Etter ønskje frå elevar og foreldreutval arrangerte Tøndergård skole og ressurssenter nyttårsball for første gong. Både gruppene og dei vaksne fekk kvar sine oppgåver, og eg kom i pyntekomitéen. Vi blei enige om at det skulle pyntast skikkeleg for å gjere stas på elevane. Ein assistent, som er såå kreativ og flink med mykje, fekk i oppgåve å lage plakat. Ho teikna og måla saman med ein elev, og plakaten blei kjempestilig.
Her er borda på formingsrommet fylt med flotte bokstavar i lange baner.
Og slik blei det til slutt med konturar, glitter,
murvegg
og edderkoppspinn.
Omkransa av ballongar, så blei plakaten eit skikkeleg blikkfang.
Gymsalen blei også pynta med lys, girlander,
tøffe og fargerike serviettar
og vasar med roser.
Ribbeveggen blei dekt med lys og papirroser.
Bord og stolar bakerst i salen, og lydanlegg og danseplass fremst.
Her kunne glade og stivpynta elevar bli foreviga.
Festen blei veldig vellykka, så dette blir nok ein tradisjon.
Polynese, dans, leikar, konkurranse og servering skapte stemning for både store og små.
Så gøy!
SvarSlettHeilt sikkert ei flott oppleving for dei som fekk vere med.
Fin ny veke!
Sikker på at dei kosa seg, flott plakat og pynt!
SvarSlettDette så herlig ut :) regner med at det var mange blide fjes!
SvarSlettEit flott tiltak som gir glede i lang tid framover.
SvarSlettKreativ pynting i salen, og ekstra kjekt med den fotokråa :)
Fin måndag frå Anne-Mari
Tror pynten var et viktig bidrag til den gode stemningen ;)
SvarSlettTror nok elevene på Tøndergård har det bra - bildene dine tyder virkelig på det. Artig tiltak som sikkert ble satt stor pris på. Jeg var forresten på cafe sammen med en av elevene der for en uke siden :).
SvarSlettSå bra! Det er viktig å pynte både seg selv og rommet! Det skaper fest-stemning og er starten på en vellykka fest. Godt jobba!
SvarSlettKlem fra Ingunn
Så flott pynting! Ja, kan tenke meg at dette gjorde festen ekstra vellykket! :D
SvarSlettFin innsats! :D