torsdag 20. juni 2013

Hjarteleg


Naturen er vakker og står mitt hjarte nær. Eg både beundrar og funderar over variasjonar og detaljar gjennom årstidene. Alt har ein samanheng. Sidan eg fekk stipend frå Norsk Quilteforbund for å prøve å sy med ting frå naturen, er eg endå meir på leiting etter ting som inspirerar. Og sjølv om eg går same turen nesten kvar dag, oppdagar eg stadig noko nytt. Eg er veldig glad i hjarteforma, så det aller første frå naturen, som eg prøvde symaskina på, er denne bjørkekvisten. Kvisten blei sydd fast samtidig som eg sydde fritt rundt.


Hjarte dukkar opp overalt, om det er fjøre eller fjell, vinter eller sommar. 
Her kjem eit lite utval til inspirasjon for meg sjølv, og kanskje for deg:)
 Tang og spor etter fjøremark.


Skjell og tang.


Fjør. 


Snøsmelting.


Dyrespor.


Lav på stein.


Frukt.


Snø.


Lav frå tre.


Trestamme.


Nysnø.


Han eller ho har eit hjarte av stein, blir det sagt. Men eg trur at det finst noko mjukt innerst inne med alle, men det er ikkje alle som greier å vise det slik dei gjerne vil. Er dei usikre, redde, har dårleg sjølvkjensle, blitt kua, såra, eller føler seg urettferdig behandla? Kva er grunnen til at enkelte hjarte blir forsteina? Kva har dei opplevd? Grunnane kan vere mange og samansette, og denne funderinga blei til berre på grunn av ein fin stein:)
Men det er kanskje betre å ha eit hjarte av stein, enn å vere hjartelaus.
I mitt hjarte har eg mange gode minner, men også nokre vonde sår. Eg blir varm om hjartet når eg ser at folk hjelper, rosar og løftar kvarandre. Eg blir glad når nokon lykkast med noko dei har streva med. Og du kor rørt hjartet mitt blir når ein elev strålar over meistring etter å ha prøvd igjen og igjen!  


Eg kunne ha snakka mykje med utgangspunkt i hjarte, men her har steinen over blitt fanga i eit nett av frihekling. Det at eg skulle sy eit produkt der ein stein spela hovudrolla, var i alle fall ikkje i mine tankar då eg søkte på stipendet. Det er noko med at vegen blir til medan ein går, og denne steinen oppdaga Birgitte då vi gjekk skogsvegen i Nord Heggdal. Etter at eg var ferdig med å presentere naturprosjektet mitt i Sarpsborg i vår, har det blitt lite produksjon. Det handlar om tid og overskot. Men lysta og planane er der, så no puffar eg meg sjølv til å lage fleire ting no når sommarferien står for døra. Eg elskar å pusle med slikt, men det er ikkje alltid så lett å kome i gang. Men når eg er i gang, aukar overskotet:)


Bakgrunnen her er frihandsquilta oppå ulike kvalitetar av stoffbitar, og litt strå er med frå turen. Teksta er sydd på frihand. Eg likar å gå mine eigne vegar og prøve ut både teknikkar og effektar ved hjelp av symaskina. Så får sommaren vise kvar vegen bringar meg. Bloggen vil nok få nye innlegg etter kvart.
Her er tidlegare innlegg frå naturprosjektet for dei som ikkje har fulgt med bloggen min så lenge. Det er mange ulike ting frå naturen som har blitt prøvd i syinga, og det var veldig inspirerande å halde på med.

Hjarteleg helsing frå Edny:)

20 kommentarer:

  1. Det både ser og høres veldig spennende ut det du holder på med nå. Naturen gir masse inspirasjon når man tar seg tid og ser seg rundt. Det er likevel en egen kunst å kunne overføre dette til slike vakre bilder som du skaper. Jeg hadde ikke kommet på tanken en gang å sy inn ei grein til et hjerte slik som du har gjort. Det er jo nydelig! Ha en herlig kveld! Klem fra Nina

    SvarSlett
  2. Spennende. Det du gjorde med det steinhjerte er kjempefint. Det finnes mange fine hjerter rundt oss

    SvarSlett
  3. Så mange hjerteformasjoner vi har rundt oss!

    SvarSlett
  4. Så flotte arbeidene dine er. Jeg er også glad i, og ser fort alt som er hjerteforma. Utenfor kontorvinduet mitt, på fortauet, er det alltid en sølepytt som er hjerteforma. En stein funnet i fjæra ligger i kjøkkenvinduet..... Jeg tror ikke det finnes kalde hjerter, eller at noen har hjerter av stein. Nå har jeg jobbet i over 20 år med mennesker og vet at det harde laget utenpå bare er utenpå....
    Gode refleksjoner og flotte bilder :)
    Klem fra Anette

    SvarSlett
  5. Det er noko med å ha augene med seg når ein er ute i naturen.
    DU er ei slik som SER !!
    Her var mange døme på det, fantastiske hjerter :)
    Det siste med hekla nett rundt er flott.

