lørdag 18. juni 2016

Sanna, -ein mester med detaljar


Av og til blir eg mektig imponert over kva elevane får til.
Sanna er ei som har gitt meg hakeslepp fleire gonger. 
I går hadde ho sin siste skuledag på Tøndergård, og på festen hadde ho 
ein powerpoint-presentasjon som viste den lyse dokka frå idé til ferdig produkt. 
I fjor imponerte ho oss med denne bruda, men den var egentleg berre ei prøvedokke 
for å finne ut korleis ho skulle lage den nye.


Eg har fått lov å lage eit blogginnlegg, og for å få fram alle detaljane, 
blir det mange bilder. Her har ho allereie laga mykje. 
Kroppen er klipt i fleire delar, vrengsydd, stappa og forma både foran og bak.
Genseren er nesten ferdig. No er det manikyren som står for tur.


Sjå på dette smykket! Ei kvit sommarfuglperle er malt med neglelakk i fleire lag for å få fram detaljane. 


Smykket blei deretter perfekt montert.


Når ho ikkje finn stoff som passar, så lagar ho sine eigne fargebad, 
Her er eit av lysbilda frå presentasjonen,


Det farga stoffet og kvitt stoff er klipt i strimler og sydd saman.
Så er det klipt ut delar til strømpene og vrangsydd. 
Det er ein kunst berre å vrenge så små ting. 
Mykje forarbeid og beregningar gjorde at dei passa perfekt.
Her har ho starta på underlaget til støvlane også.
Hodet er festa på, og hodenunnen er malt i same farge som garnet.
Kvart einaste hårstrå er sydd tett i tett.


Så formar ho ansikt av modelleringsmasse og festar det utanpå. 


Ansiktet blir måla på frihand, og detaljar lagt på etter kvar tørkeprosess.


Håret er s¨klipt og styla med utvatna decoupagelim for å få riktig hold i frisyren.
Til og med sløyfene er laga med den største presisjon.


Handsydd truse må fine damer ha.
Skjørtet er klipt i heilvolang i to lengder og lagt opp på maskin.


Og så kjem prikken over i-en, -støvlane.
Stoffet er farga for å få den rette looken, og dei er laga av mange delar.


Ho har slått i mange små maljar og tredd i snorer, 
Så har ho forma hælar av modelleringsmasse, limt på og malt. 
Det er berre Sanna som kan spekulere ut slikt.


Men jammen blei det eit flott resultat! 
Du kan tru det ligg mange arbeidstimar bak!


Her kjem nokre samanlikningar for å vise utviklinga frå prøvedokka.


Fingrane er sydd med maskin.


Flotte begge to, men den lyse er endå meir forseggjort.


Etter forestillinga, kunne publikum studere mesterverket i monteren.


Dokkene og eit måleri etter Edvard Munch. 
Det var mange lovord å høyre.
Du ser at ho har utvikla sin eigen stil.


Her er eg saman med kunstnaren. 
Vi har vore saman i forming i fire år, og eg har sett kor ho har utvikla seg. 
Lykke til framover, Sanna. Eg ønskjer deg alt godt og håper du får bruke dine designarevner. 
Og eg håper å få sjå nye ting du lagar.
Du er ein mester med detaljar, og gir deg ikkje før du har funne eigna metodar
til å få eit perfekt resultat.
HER er link til innlegget om bruda.


6 kommentarer:

  1. Wow så flott og mange fine detaljer, hun har ett talent hun kan være stolt av ja.
    Det er må være moro å følge elever med sånn kreativitet.

    God søndag til deg, her har det regnet i natt men vi trengte det.

    SvarSlett
  2. Du verden såå flott!! Og ho ser de små detaljene som gjør det så unikt !Virkelig flott laga :)Ønsker ho lykke til videre :)

    SvarSlett
  3. Noko SÅ fantastisk gjennomtenkt og dyktig gjort er sjeldan å sjå.
    Dette er kunst !
    Tolmod og nøyaktigheit + kreativitet gir resultat.
    Det må vere ei fryd å vere lærar til ein så flink elev.

    Ha ei fin ny veke.

    SvarSlett
  4. Tar av meg hatten for et utrolig imponerende arbeide utført av en ung jente. Håper hun fortsetter å bruke sin skaperevne også i framtiden.

    SvarSlett
  5. Fantastisk flott arbeid og resultat! Og veldig bra at du har dokumentert Sannas imponerende skaperevne! Hilsen Ruth,ppt- som har fulgt Sanna fra ho var lita jente i barnehagen:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggelig å få kommentar fra deg da! Takk skal du ha! Hun er helt unik på sitt område.

      Slett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...