søndag 19. april 2015

Moldejazzens far


Min onkel, Kikkan Sættem, fyller 85 år i dag. 
Han blir kalla Moldejazzens far, og eg fekk lyst å lage ei gåve med jazzpreg.


Denne flotte bronsestatuen, som står på torget i Molde, inspirerte meg.
Det er Jazzgutten, laga av Nina Due. 


Kikkan stod i bresjen for å få etablert Molde internasjonale jazzfestival, 
og den har sett Molde på kartet sidan 1961. 
Det var ikkje berre enkelt å få store artistar til ein liten by utan flyplass. 
Kikkan var festivalpresident i 20 år.


I over femti år har det vore jazztonar over Molde by,
og under festivalveka i juli er det eit yrande folkeliv..


Kikkan er bypatriot, og har betydd svært mykje for byen på mange område.
Rosenes by hadde nok ikkje vore den same utan han.


I dag trur eg jazzguten spelar ein bursdagsmelodi.
Eg gløymer aldri då heile jazzlosjen kom inn i Gildehallen og omkransa
heile festlokalet for å heidre Kikkan på hans 80-årsdag.


Jazzguten er like fin og trufast i både sol og regn.
Den står fjellstøtt og vil prege byen i all framtid.
Den blei gitt som gåve til byen i samband med Molde sitt 250-årsjubileum i 1992.


Gratulerer med dagen, onkel Kikkan!
Håper denne boksen med tennbrikettar vil hjelpe deg å halde varmen i mange år.

6 kommentarer:

  1. Jeg blir like imponert hver gang jeg er her inne på besøk. For en flott og kreativ gave, og ikke minst personlig. Er ikke i tvil om at han kommer til å sette pris på den :)
    Hilsen fra Anette

    SvarSlett
  2. Kjempeflott gåve til legenda Kikkan Sættem.
    Eg kjenner han ikkje personleg, men dei tre åra eg gjekk på skule i Molde for lenge lenge sidan, var han ein me beundra og likte godt.
    Gåva må vere midt i blinken !!

    Fin ny veke til deg.

    SvarSlett
  3. Så flott og personleg gåve!

    Gratulerer!!

    Fin veke til deg :-)

    SvarSlett
  4. Så fin. Denne blir han nok glad for :-)

    SvarSlett
  5. Kreativ, flott og unik gåve! :)

    SvarSlett
  6. Herlig dekorert og flott motiv :-D

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...