søndag 6. januar 2013

Hekla hals og premiar


I dag er Heilage tre kongars dag, og 13. dag jul. 13.dags-Knut jagar jula ut, heiter det. Andre svergar til 20.dag. Det er både vemodig og godt å rydde ut jula, for det er så mange koselege og minnerike ting.  I romjula vann eg to give-away, som du kan sjå lengre ned. Og som eg lova i siste innlegg, så kjem eg snart med give-away og sjølvprodusert premie;)  Men sjølv om jula er over, så fekk eg endå ei gåve i helga! Snille Birgitte passar på at mor ikkje frys, og ho har hekla denne deilige kragen til meg i Drops Alpakka. Eg fekk plukke ut fargane sjølv.


Den går to gongar rundt halsen, og kan brukast både med og utan vri. Dei lyse knappane pyntar opp.


Tusen takk Birgitte! Denne blir nok mykje brukt;) Meir av Birgitte sin store og fine produksjon kan du sjå på bloggen hennar.


Og her kjem gevinstane mine! Eg fekk to kjempefine stoff, eit flott stoffmerke og eit koseleg englekort frå Bentes Quiltehage. Besøk den fine og inspirerande bloggen ho har! Tusen takk, Bente!


Cathrines Kreative Hjørne hadde ein kjempeflott julekalender i desember med mange luker og premiar, og eg var så heldig å vinne 1/2 års abonnement på bladet Familien! Eg likar veldig godt handarbeidssidene i Familien, så det er midt i blinken for meg;) Og bloggen til Helen Cathrine er absolutt verd eit besøk;) Tusen takk!

tirsdag 1. januar 2013

Mitt første bloggår er over



Vi skriv 2013, og det er tid for ettertanke og framtidshåp. Kvar har alle dagane med bekymringar og gleder i 2012 blitt av? Og kvifor rakk eg ikkje alt eg ville dette året heller? No tenkjer eg at det kanskje egentleg er sunt å ville meir enn ein greier å gjennomføre, for det vitnar om livslyst og håp for framtida.

Men ein ting har eg greidd i heile 2012, -og det er å halde liv i bloggen min;) Og det er takka vere alle som hjelper meg med å halde den i gang med besøk og gode og oppmuntrande ord! Det betyr veldig mykje! Eg blir også veldig inspirert av andre bloggarar, som eg stikk innom nesten dagleg. I periodar er eg flink å legge igjen spor etter meg, og det har eg lyst å bli endå flinkare til i det nye året.

Her er mitt aller første blogginnlegg. I løpet av året har eg hatt 154 innlegg, hatt 32.369 besøkande og fått 134 følgjarar og 1521 positive kommentarar;) Klart eg vil fortsette å blogge! 
Og jammen har eg lyst å feire det heile med ei gåve til ein av lesarane mine;) Kva det er, kjem eg tilbake med snart, for premien må lagast ferdig først;) Vil du delta, så er det berre å følge med.


På nyttårsbordet hadde eg også denne dekorasjonen, som eg var så heldig å vinne på ein blomsterdekorasjonskveld, som husflidslaget arrangerte for mange år sidan. Det var Liss frå Rakvåg blomster og gaver, som laga denne. Ho er så flink, men dessverre måtte ho stenge butikken. Den er sakna av fleire enn meg. Det er vel ofte slik at vi veit ikkje kva vi har før vi mister det. På små plassar er det ekstra viktig at folk støttar opp.


Kvar jul har eg eit nisselandskap i gangen. Det bli litt forskjellig frå år til, men regelen er at det er berre handlaga nisser som får vere der. I år fekk nokre porselensbarn vere tilskodarar.


Og denne jula fekk både fjøsnissen, grånissen og blånissen feire i lag, for eg ønskjer at alle skal respektere kvarandre og sjå det gode og positive i kvar enkelt;) Eg vel å tru det beste om folk til det motsatte er bevist, sjølv om eg har blitt skuffa nokre gonger. Og det trur eg nissene gjer også.

Eg ønskjer alle mine lesarar det aller beste i det nye året! Eg håper du vil vere med meg vidare;)




søndag 30. desember 2012

Handlaga julegåver


Til jul fekk eg mange fine og nyttige gåver. No vil eg vise dei handlaga gåvene eg fekk. Eg blir så glad for all tid og omtanke som ligg bak slike gåver! Denne fine lysposen har ei venninne sydd til meg;)


Og sjå den nydelege gåveposen det låg i, saman med eit herleg knappehjarte! Janne er så flink!


