torsdag 12. januar 2012

Måleri i barndomsheimen


I stua til mor mi er eit snart femti år gamalt måleri, som eg likar veldig godt. Det er spesielt og vekkjer mange minne. Det er måla rett på brannmuren av Olaf Raknes. Han hadde laga ei blyantskisse på eit ark. Med oss barna som publikum, måla han rett på murveggen. Eg var berre tre år, men det gjorde inntrykk, og eg var så imponert. -Og det er eg endå. Då han var ferdig å måle, ville han ha 50 kr i betaling, -men far min ga han 100 kr;) -Og det var det verd!!
Bror min fekk blyantskissa etterpå, og søster mi prøvde å etterligne motivet. Ho var flink å teikne. Men ei tid seinare skjedde det tragiske; -ho ramla ned og drap seg på ein fjelltur. Seinare fann eg ei teikning ho hadde laga av "Prinsessa på erta". Derfor har eg eit spesielt forhold til det eventyret, og eg prøvde å etterlikne den teikninga så mange gonger.
Eg vil alltid sakne henne;(


Det er så gode uttrykk. Stammen som gryta heng i, likar eg veldig godt.




Før stod det ei oljefyring framfor muren. Den er no erstatta av ein elektrisk peis.

3 kommentarer:

  1. For eit fint maleri!!!! Eg er skikkelig imponert av kunstnaren - og veldig glad i troll:)) Trist historie om søster di, det visste eg ikkje, men godt med gode minner!
    Takk for koselige kommentarer på bloggen min, men ruskeværspose det blir nok vanskelig hihi:)
    Trine

    SvarSlett
  2. Verdi fult minne detta Edny. . Kan ikke rive denne brantmuren. Trist å høre om søstera di.

    SvarSlett
  3. Å denna veggen e et skikkelig barndomsminne. Ikkje mange som har ein sånn på veggen i stua si.

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...