Viser innlegg med etiketten Teskeikjerringa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Teskeikjerringa. Vis alle innlegg

mandag 21. juli 2014

Blåklokkevikua


Hjelp!! Det er berre to dagar igjen til den store 100 års-markeringa av min "far" Alf Prøysen. 
Og når det er på det travlaste, så blir eg lita som ei teskei igjen!!!!
Eg rakk akkurat å få blåklokkene i vasen før det skjedde denne gongen.


Blåklokkevikua startar på Prøysenhuset då, og eg er no ein av hovudpersonane! 
Korleis skal dette gå? Vi har no festival den tida kvart år på Prøysenhuset, men i år er det sjølvsagt ekstra, ekstra. Eg skulle ønskje at alle barn i all framtid får bli kjent med alt det flotte den mannen har laga.


I går skjedde det igjen! Eg skulle luke bort blomstrane som hadde visna i støvelen, og der blei eg til langt på dag. Mannen min kom heim og fann meg ikkje nokon plass i huset, så då leita han heldigvis ute. Takk og pris for det fine véret medan eg sat der. Så fekk eg no tenkt og planlagt ein del også, så opphaldet i støvla var ikkje heilt bortkasta.


På Prøysenhuset.no står programmet for Blåklokkevikua, og der står også: I Alf Prøysens forfatterskap er Blåklokkevikua den lange, varme høysommeruka, tida mellom de travle slåttonnene, med lek, ungeskrål, sverming i lyse netter, dans på sletta, dirrende forventinger, høyt spill og store fall. 

No håper eg at eg blir stor igjen raskare enn raskast, slik at eg bli ferdig med alt til den store dagen. 
Takk og pris for at eg fekk blåklokkene i vatn først i alle fall.

onsdag 1. januar 2014

HJELP! Er det 2014 allereie?


"HJELP! Er det 2014 allereie?  Då er jo Prøysenåret i gang, og eg har så mykje å stelle i stand!"


"I går blei eg lita som ei teskei då eg skulle ause opp potetene til nyttårssteika! Og så måtte den gode mannen min hjelpe meg nok ein gong. Heldigvis var det ingen av gjestane som merka at eg var borte. 


Eg søkte dekning i blomsterpotta til rakettoppskytinga var over. 
Skal tru om eg greier å halde meg stor under alle arrengementa som skal foregå i år for å markere at det er 100 år sidan "faren min", Alf Prøysen, blei født?"


Teskeikjerringa får nok mykje å styre med dette året. 100 år sidan sjølvaste Prøysen kom til verda, kan ikkje gå upåakta hen.
Men det skal heller ikkje toårsdagen til bloggen min! Det skal feirast med eit nytt blogglotteri;) 
Og kva du kan vinne denne gongen, skal du få vite i neste innlegg;)

Sidan eg starta å blogge 1. januar i 2012, har eg posta 236 innlegg, 206 har lagt seg til som følgjar av bloggen, over 80.000 har vore innom sida mi, og eg har fått nesten 3000 koselege kommentarar. 
Dette gjer at eg vil drive bloggen vidare dette året også;) Tusen takk til deg som oppmuntrar meg til å halde fram!


Året 2013 har gått forbi oss, men skosålen som "eg fann, eg fann", har fått nytt liv.
Naturprosjektet mitt er offisielt over, men eg veit at eg er ikkje ferdig med å bruke ting frå naturen i syinga. I siste nummer av Norsk Quilteblad var det ein reportasje om meg og prosjektet mitt, men det skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg.


Til nyttårsmiddagen i går fekk kvar enkelt ei barkestjerne og ei Askepottnøtt, som eg håper vil bringe lykke i det nye året. 


Mine ønskjer er at ALLE skal ha det bra, og føle seg trygge og betydningsfulle saman med andre. 
Det betyr ja til inkludering og rausheit, og nei til mobbing og egoisme.

Måtte også dei som sprer løgner og ondsinna rykter få det bra med seg sjølv, slik at dei sluttar å øydeleggje for andre.

"La oss bruke 2014 til å feire våre friheter med klokskap", sa kong Harald i sin nyttårstale.

"Vi som voksne må ta tak i mobbing blant barn og unge. En ødelagt barndom kan sette dype spor. En god barndom varer hele livet", sa statsminister Erna Solberg i sin første nyttårstale.

GODT NYTT ÅR TIL DEG!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...