Rogn er definitivt mitt yndlingstre, så det måtte eg sjølvsagt lage noko av. Rognetréet har sin sjarm gjennom heile året, med fine blad, blomster og rognebær. Men rognebær er faktisk ikkje bær, men frukt! Det er ei veldig lita eplefrukt. Gele av rognebær og epler er no så godt til vilt og kjøtt. Men før ein lagar gele, bør bæra frysast for å få bort bittersmaken. Rognebæra kan no henge på greinene utover vinteren, og kanskje er det då dei smakar best for fuglane også? Ein del trekkfuglar fyller magen med rognebær før dei dreg ut på sin lange ferd.
"Høyt henger de, og sure er de" er knytta til reven som blei snurt fordi han ikkje nådde opp til rognebæra. No lurer eg på om dette uttrykket har blitt fornorska, for opprinneleg var det "Reven og druene" frå Æsops fablar.
Forma til rognebladet er så fin, etter mi meining. Det er fjærnervet og ulikefinnet, dvs at det er ein hovudnerve med to og to småblad (finner), som endar med ein finne i toppen av bladet. Følg med når bladknoppane opnar seg og foldar ut dei nye, små blada, som så skal vekse seg større og skifte over til dei vakraste haustfargar etter kvart. Og det er fint å ta inn kvistar av rogn i staden for bjørk, med tanke på dei som er allergiske. Det var dagens naturfagtime:) Snø og rognebær har så mange ulike teoriar, at det får vere. Eg observerte nokre år, men fann ingen samanheng med lite eller mykje snø. Overtru og tilfeldigheit trur eg, men det er no moro med tradisjonsrike utsagn.
Men no skal eg komme til poenget, for som mange sikkert forstår, så er dette ein del av naturprosjektet mitt. Bladet blei pressa og rognebæra hengt til tørk i haust. Bladet er festa ved hjelp av stoppefoten, og grein og tekst er sydd med frihandsquilting. Eg er glad i både natur, skriving og sying, så dette var eit kjekt arbeid:)












