søndag 23. desember 2012

God jul til fuglane


Her stod det ei stor bjørk for nokre år sidan, og stubbane har vore stativ til blomsterkrukker. Men no er stammen innhol og mett av dage. Då fann eg ut at det var ein fin plass å sette fugleneket i. Det stod egentleg ganske stødig, men Ivar Hoel har spådd ny Dagmar 28. desember, så det var best å knyte neket fast i tilfelle han får rett.


Eg tok med ein Amaryllis på skulen for å måle vekst og følgje med i utviklinga. Det er mykje matematikk i blomster;) Eg har hatt mange Amaryllisar, og dei fleste får fire-fem klokker på kvar stilk. Men denne fekk faktisk åtte klokker, og det er no vel spesielt? Den velta før eg fekk ta bilete, så ei klokke ramla av. Og ei har ikkje sprutte ut endå.

No har eg berre ei natt igjen før julegåvene må vere ferdige, men eg kjem som oftast i mål... Tenkjer kvart år at eg skal starte tidleg, men får det ikkje til før det nærmar seg. Men eg kosar meg med juleaktivitetar i seine nattetimar. Det er så kjekt å lage små gåver og gi til andre.

Riktig god jul til deg som kikkar innom meg;)

7 kommentarer:

  1. Uff, eg håper ikkje det kjem ein ny Dagmar.Her tok den så sterkt, naboen fekk reve av mykje av taket sitt.
    Flott at fuglane også får seg ein ekstra godbit i jula.
    Litt av ein svær Amaryllus du har som det er 8 klokker på.Dei blir litt tunge i toppen og kan trenge ei aldri så lita støtte.

    Ønsker deg ei God Jul.

    SvarSlett
  2. Så koselig med julenek! Her har vi slutta med det, for jeg tror ikke fuglene her skjønner hva det er. Jeg har ikke sett en eneste fugl i de neka vi har hatt.

    God jul til deg! Håper du får mye besøk i neket!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Titter innom for å ønske deg og dine en riktig god og fredfylt jul. :)

    SvarSlett
  4. Julenek hører jula til! Og i år ser det til og med ut til at fuglene har skjønt vitsen! De spiser av det!
    Nydelig amaryllis! Det er alltid spennende å se hvor mange klokker de får. Flott å bruke i matematikk, da, du kan jo nesten se at de vokser. Jeg har en hvit med tre stengler, og det ser ut til at alle vil blomstre samtidig
    Ønsker deg en riktig god jul og et godt, nytt og kreativt år!

    SvarSlett
  5. Koselig at du også tenkje på fuglane.

    Velsigna Julehøgtid til deg og dine!

    SvarSlett
  6. Riktig god jul til deg også!
    Klem :)

    SvarSlett
  7. Fuglene er viktige, de skal ha det godt :)

    Må du ha en fortsatt god jul, og så håper jeg juleneket får være i fred for Dagmar eller andre sinte kjerringer :)

    Klem Inger

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...