onsdag 18. april 2012

Pølseform



Pølseform er ein enkel rett å lage. Den er ganske sunn og smakar veldig godt.
 Har du lyst å prøve, så får du oppskrifta her;)


Smør ei stor form eller ei langpanne. Legg i bitar av pølse, løk, paprika, blomkål,
gulrot eller andre grønsaker. Mais er også godt oppi.
Mengde av kvar sort er alt etter kva du har og kor mange som skal ete.



Legg potetskiver oppå der igjen, og slå over ein saus som er rørt saman av tomatpurre,
fløte, vatn, salt, pepar, timian og basilikum, eller andre krydder du likar.
Den skal vere tjuktflytande. (Du kan også bruke posesaus og røre ut den med vatn og fløte).
Hermetiske tomatar er også fint å bruke i sausen. Dekk med skiva eller reven ost på toppen.



Sett forma nederst i omnen, og steik ved 200 grader i 30-40 minutt, til potetene er møre.
Velbekomme;)

4 kommentarer:

  1. Såg veldig godt ut Edny!! Den skal jeg prøve ut en dag:))

    SvarSlett
  2. Mmmmmm, dette så virkelig godt ut!
    Dette må jeg prøve ut en dag.
    TAKK som deler.


    Klem fra Anne på landet.

    SvarSlett
  3. Dette så deilig ut :-)
    Takker for koselige kommentarer i bloggen min.
    Ønsker deg en kreativ og fin helg.

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...