mandag 21. januar 2013

Ting og tang frå fjøra


Eg har ofte sagt at eg vaks opp i fjøra. I timesvis kunne eg berre gå rundt i sjøkanten, løfte på tang og steinar på jakt etter småkrabbar, og ikkje minst på speiding etter skjell og andre skattar. No er eg over femti og kan framleis gå rundt i fjøra og drøyme meg bort. Den siste draumen handla om å sy panelar og dekorere med tinga eg plukka med meg. Som tenkt, så gjort.


Korleis eg laga bakgrunnane, skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg. Her viser eg meir detaljar, og den eine delen er dekorert med fjør. Eg har plukka ei heil korg med små og store fuglefjør.


Her har eg sydd ei fjør som bakgrunn for den ekte fjøra.


Nederst er fjøra berre sydd og stoffet er rufsa opp i kantane.


 Eg plukka mange skjell med hol i, for dei er greie å sy gjennom;) Halve albueskjell er knytt inn i makramé.


Nederst i kvar panel er det påsydd band og kokkelurar.

 

Tang, tare, småkrabbar og kråkebolle. Eg fekk eit tips om å koke tang slik at den blei grønn. Artig å eksprimentere med slikt. Her er eit lite spekter av sortar og fargar. 


Og så likar eg godt å leike med ord, og finne dobbelttydingar;)


No har eg snakka ein del om å gå i fjøra, men jammen er det artig å skrive med fjøra også;)


Det heile er montert på rakved og har oppheng av eit tau, -som sjølvsagt er funne i fjøra:)

Véret her er så praktfullt for tida, og i går drøymde eg meg bort på min faste tur opp fjellvegen, og då var det idéen om eit produkt frå skogen som kom dalande. Det er no endå litt tid igjen til naturprosjektet mitt skal presenterast i mars, og eg har lyst å ha eit variert utval;)


søndag 20. januar 2013

Englar dalar ned i skjul, og vinnaren er...


Her kjem ein hærskare med englar for å utrope vinnaren i lotteriet mitt. Eg er heilt overvelda av responsen og alle dei fine og gode kommentarane. Til og med innlegg frå tidlegare elevar, så eg blir heilt varm om hjarterota. Velkomne til alle nye følgjarar!
Dette er ein julepost eg laga i 2004. Eg likte visst å eksprimentere med ulike materiale allereie då. 


Bakgrunnen er i lin og effektgarn. 
Det var 202 lodd å trekke mellom.


Før englane dalar i skjul, må dei få rope ut vinnaren av


denne engelen, som sit uti hagen og ventar. Eg trur den vil få det veldig godt med Anne, som har den nydelege bloggen Garden and Angels. Kan det passe betre??
Og til alle som gjerne ville ta imot engelen; Tusen takk for at du ville delta. Det kjem nye sjangsar seinare!
Ha ei riktig fin og kreativ veke!

lørdag 19. januar 2013

Kvisthjerter


Naturprosjektet surrar stadig rundt i hovudet mitt, og ein dag kom idéen med å legge små kvistar i hjerteform på eit stoff og sy. Prøvelappen blei limt på ein perm og markert med blondar rundt kanten. Inni her skal eg samle papir som har med prosjektet og stipendet å gjere. Her står permen på den tjukke isen i hagedammen. 


Kvistane er festa med sølvtråd som er sydd på kryss og tvers, og ytterkanten er markert med garn.


Dette hjertet er ikkje sydd, men berre tvinna av kvistar.


Det blei tatt med på gravplassen saman med eit fint hjerteglas til lys.


Min far ville ha fylt 90 år i dag. I april er det tjue år sidan han døde. Alt på grava har stått så fint i vinter. Ei gul rose blei festa til hjertet og plassert midt i kransen. No har mørket senka seg, men ved pappa si grav lyser det nok fint i i den stille og kalde vinternatta.

I morgon er det trekning av engelen min.


fredag 18. januar 2013

Kreativ med symaskin



Utruleg kva som dukkar opp etter nokre år. Det er ikkje alt av tidlegare handarbeid eg vil vedkjenne meg, men dette, som eg sydde på kurs med Pelse Asboe, er eg fornøgd med endå. Det er ingen tvil om når det blei sydd. No kjem eg på at eg la det vekk fordi eg ikkje blei enig med meg sjølv om montering.
Den store tujaen til høgre, var ein gong ei bitte liten busk i ei julesamanplanting. Den har stått fint med lys i adventstida i mange år, men dei siste åra blei den for stor til det. No får den vere med på bloggen som eit minne, for eg reknar med at den ikkje kan stå der så mykje lengre.


Kurset med Pelse var midt i blinken for meg. Det er den mest kreative med symaskin eg har møtt. Her er det brukt stoppefot, metalltråd og forsvinningsplast. Sjølve hovudstoffet er lin.


 Sying på metall er veldig dekorativt.


Her er det også brukt stoppefot og frihandssying på tyll, og forsvinningsplast.


Og så var det monteringa då... Det skal i alle fall bli gjort no. Hukommelsen er det vel best å ikkje seie så mykje om... Det heiter vel at det som ikkje er stjelt eller brent, kjem fram igjen.

mandag 7. januar 2013

Vil du vinne ein engel?


Tusen takk for at du besøker bloggen min, og for alle herlege kommentarar! Det berikar kvardagen min. Eg er glad i englar i ulike variantar, og eg har englar i alle rom. Det er slike skjønne skapningar, som vil at alle skal ha det bra.


