søndag 8. januar 2012

Vottar frå GOD MORGEN NORGE

Kvar desember deler TV2-programmet "God morgen Norge" ut Selbovottar til foreslåtte kandidatar. 
(Det stod forslåtte kandidatar før eg fekk retta det opp, men dei hadde no jammen fortjent vottar;)
I desember 2008 fekk eg ein overraskande telefon om at Birgitte hadde fått sitt ønskje oppfylt! Eg sat på hurtigbåten frå Molde til Vikebukt på veg til arbeid. Før ho ringte hadde eg fått meldingar der folk gratulerte meg med Selbuvottar, og eg forstod ingen ting med det same. 
Men du kor kjekt det var.

Få dagar seinare kom det pakke i posten med ekte Selbuvottar og brev frå "God morgen Norge". Dei to første bilda er henta frå den første bloggen til Birgitte, der ho hadde eit innlegg om det då. Den bloggen er verd eit besøk, for det er stor produksjon til ein 20-åring å vere.
 Ho hadde bloggen saman med ei venninne, men har dei fleste innlegga.

 Vottane har varma eit morshjerte mange gonger, og dei er nesten like fine etter 3 år.


Og så er det så artig at logoen er sydd på.

5 kommentarer:

  1. For noen fine votter Edny.Kjekt å få en påskjønnelse.

    SvarSlett
  2. Kjempefine votter Edny. Disse fortjente du.

    Astrid

    SvarSlett
  3. Du fortjente dei heilt sikkert, viser kor eit flott forhold du og Birgitte har:)
    Trine

    SvarSlett
  4. Morsomt å få sånne, flotte votter i bloggen!
    Gode og varme er de sikkert også!

    Velkommen som følger i mitt lille rom!

    Klem, Marianne.

    SvarSlett
  5. Det skulle selvsagt stå i POSTEN!! :_D

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...