Og god hjelp fekk eg under fotograferinga også;)


Så fekk eg desse flotte vottane med flinke Birgitte. Ho passar på å kle opp mor si med god og varm strikking;)


Og så fekk eg faktisk endå eit vottepar! Til bursdagen min fekk eg to luer av henne, og no fekk eg tilhøyrande vottar;) Her kan du sjå lueinnlegget.


I dag var det lilla settet i bruk. Og trur du ikkje at eg kom over DET fine tréet på turen! Så då blei det nokre greiner med heim til prosjektet mitt igjen;)

fredag 28. desember 2012

Pose til pepperkakeformer


Har sydd ein pose til å oppbevare pepperkakeformer i.


På det applikerte hjertet har eg sydd tekst på maskin med frihand. Det er no triveleg med song til bakinga;)


Ein liten detalj i kvar side;)


Posen blei pakka saman med kakeboks og former, og eit par former fekk pryde gåva;)

tirsdag 25. desember 2012

Til bunaden



I mai skal mine tre yngste tantebarn konfirmerast. To av dei er jenter og skal ha bunad. Til julegåve laga eg litt utstyr til oppbevaring av bunadane. Her er posar til bunadsølvet. Inni ligg det ein tett plastpose, for sølv skal oppbevarast lufttett. Engelen på Amalie sin pose liknar litt på henne. Og på Sara sin pose er to englar, for ho er tvilling;)


Eg har sydd tekst og konfirmasjonsdato på frihand med maskin.



Posen er pynta med blonder og sølvpynt.



I bandet i kvar side er det festa eit sølvhjarte.


Til sjølve bunaden har eg dekorert ein kleshengar med eit decoupagemotiv. Den andre hengaren er til skjorta, og er hekla rundt.


Den hekla kleshengaren er pynta med eit glashjarte og ein charm med "made for an angel".


I tillegg til kleshengarane og bunadsølvposen, fekk dei ein lang klespose for å henge heile bunaden i. Eg tenkte egentleg først å lage dette til konfirmasjonen, men fann ut at det var greitt dei hadde den til å samle utstyret i etter kvart som det blei ferdig. Håper dette er med å gjere det litt ekstra kjekt å finne fram bunaden til festlege anledningar i mange år framover;)

søndag 23. desember 2012

God jul til fuglane


Her stod det ei stor bjørk for nokre år sidan, og stubbane har vore stativ til blomsterkrukker. Men no er stammen innhol og mett av dage. Då fann eg ut at det var ein fin plass å sette fugleneket i. Det stod egentleg ganske stødig, men Ivar Hoel har spådd ny Dagmar 28. desember, så det var best å knyte neket fast i tilfelle han får rett.


Eg tok med ein Amaryllis på skulen for å måle vekst og følgje med i utviklinga. Det er mykje matematikk i blomster;) Eg har hatt mange Amaryllisar, og dei fleste får fire-fem klokker på kvar stilk. Men denne fekk faktisk åtte klokker, og det er no vel spesielt? Den velta før eg fekk ta bilete, så ei klokke ramla av. Og ei har ikkje sprutte ut endå.

No har eg berre ei natt igjen før julegåvene må vere ferdige, men eg kjem som oftast i mål... Tenkjer kvart år at eg skal starte tidleg, men får det ikkje til før det nærmar seg. Men eg kosar meg med juleaktivitetar i seine nattetimar. Det er så kjekt å lage små gåver og gi til andre.

Riktig god jul til deg som kikkar innom meg;)

fredag 21. desember 2012

Engleskare


Eg blei så betatt av nokre små englar på ein utanlandsk blogg, men sjølvsagt finn eg ikkje den igjen. Men eg har prøvd meg fram, og lagar no slike englar på min måte. Her kjem ei forklaring om du også har lyst å prøve.


Eg brukar band med ståltråd i sidene. Til skjørtet brukar eg ein bit på ca 18 cm, brettar den i små foldar, som eit trekkspel. Så klipper eg av øverste del og stiftar saman på toppen. Då kan skjørtet foldast ut.


Til vingene brukar eg ein bit band på ca 13 cm, foldar som trekkspel og stiftar på midten. Då kan vingane foldast ut.


Så brukar eg limpistol, og limar vingane til skjørtet, og ei perle e.l. til hovud. Her er det ein bit streng i perla, og ein sølvtråd er festa i den igjen som oppheng. Til slutt har eg festa på eit hjerte til pynt. 



Og når eg først var i gang, så blei det fleire englar som dala ned i skjul.



Ein heil skare faktisk. Nokre har reist som julekort rundt om i landet, andre har enda som premie eller små gåver. Dei er små og søte, og får innpass med dei fleste:) Og kanskje kjem det ein for å ønskje deg riktig god jul også.
                                        

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...