fredag 30. desember 2016

Velkommen


Velkommen til oss, og veldig kjekt om du kjem på besøk i bloggen min også, 
sjølv om det har vore dårleg med oppdateringar det siste året. 
Men nytt år, og nye moglegheiter!


Eg likar så godt å ordne eit triveleg inngangsparti. I desse advents- og juleider
er det ekstra mykje å bruke også. 


Samtidig har eg satsa på ein vinterleg stil,
slik at det kan stå ekstra lenge. Men den ekte vinteren
har vi ikkje sett noko til endå.


Her er lys, hyller og figurar i kombinasjon med greiner og ting frå naturen,
som alltid vil følgje meg.


Nissemor lurer på kor nissefar har teke vegen.
Skal tru om småfuglane veit?


Rosene kosar seg ute i mildvéret, 
og merkar ikkje noko til regn og blest under overbygget.


Lite anar nissemor om at Snekkar Andersen og julenissen gjer 
hemmeleg avtale denne julekvelden.


Julekvelden blei stor for nissefamilien,som fekk besøk av ein ekte snekkar. 
Han laga både kjelke, dokkeseng, grautsleiv, og ikkje minst ein stokk til gamlenissen,
slik at han kan bevege seg over golvet. 


Heime med snekkaren forstod dei ikkje at det var den ekte julenissen som hadde vore på besøk.


Romjula og 2016 er på hell, 
men jula varer heilt til påske vel?
Men derimellom kjem visst fasten.....

5 kommentarer:

  1. Jeg er imponert av alt det flotte du har laget og pyntet trappen din med. Så mange flott detaljer. Ja, det er som å gå inn i et eventyr. Jeg har jo også gleden av å ha et av dine verk her hos meg. Ønsker deg et godt nytt kreativt år, og jeg gleder meg til å stikke innom bloggen din neste år også. :-)

    SvarSlett
  2. Så mange koselege ting å kvile auga på hos deg. Eg har ikkje pynta hos meg i år, for vi har vore bortreist i jula. Men no når vi har kome heim, så pyntar det fint opp med lys overalt i desse mørke og stormfulle tider. Godt nyttår til deg!

    SvarSlett
  3. Kjempefine dekorasjoner! Det er som å være i eventyret. Og ingenting blåste bort? Her er det grønne marker og mildvær, is i går og bart i dag.

    Godt nytt år fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Fantastisk koseleg velkomst for dine besøkjande. Dei blir nok ei stund i gangen og ser seg rundt før dei kjem vidare inn i stova.
    No er jula over, det er nyttårsnatt, snøen lagar ned. No kjem kanskje vinteren ?
    Ynskjer deg gode dagar i det bye året, og takk for fine stunder i det gamle. Det er alltid spennande å besøkje bloggen din og sjå dine kreative kunstverk.
    Helsing Anne-Mari

    SvarSlett
  5. Så koselig inngangsparti:) Ønsker deg godt nyttår:)

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...