tirsdag 3. januar 2012

Før jula ryddast ut


 Gleder meg til å pynte til jul kvart år, og kvier meg alltid til det skal ryddast bort igjen. Synst det er vemodig, men jammen er det godt etterpå likevel. Her er nokre glimt av blomster eg har fått, og LITT av all julepynten eg har. Over er eit søtt julpynta tre i ei nydeleg englekrukke.


 Denne fine dekorasjonen i ei glasskål, fekk eg i adventstida. Duken har mor hekla til meg.


 Amaryllisen er flott, og den spratt ut på julaftan.



Og så fekk eg to nydelege julebukettar, som desverre ikkje blei foreviga. Men etter at visna roser og nellikar blei fjerna, er dei fine endå likevel;)


 Milleniumskula er artig å ta fram kvart år.


 Og det er koseleg å ha dette bamseparet i juletreet kvart år;)

Desse fine figurane var julegåve frå datter mi for mange år sidan. Dei er laga av så ørsmå nabbiperler, at eg greier ikkje å få tak på dei ein gong. Eg forstår endå ikkje korleis ho greidde det, og heller ikkje at figurane er heile og fine endå!

 Og denne fine puta stitcha ho til gåve eit år. Birgitte har eigen blogg og lagar veldig mykje fint.



Oppå skåpet i gangen har eg alltid eit nisselandskap. Det er berre handlaga nissar som får bu der, og dei kravlar overalt.




 Eg likar å skape litt stemning ved inngangen også. I adventstida klipte eg av to blå sviblar som var så sterke i lukta, og dei står like fine ute endå!

Og så er det kjekt med litt pynt på uteplassen også;)

2 kommentarer:

  1. Godt nyttår! Gratulerer, så kjekt at du har fått deg blogg:) Har kikka rundt her inne og såg både kjentfolk og meire til haha. Flott julepynting og eg er enig, det er litt trist å plukke det ned...
    Vi sjåast vel på årsmøte?
    Klem fra Trine

    SvarSlett
  2. Takk Trine;) Regner med at jeg kommer på årsmøtet. Og så har jeg meldt meg på i Bergen:) Skal du dit? Har angret slik på at jeg ikke drog til Tromsø i fjor;(

    SvarSlett

Eg blir utruleg glad om du legg igjen nokre trivelege ord i kommentarfeltet! Har du ikkje eigen blogg, kan du under "kommenter som", velge navn/nettadresse og skrive namnet ditt øverst, hopp over feltet med nettside, så skrive kommentaren og trykk publiser. Eller du kan velge anonym og skrive kommentar og publiser. Det er kjekt om du også skriv namnet ditt og evt. mail-adresse i kommentarfeltet, slik at eg kan finne deg;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...