tirsdag 18. desember 2012

Adventskalender til kollegaene



Eg likar veldig godt å lage små ting og gi bort i førjulstida. Denne siste veka før jul fekk eg så lyst å lage adventskalender til mine kollegaer. Dei er så mange at eg rekk ikkje å lage noko til alle, men eg ordna det som eit lotteri i staden, der dei som vil prøve å vinne ein av tinga kan melde seg på, og så blir to trekt ut kvar dag. Tre nøtter til Askepott er ei av gåvene. Vidare nedover er dei andre tinga.


Ein liten engel med utgangspunkt i eit sjokoladepapir frå fredagskosen.


To små englar laga av band.


Nålputer.


Boksar og glas med hekla trekk til lys eller diverse oppbevaring.
Nokre har allereie fått si gåve. Ho som fekk boksen med stjerne og lys, sa at ho skulle bruke den både inne, ute på trappa og ta med på tur og tenne lys i snøen ved bålet;)

Snart fyller bloggen min eit år, og då har eg lyst å gi gåver til mine kjære lesarar som legg igjen trivelege kommentarar. Det gjer meg glad;) Nyt dei siste adventsdagane!



fredag 14. desember 2012

Hemmeleg gåve til meg!


Eg blei den heldige vinnar av Tove sin hemmelege give-away i denne flotte eska. Ho har den fine bloggen Mosekonens puslerier, så besøk henne der! Veldig artig at vi begge har puslerier i bloggnamnet;)  Og så kjekt og spanande det var å få pakke frå Danmark!!


I posten kom ei stor eske, med mange fleire ting enn den hemmelege hjerteeska!! Det var klistremerker, glansbilder, oppskrifter, lakrismandler (som ho har oppskrift på i sin blogg;) drops, poser og kinesiske helsekuler/ yin og yang kuler.


Kulene låg i ei fin eske og lagar klokkelyd når dei rullar i handa. Dei skal virke helbredende på mange ting.


Og i ei julegåve var det ein brun tørka klump, som eg ikkje forstod kva var. Tenkte at ho sendte den med fordi ho hadde sett at eg brukar ting frå naturen i syinga;) (Her er "klumpen" akkurat lagt i ei skål med vatn.)


Men så opna eg eit fint ark, og der stod forklaringa. Det var Jerikos rose som låg i dvale, og det stod korleis eg skulle få liv i den igjen. Det var også ei artig forteljing om historia til denne ørkenplanta;) Her har den trekt vatn nokre timar. Det skal bli kjempekjekt å følge med i utviklinga!
Tusen takk for alle dei fine og kreative tinga, Tove!

torsdag 13. desember 2012

Koseleg blogg-gåve


Sjå alt det fine eg fekk av Margrethe gjennom bloggen Quiltegleder fordi ho fekk hjelp av eit tips eg gav!! Kjempekoseleg å få førjulspakke i posten;) Og i det fine heimlaga stjernekortet var det ei triveleg julehelsing.


Der var ei samanleggbar saks og ein hekla blomst.


Eit herleg lite nissepar med så fine detaljar. F.eks. lykta i handa til gubben, er av tråd og ei firkanta perle.


Ei lita symappe til handveska. Det er fine detaljar brodert på, men det er ikkje så lett å sjå.


Inni er det plass til ei lita saks, nåler og litt tråd. Og eg fekk no mange herlege fargar med brodergarn også;)
Tusen takk for den kjempefine gåva eg fekk, Margrethe! Eg anbefalar alle å sjå på alt det fine ho lagar. 
Bloggen hennar finn du her.

onsdag 12. desember 2012

Historisk dag


Hei! Må berre stikke innom ein liten tur for å markere den historiske datoen, og dette er vel siste gongen vi har slike magiske datoar i vår tid. Men vi får no 20.12.2012 snart då;) Det var rekordmange som gifta seg i dag. 53 par i Oslo, mot normal 3 til på ein vanleg onsdag, Og tenk på dei nye borgarane som ser dagens lys i dag;) Litt av ein fødselsdato dei kan skilte med!


Og magisk er det ute for tida også;) Om eg går berre nokre meter frå huset, føler eg at eg går rett inn i eventyrland.


