Viser innlegg med etiketten nålepute. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nålepute. Vis alle innlegg

fredag 14. november 2014

Nåleputer med tekst


På søndag er det messe igjen, og då er det kjekt å ha med noko nytt. 
No blei det nåleputer med tekst.


Her er eit utval, og for meg er det viktig at ingen blir like, sjølv om stilen er den same.


Eg har brukt lappeteknikk, applikasjon og frihandsquilting.


Nåleputene er vatterte både på over- og undersida for å få ei god stikkeflate og for å ligge godt på bordet. I tillegg er dei stappa med vatt, og underst er det ris for å få tyngde.


Eg har også dekorert litt på baksida.


Eg gjekk tom for merkelappar, og prøvde meg derfor med ein anna sort som ga rask levering. 
Dei fungerte fint.


Her er siste vevde namnelapp, så no har eg bestilt meg nye. 


Dei som er ordna for å henge, er berre stappa med vatt.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...