Franciskas Vakre Verden har ei oppfordring og konkurranse gåande om å vise sitt uterom. Uterom, som andre rom, har ein tendens til å bli forandra av og til, og då er det kjekt å kunne sjå tilbake på korleis det var. Eg vil derfor ta med før og etter oppgradering av vårt uterom frå i fjor sommar. Eg nyt å vere ute når sola skin, og det er godt å sitte i ly når det bles.
Det er min handymann som har laga uteplassen, og så er det eg som står for stæsj og dill og dall;) Her har han bygd ei putekasse, som også kan brukast som sittebenk. Her er innlegget frå då eg trekte den opp.
Hagedammen ligg ved uterommet. Det lille, inntørka tréet bakerst, blei gjort om til
eit kunsttre. Det kan du kikke nærare på her.
Vi bur på Meieribakken, så då må vi sjølvsagt ha meierispann med blomster i. Denne står det namnet til min bestefar på.
Er véret surt, blir ikkje uterommet brukt, så i sommar bestemte vi oss for å sette inn glasdører der i staden for å dra på ferie. Her knipsa eg i full fart før arbeidet tok til.
Her er dørene klare til å bli satt på plass.
Og slik blei det etterpå. Og kvifor i all verda har vi ikkje gjort det før??? No kan det verkeleg brukast!
Når vi fyrer i peisen blir det varmt og triveleg i rommet.
Det er koseleg å sitte inne "ute" med levande lys og knitring frå peisen i naturstein.
Og ekstra kjekt er det med god mat og gode naboar på besøk;)
No kan det berre regne og blåse ute.
Og jammen er det stemningsfullt i hagen om vinteren også.
Her er ei oppfordring til alle årstider; "Slapp av og nyt hagen". Eg sat ute og las avisa i går, og jammen varma sola allereie. Ta ein kikk inn på den fine bloggen til Franciska! Der er det mykje fint å sjå;)