No har eg designa ein engel, som ønskjer det aller beste akkurat for deg. Har du lyst at engelen skal komme heilt heim til deg? Då kan du melde deg på lotteriet mitt, og prøve lykken der.
Litt personlege fakta frå engelen sjølv: -Eg er mjuk og bøyeleg og kan finne meg til rette nesten overalt. Eg er glad i naturen, og har venger og pynt av kvistar og fjør. Handarbeid fenger meg, og håret er i fletter av oldermors finaste brodergarn.


Kjolen er sydd av ull og blondar.


 Her nyt eg utelivet frå ein stubbe.


Men du må ikkje tru at det er fred å få.


Kanskje like godt å klatre opp i treet igjen.


No veit du litt meir om meg. Vil du at eg skal bli din?
Ja, så send meg beskjed i ein kommentar under her då! (skriv navn / e-post om du ikke har blogg)
Så har du allereie 1 lodd.
Om du er, eller blir følgjar av bloggen, så får du 1 lodd til.
Og deler du denne give-awayen med andre, blir det endå 1 lodd;)
Då brukar du det siste biletet og linkar til bloggen.
Skriv kor mange lodd du tek; 1, 2 eller 3.
Søndag 20. januar blir det trekning.


søndag 6. januar 2013

Hekla hals og premiar


I dag er Heilage tre kongars dag, og 13. dag jul. 13.dags-Knut jagar jula ut, heiter det. Andre svergar til 20.dag. Det er både vemodig og godt å rydde ut jula, for det er så mange koselege og minnerike ting.  I romjula vann eg to give-away, som du kan sjå lengre ned. Og som eg lova i siste innlegg, så kjem eg snart med give-away og sjølvprodusert premie;)  Men sjølv om jula er over, så fekk eg endå ei gåve i helga! Snille Birgitte passar på at mor ikkje frys, og ho har hekla denne deilige kragen til meg i Drops Alpakka. Eg fekk plukke ut fargane sjølv.


Den går to gongar rundt halsen, og kan brukast både med og utan vri. Dei lyse knappane pyntar opp.


Tusen takk Birgitte! Denne blir nok mykje brukt;) Meir av Birgitte sin store og fine produksjon kan du sjå på bloggen hennar.


Og her kjem gevinstane mine! Eg fekk to kjempefine stoff, eit flott stoffmerke og eit koseleg englekort frå Bentes Quiltehage. Besøk den fine og inspirerande bloggen ho har! Tusen takk, Bente!


Cathrines Kreative Hjørne hadde ein kjempeflott julekalender i desember med mange luker og premiar, og eg var så heldig å vinne 1/2 års abonnement på bladet Familien! Eg likar veldig godt handarbeidssidene i Familien, så det er midt i blinken for meg;) Og bloggen til Helen Cathrine er absolutt verd eit besøk;) Tusen takk!

tirsdag 1. januar 2013

Mitt første bloggår er over



Vi skriv 2013, og det er tid for ettertanke og framtidshåp. Kvar har alle dagane med bekymringar og gleder i 2012 blitt av? Og kvifor rakk eg ikkje alt eg ville dette året heller? No tenkjer eg at det kanskje egentleg er sunt å ville meir enn ein greier å gjennomføre, for det vitnar om livslyst og håp for framtida.

Men ein ting har eg greidd i heile 2012, -og det er å halde liv i bloggen min;) Og det er takka vere alle som hjelper meg med å halde den i gang med besøk og gode og oppmuntrande ord! Det betyr veldig mykje! Eg blir også veldig inspirert av andre bloggarar, som eg stikk innom nesten dagleg. I periodar er eg flink å legge igjen spor etter meg, og det har eg lyst å bli endå flinkare til i det nye året.

Her er mitt aller første blogginnlegg. I løpet av året har eg hatt 154 innlegg, hatt 32.369 besøkande og fått 134 følgjarar og 1521 positive kommentarar;) Klart eg vil fortsette å blogge! 
Og jammen har eg lyst å feire det heile med ei gåve til ein av lesarane mine;) Kva det er, kjem eg tilbake med snart, for premien må lagast ferdig først;) Vil du delta, så er det berre å følge med.


På nyttårsbordet hadde eg også denne dekorasjonen, som eg var så heldig å vinne på ein blomsterdekorasjonskveld, som husflidslaget arrangerte for mange år sidan. Det var Liss frå Rakvåg blomster og gaver, som laga denne. Ho er så flink, men dessverre måtte ho stenge butikken. Den er sakna av fleire enn meg. Det er vel ofte slik at vi veit ikkje kva vi har før vi mister det. På små plassar er det ekstra viktig at folk støttar opp.


Kvar jul har eg eit nisselandskap i gangen. Det bli litt forskjellig frå år til, men regelen er at det er berre handlaga nisser som får vere der. I år fekk nokre porselensbarn vere tilskodarar.


Og denne jula fekk både fjøsnissen, grånissen og blånissen feire i lag, for eg ønskjer at alle skal respektere kvarandre og sjå det gode og positive i kvar enkelt;) Eg vel å tru det beste om folk til det motsatte er bevist, sjølv om eg har blitt skuffa nokre gonger. Og det trur eg nissene gjer også.

Eg ønskjer alle mine lesarar det aller beste i det nye året! Eg håper du vil vere med meg vidare;)




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...