mandag 29. oktober 2012

Koppetvoge


Eg har hekla kant rundt ei kjøpt koppetvoge, som kjøkkenklut heiter her;) Har du lyst å ha eit kjekt lite arbeid, som kan bli nyttige smågåver, så tek eg med ei enkel forklaring.
Eg har brukt bommullsgarnet Pandora og heklekrok nr 3. Stikk kroken inn godt nedom kanten og hekle ei fasttmaske og to luftmasker rundt heile kluten.


I neste runde har eg hekla 4 stavar i annakvar opning (den første staven er erstatta av 3 luftmasker). For at det ikkje skal stramme rundt hjørna, tok eg ei luftmaske mellom stavgruppene rundt sjølve svingen. Bind saman med ei kjedemaske når du er ferdig med runda, og klipp av og fest trådane.
Det er faktisk same lila kluten som over, men farga ser heilt annaleis ut her!


Det er kjekkare å ta oppvasken når klutane er litt fine;)


Slik går det når eg reiser vekk ei veke utan å tenkje på at véret kan snu. No har eg eit utebord pynta med både skjell og hekladuk i is. Og slik må det berre stå til gradestokken stig. Det er no litt fint også;)

7 kommentarer:

  1. Så smart og flott med heklet kant rundt. :) Blir jo så mye finere med en gang..
    Ja, vinteren er her ingen tvil.. til og med her hos meg snør det i dag. Til veldig manges overraskelse som vanlig.. hehe. Mange lærer aldri, og snøen kommer som julekvelden på kjærringa hvert år..
    Ha en super kveld!
    Klem, Kristin

    SvarSlett
  2. Hmmmmmmm...jeg vet faktisk ikke opp ned på en heklenål:)
    Dette så kjekt ut og om noen som kommer min vei kan lære meg, så kanskje?

    Matkunsten i forrige innlegget ditt var helt imponerende!

    Fine høstdager til deg og klem fra meg!

    SvarSlett
  3. Så fin den ble med heklekanten.
    Ja ikke alle som har en så fin pynt ute :-)

    SvarSlett
  4. dette var jo bare så smart og fint :-)

    klem tone

    SvarSlett
  5. Kjempefine koppetoge Edny!! Den som bare kunne hekle....he,he:))
    Ha en fin dag:)) Klem

    SvarSlett
  6. De ble mye finere med heklekant.
    Ja vinteren har nok kommet. Jeg hadde min siste økt med å plukke inn blomsterkasser på lørdag.

    Astrid

    SvarSlett
  7. Flott med heklakant på tvøgå (sunnmørsk), det var ein lur ide:) Ellers kom vinteren litt brått, håpar det tinar bort for eg har mange store krukker stående ute. To av krukkene er hortensia i, håpar dei ikkje frys! Hadde planer om å plante dei i hagen, men rakk det ikkje....Var nemlig så heldig at eg fekk alle dei store krukkene til naboen, (dei har solgt huset og skal flytte i blokk). Snøen kom dagen etter at eg henta krukkene:(

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...