Og alle lydar er pakka inn i vatt. Ta deg tid til å nyte stillheita i adventstida;)



søndag 9. desember 2012

Kaffifromasj


Her kjem mi oppskrift på Kaffifromasj som eg lova. Oppskrifta har eg fått av svigermor, og har vore laga mang ein gong. Den fell i smak hos både store og små.

Før du startar på sjølve fromasjen:
Legg 6 plater gelantin til bløyt i kaldt vatn, og sett 1 dl sterk kaffi til avkjøling.
Pisk eggedosis av 3 egg og 100 gr sukker.
Varm litt av kaffien og smelt gelantinen i den. 
Pisk blandinga i eggedosisen saman med resten av kaffien.
La det stå og tjukne litt. Snu litt rundt med ein slikkepott av og til, så ikkje kaffien synk ned.
Pisk krem av 4 dl fløte.
Grovriv eller hakk fint 1 plate kokesjokolade.
Bland det heile lett med ein slikkepott. Når det har stivna så mykje at kaffien ikkje synk ned, kan alt hellast i ei skål. Pynt gjerne med litt sjokolade.


Fromasjen blir lett og luftig, og forsvinn fort. Mange kallar den nok for Mokkafromasj.
VELBEKOMME


Eg er så glad for at eg knipsa kald kunst i naturen i går, for i dag tidleg var det ut og måke snø. 
Denne dompapen fekk plass ved inngangen i går, og har ly under taket. Riktig god 2. advent til mine kjekke lesarar! Nyt førjulstida og bruk dine kreative evner mellom andre gjeremål;)

lørdag 8. desember 2012

Vakkert


Plassen, som er det nye jazz- og kulturhuset i Molde, har eit nydeleg lysande tre i trappa som blikkfang.


Eg beundra det kvar gong eg kjørte forbi, og no ein dag måtte eg betrakte det på nært hald.  Sidan det er plassert høgt i den lange trappa, er det synleg både frå gatene nedanfor og ovanfor. All ære til den kloke hjernen bak dette kunstverket!


Vi har også hatt ein nydeleg haust og vinter så langt. Det har vore mange minusgrader og barfrost i lang tid. Og jammen har det gitt naturen mange kunstverk også!


Det er så praktfullt å sjå naturen i rimdrakt. 
Og ekstra fint er det når solstrålane får minusgradane til glitre.




Tenk at vanleg singel kan vere så vakkert.


Rimfrosne skiferheller.


Hagedammen er heilt botnfrossen.


Eg stod lenge og beundra naturens kunstverk i dag, og noko av det måtte forevigast.

torsdag 6. desember 2012

Julegåve på quiltemøte


I Molde Quiltelag brukar vi å kose oss litt ekstra på julemøta. Då er det god mat, mange gevinstar og julegåver til medlemmane. Eg er i styret, og i år tok eg på meg å ordne med julegåvene. Sidan eg er i naturmodus, måtte det bli litt greiner og kongler med også.


Eg ville vise ein aktivitet, og gåva var det dei trengte for å lage sjølv. Krystallhjerter, perler, lintråd, kongler og kvistar blei fordelt i sandkakeformer.




Det blei lagt i posar frå Kremmarhuset saman med eit mønsterark, og posen blei lukka med kleklype. kvist og fjør. På mønsterarket skreiv eg forklaring på cupcakenåleputer og Hjerteuro. Hjerta fekk dei klippe opp sjølve av lengder eg hadde sydd på førehand. Desse hjerta er raske å lage. Sy saman to strimler filt på den eine langsida. (9-10 cm breie). Snu dei to andre langsidene mot kvarandre andre vegen, og sy ein saum. Klipp så opp bitar på 1-2 cm, og du har mange hjerter;)


Gåveposane blei samla i ei kasse saman med andre ting eg skulle bruke den kvelden.


Bileta av modellane blei dårlege, men det er altså filthjerter, fjør, perler, kongler og kvistar som er festa på ein lintråd. Mange laga sin uro den kvelden, og andre ville gjere det heime.


I år ville vi prøve koldtbord, der alle hadde med eit bidrag kvar. Og du så mykje god mat det blei!! Eg hadde med Kaffifromasj. Det kan hende eg kjem tilbake med oppskrifta i eit seinare innlegg.


Eg hadde også med prøvelappar og ferdige produkt frå naturprosjektet mitt, og fortalte litt frå prosessen fram til no.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...