torsdag 21. september 2017

Husnummer


No held det ikkje berre med postnummer på bygda. 
Alle skal ha gateadresse og husnummer.
Med oss tok det litt tid før tala kom opp på veggen, 
for eg måtte sjølvsagt gjere noko ut av det....
Etter mykje grubling, kom idèen då eg stod og måla denne veggen.


Denne fjøla har eg samla på i fleire år. 
Den minner meg om ein fisk. Eg tok litt beis frå trappa og måla 
rundt kantane og i munnopninga, for å få ein større kontrast til veggen. 
Ein rusta spikar i bakenden, var perfekt å henge eit par garnkuler på. 
Dei, og litt anna maritimt, kjem frå heimgarden til mannen min. 
Kjekt å få samle det her.


Eit garn er stifta fast bak fisken,


og bak båten, som eg kjøpte på ei messe for nokre år sidan. 
No blei den lasta til randen, men ikkje av blomster, som var plana då eg kjøpte den.
Litt stein er med som ballast, for å halde "sjøplantene" på plass.


Og fangst har det blitt, 
både av fisk, krabbe, tang, tare og skjell.


Slik er det på dagtid.


Og her er det kveld. 
Då lyser det i vindua på badet. 
Eg er spent på om båten tåler vinterstormane, 
men det får stå si prøve. 
No er kreasjonen i alle fall dokumentert.

7 kommentarer:

  1. Hey Edny. Dit husnummer *installation* er bare SÅ fin. Jeg er vild med de ting du har fundet og brugt hertil.
    God weekend

    SvarSlett
  2. Det er ei fryd å sjå alt det fine du lagar til.
    Tenk at me menneske er så forskjellege,.. me berre festa dissa
    bokstavane på bordkledninga ;-)
    Eg bur attmed sjøen og har rikeleg tilgang på slike ting som
    du bruka, kanskje eg skal stele litt tips ?
    Artig med Aafk fargane :)

    God helg frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Man tar hva man haver... utrolig kreativt og tøft, det må jeg si. Og stilig med baderomsvinduene, har dere klistret film på dem?
    Ønsker deg en flott helg!
    Hilsen fra Anette

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk😀 Det er boyband og farget folie.

      Slett
    2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
  4. Her slår retteprogrammet til😂 Jeg skrev blybånd og ikke boyband😀

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...