søndag 25. januar 2015

Bryllupsgåve


Gleda var stor då vi fekk invitasjon til bryllup då eit tantebarn skulle gifte seg. Det er så lenge sidan sist vi var i bryllup. Så begynte tankane rundt gåve å svirre. Dei er godt etablerte frå før og har det meste. Eg likar å lage personlege gåver, men samtidig vil eg at mottakar ikkje skal føle at det må stå framme. Det handlar om stil, smak og om det passar inn. 
Denne gongen enda det opp med praktiske bruksting. 


Først sydde eg trekk til ein boks med tennbrikettar. Det kan no vere nyttig for å få lettare fyr i omnen eller på bål ved utflukter. Og så er det berre å fylle opp med fleire når det er tomt. Eg veit i alle fall at dei har god tilgang på ved. 
Sidan begge jaktar, passa det med eit hjortepar med bankande hjarte for kvarandre.


Jakt og fiske er populært, og vatnet i dammen får vere symbol for fisk her.
Hjarter går igjen i gåva.


På baksida av neverhjarta er det namn og dato. 
Og i det som er applikert, er bodskapen "hold varmen", og det er meint i dobbel forstand.
Ein furukvist har fått påsydde nåler.


Eit serveringsbrett er praktisk til bruk både inne og ute.


Men kanskje er det koselegare å bruke med ei brikke nedi. 
Derfor laga eg tre ulike, alt etter årstid og kva som passar. 
Denne kan brukast til jul, men også heile året om ein vil.

I eine hjørnet har eg sydd inn bryllupsdatoen.


To hjarte har smelta saman. 


Så blei det ei brikke i lilla. 
Den kan vere til advent, men kan også brukast heile året.


Her har eg lurt inn hjarte i frihandsquiltinga.


Den tredje brikka har ramme av ulike stoffbitar som handlar om livet.
Hus, natur, reise, ord, store og små hendingar. Kryssord viser at ting kan gå både vassrett og loddrett, men med godt samhald og samarbeid løyser det meste seg.


Dette sitatet av M. Bonnamo sydde eg inn, for det passar etter å ha sagt ja til å elske og ære kvarandre, og leve trufast saman til døden skiljer dei ad. 
"Å leve lykkelig til sine dagers ende, er noe man må gjøre dag for dag."


Då håper eg at gåva kan vere både til nytte og glede i mange år.


Gårsdagens bryllupsfest var flott og triveleg. Maten på hotellet var fortreffeleg, 
og kakebordet bugna av heimlaga kaker, som var bakt på dugnad. 
Mannen laga nøttebotnen til denne kaka, og eg skar ut og pynta med smørkrem.


Puy, svigerinne til bruda, hadde laga desse kunstverka av fruktfat. 
Namna til brudeparet er til og med skore ut.


Tusen takk, Inger Anne og Asbjørn, for at de ville dele denne fine dagen med oss. 
Med dei beste ønskjer for framtida til denne flotte familien, 
får dette innlegget vere min "dagen derpå-tale".


21 kommentarer:

  1. For noen flotte og personlige gaver!! Er enig i at det ikke er så lett å gi bort hjemmelaget da smaken er så forskjellig, men både tennbriketter og brett er noe som er i bruk. Hjertekaka var nydelig! Gratulerer til det nygifte paret :)

    SvarSlett
  2. SÅ kjekt!
    Og flotte og personlege gåver må no vere midt i blinken.
    Du er dyktig og omtenksom!

    Gratulere til dei nygifte ♥♥

    Ha fin ny veke, den siste i januar!

    SvarSlett
  3. Så god idé med det brettet med fleire alternative brikker. Og så flotte dei var. Eg likte den raude aller best.

    SvarSlett
  4. Fine, praktiske gåver som sikkert vil koma til nytte i åra som kjem! Kaka såg svært god ut.
    Gratulasjoner til dei nygifte!

    SvarSlett
  5. Ja då blei du ferdig med gåva denne gongen også! Nydelige ting, men kørr du laga dei smørkremrosene? du må halde kurs! Blei imponert over fruktfatet også, berre utrulig at det er mulig, reknar med at det er thai:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Blei faktisk ferdig før midnatt! Rosene er enkle å lage. Berre start i midten og sprøyt rundt og rundt. Lag fleire roser tett i tett. Eg brukte ein spiss med halv rilleopning. Fruktfatet er thai-kunst, ja;)

      Slett
  6. Vilka trevliga bröllopsgåvor du gjort. Och fina :)
    Är säker på att mottagarna är glada.

    SvarSlett
  7. Fine og personlige gaver, som de kan få meget glæde af.

    SvarSlett
  8. Takk Edny for den flotte gaven du lagde og ga til brudeparet.
    Hilsen mammaen til Asbjørn

    SvarSlett
  9. Virkelig flotte gaver du hadde laget til brudeparet! Koselige og personlige, og så smart med de forskjellige brikkene til brettet :-)

    SvarSlett
  10. Ikke noe å utsette på disse bryllupsgavene, som virkelig var av det personlige salget. Flott kake også !

    SvarSlett
  11. For nokre kreative og personlige gåver! Ligg mykje omtake i kvart eit sting der. Og den kaka er då berre eit syn for gudar - eg er så imponert! Skjønnar ikkje korleis du får det til sjølv om eg har lese framgongsmåten!
    Kjekt med bryllaup - dotter vår gifta seg i sommar og det var ei stor oppleving. Og snart kjem babyen og det vert nok endå større:)

    SvarSlett
  12. Kjempefin bryllupsgave dette ja !! Artig å gi bort og dette må vel være en flott gave å få, kan jo brukes hele året, det har du jo tenkt på med de flotte variantene :-) Kaka var flott og veldig god kan jeg tenke meg :-)

    SvarSlett
  13. Så mye flott du lager. den hjertekaka så god ut du.
    Klemz

    SvarSlett
  14. Så herlig gave! Tenker paret ble stor fornøyd :)

    SvarSlett
  15. Supre bryllupsgaver ;o) Du er dyktig og kreativ!

    SvarSlett
  16. Så flotte gaver, tenker de ble fornøyde med de, og for en flott kake! Så du forresten bildene jeg la ut av de englene? Tror det var du som lurte.....
    Ha en fin onsdag!
    Klem fra Signe.

    SvarSlett
  17. For ei fantastisk gåve å få.
    Dette vart nok brudeparet glade for.
    Du er så kreativ og legg så mykje arbeid og sjel i alt du laga.
    Me skal i bryllaup palmehelga, men eg kan ikkje stille med så flott gåve.
    Men eitkvart skal dei få :)
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  18. Hei, Edny!
    For ei fin bryllupsgave! Jeg er spesielt svak for brettet og brikkene, antakelig fordi det er så praktisk i bruk. Og så er det alt som det er arbeid, kreativitet og omtanke i. Du sparer deg ikke. Imponerende!

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
  19. Kjempeflotte gaver du har laget!!
    Nyderlig mat :-)

    SvarSlett
  20. Så flotte gaver du har laget. Smart og lage flere brikker til fatet - da passer det jo så godt til flere anledninger :-)
    God helg

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...