    Lukke til med prosjekta dine.
    Anne-Mari

    SvarSlett
  6. Hjerter er alltid hyggelige som dekor på ting en lager, og det er masse hjerteinspirasjon å finne rundt om, som du også så flott beskriver i ord og bilde.
    Gleder meg til å se hva du kommer til å trylle fram videre i naturprosjktet ditt!

    SvarSlett
  7. Hei :-) så.flotte bilder - og så flotte tanker og filosoferinger du har rundt det med hjerte :-) tenker også en del om det med hjerte. Tenker på det med hjerte og døden. Når vi mister ett menneske som vi er så uendelig glad i, hvor vondt det gjør - i hjertet. Likevel har vi plass til flere i hjerte vårt selv om vi gjør oss selv sårbare. Vi er så sammensatte vi mennesker, og det er så flott :-) vi er så sarte, men likevel så sterke. Setter STOR pris på siden din, er innom hver kveld for å se om du har lagt inn noe nytt :-) Rannveig

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Og så kjekt at du likar bloggen min då:) Det varierer kor ofte eg lagar nye innlegg, så det kan like godt gå ein dag som ei veke mellom. Du har mange tankar rundt hjarte du også ser eg:) Eg set veldig stor pris på kommentarar, og no blei eg nysgjerrig på om du er ei Rannveig eg kjenner, eller ei anna triveleg dame:)

      Slett
    2. Eg er nok ei anna trivelig dame :-) tenkte på et kinesisk ordspråk om sorg da eg så dette innlegget på bloggen din. Du finner det på nettet om du søker på kinesisk ordspråk om sorg. Det ble lest opp i min søsters begravelse - utrolig gode ord. Forventer ikke nye innlegg ofte, men koser meg veldig med det du blogger :-) god helg til deg :-)

      Slett
    3. Kanskje vi tilfeldigvis møtast ein gong:) Det med kinesisk ordspråk skal eg jammen sjekke ein dag. Eg har nemleg planar om å lage eit hjerteppe til minne om mi døde søster. Eg tenkjer ofte på henne når eg finn hjarte i naturen. Riktig god helg til deg også:)

      Slett
  8. Hjerter er herlig og jeg er som deg, jeg ser dem overalt!
    Masse flotte bilder du har her, moro å se :)

    Vil ønske deg en herlig god sommer!
    God klem <3 hjerte fra meg ;)

    SvarSlett
  9. Hjerter i fleng.... Du er god til å ha øynene med deg. Tror ikke jeg hadde lagt merke til alle, men det er vel noe med å ha fokus.

    Kan jeg gratulere med sommerferie, eller er det fremdeles mye rektor-arbeid igjen å gjøre?

    God sommer, i alle fall!

    Klem fra Kristiansund

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Ingunn! Augene går i alle retningar når eg er på tur, for eg er redd for å gå glipp av noko fint;) Elevane starta på ferie i dag, men eg må gjere ferdig formingsrommet, som har vore under oppussing. Det blir kjekt å ta det i bruk til hausten:) Men eg er ikkje rektor lengre. No er eg spesialpedagog på Tøndergård skole og ressurssenter i Molde. Det er ein spesialskule frå 1.kl t.o.m. vidaregåande, og har elevar frå heile Møre og Romsdal. God sommar til deg også:)

      Slett
  10. Nydelige bilder du hadde her :-) <3<3

    SvarSlett
  11. Så kjekt å sjå så mange flotte hjerter du har funne Edny!! Og du er såå flink å bruke naturen i prosjekta dine. Jeg er såå imponert!! :))
    Ønsker deg en super sommerferie! Regner med vi sjåast;)) Klems

    SvarSlett
  12. Heisann på deg :) Tusen takk for koselig hilsen. Jeg blir bergtatt at dine bilder og måten du bruker naturmaterialer på. Stilig. Fikk virkelig lyst å prøve jeg også. Ønsker deg en riktig fin ny uke og en god søndag. Klemmer Merethe

    SvarSlett
  13. Heisann Edny!:)
    Helt vidunderlig bilde du har laget og såå mange nydelige herter
    du møter på din ferd:)
    Du tryller frem de lekreste ting med symaskinen!:)
    Ønsker deg nydelige sommerdager!
    Klemmer fra Janne

    SvarSlett
  14. Såå fine hjertebilder :)

    Setter så umåtelig pris på alle de fine kommentarene du har lagt igjen hos meg. Jeg får dessverre ikke kommentert så ofte lenger, det er den tida vet du. Men jeg skal slutte å unnskylde meg, for nå skal jeg nyte tiden jeg har og oppdatere meg på dine sprell :)

    Fiin søndagskveld!
    klemklem
    -Maia

    SvarSlett
  15. Søt masse hjerter... fin bilder.
    Jeg ønsker deg en deilig sommer.
    Hjertelige hilsen fra meg. Viola

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...