SvarSlettTakk for tips!! Nå har jeg lært å stive duker:-))))
SvarSlettså lurt.. det skal eg prøve neste gang :-)
SvarSlett