Eg har ofte sagt at eg vaks opp i fjøra. I timesvis kunne eg berre gå rundt i sjøkanten, løfte på tang og steinar på jakt etter småkrabbar, og ikkje minst på speiding etter skjell og andre skattar. No er eg over femti og kan framleis gå rundt i fjøra og drøyme meg bort. Den siste draumen handla om å sy panelar og dekorere med tinga eg plukka med meg. Som tenkt, så gjort.
Korleis eg laga bakgrunnane, skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg. Her viser eg meir detaljar, og den eine delen er dekorert med fjør. Eg har plukka ei heil korg med små og store fuglefjør.
Her har eg sydd ei fjør som bakgrunn for den ekte fjøra.
Nederst er fjøra berre sydd og stoffet er rufsa opp i kantane.
Nederst i kvar panel er det påsydd band og kokkelurar.
Tang, tare, småkrabbar og kråkebolle. Eg fekk eit tips om å koke tang slik at den blei grønn. Artig å eksprimentere med slikt. Her er eit lite spekter av sortar og fargar.
Og så likar eg godt å leike med ord, og finne dobbelttydingar;)
No har eg snakka ein del om å gå i fjøra, men jammen er det artig å skrive med fjøra også;)
Det heile er montert på rakved og har oppheng av eit tau, -som sjølvsagt er funne i fjøra:)
Véret her er så praktfullt for tida, og i går drøymde eg meg bort på min faste tur opp fjellvegen, og då var det idéen om eit produkt frå skogen som kom dalande. Det er no endå litt tid igjen til naturprosjektet mitt skal presenterast i mars, og eg har lyst å ha eit variert utval;)












