Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oppussing. Vis alle innlegg

søndag 12. november 2017

Enkel og rask redesign.


Slik blei resultatet etter ei rask oppshining av krakk og trillebord.


Krakken før


-og etter. Har berre stifta på ein bit voksduk.


Plata bar preg av å ha stått ute, sjølv om det var under tak.


Den fekk også ein bit av voksduken.
Handtaka var rusta, og eg ville skifte dei, men det gjekk ikkje an, 
for festa var skjult.


Løysinga blei å vikle bast rundt handtaka.


No står begge tinga inni carporten, og blir brukt til litt krukker,
hageredskap og diverse ting og tang. 
Det enklaste er ofte det beste :-) Veldig fornøgd.


onsdag 20. september 2017

Husmaling og inngangsparti


Det er på tide å få litt liv i bloggen igjen. Eg startar med sommarens største prosjekt, 
som var husmaling. No er det ikkje gult hus meir.
Tre strøk maling tok si tid, men så var det ekstra kjekt å å ordne og stæsje etterpå.
Inngangspartiet fekk ny stil.


Prøvde å få ein maritim vri.


Termometeret hadde ei trollkjerring.
Ved hjelp av redesign, så blei det som nytt.


Fyrtårnet måtte jeg bare ha, og det var det som ga føringer for resten.
Den gamle krakken og hylla fekk maling, og eg plukka fram ting eg har samla på.


Døra og trappa blei også måla, og då måtte det ei ny dørmatte til.


Trappa er overbygd, så då mykje kan stå ute.


Denne krukka fekk litt spray, og blei finare enn ny.


Sommarfuglen har Birgitte måla, og mjølkespanna er etter bestefar.




Og endeleg fann eg ut korleis husnummeret skulle opphengast. 
Det skal eg vise meir i neste innlegg.







fredag 5. august 2016

"Nye" stolar


Eg kjøpte nokre brukte stolar,
og prøvde meg med nytt trekk.


Slik var utgangspunktet.


Nytt trekk gjorde susen.


Så då fekk eg plutseleg tre "nye"stolar.

fredag 28. juni 2013

Makeover av Ikeakrakk


Tidlegare har eg hatt eit par innlegg om formingsrommet på skulen, som er under oppussing. Der er nye reolar og innredning, og ein trekvit Ikeakrakk der toppen var merka "tilhører forming" med grøn sprittusj, kunne absolutt ikkje flytte inn. Så var det å bruke litt kreativitet på den då.


Først var det grunning og tre strøk måling både på krakk og papirreolar. Toppen av trinna hadde berre grunning, for dei skulle pyntast meir etterpå.


Så svartmåla eg kantane rundt trinna og inni opninga på toppen.


Trinna fekk decoupage med eit prikka papir. Etter at det var tørt, blei øvste trinn dekorert med fuglar og grein av stoff, og eit nytt lag med lakk. Stoffa er plukka ut frå dei eg applikerte på gardinene med.


Nå passar krakken mykje betre inn på "nyrommet".


Den har fått same type papir som eg hadde på skuffene på papirreolane,


-og eit par fuglar flaug ned frå gardinene.


Eg er endå ikkje ferdig med å sortere, plassere og flytte inn alt formingsmateriell, men det går framover, og eg trur rommet skal bli veldig bra. Du får sikkert kikke innom etter kvart som det utviklar seg:) Planen er å få til eit fint, praktisk, inspirerande og kreativt formingsrom, som skal stimulere og glede både elevar og vaksne:)



fredag 14. juni 2013

Rask makeover på lampe


Ein rask makeover ga ny lampe. Dette hadde stått på vent lenge, men hadde liksom ikkje funne ut korleis eg ville gjere. Men når eg først fekk idéen, gjekk det fort.


FØR. Skjermen var øydelagt, og så kjøpte eg ein på salg nettopp for å fikse eit eller anna. Men så blei den ståande slik då, styggare enn styggast, heilt til eg tok rev i segla. Kom heldigvis på å forevige den i siste liten.


ETTER: Foten har fått eit lag med svart spraylakk. Skjermen har fått eit lår av ein tights i svart stretchblonde, som blei kjøpt på salg ein gong pga av stoffet. Og no kom det til nytte:) Eg tredde buksefoten over skjermen, klipte av øverst og nederst, og limte så kantane rundt skjellettet oppe og nede. Til slutt limte eg eit band nederst på skjermen. Og eg blei så fornøgd! 


No er det mykje kjekkare å slå på lyset:)


onsdag 12. juni 2013

"Nye" papirhyller


I eit tidlegare innlegg skreiv eg om oppussing av formingsrommet på skulen. Og som det som oftast er med oppussing, så dreg det eine det andre med seg. Tidlegare hadde eg kjøpt små reolar til å ha farga papir i, men mot den nye innreiinga var dei ikkje fine nok, så eg tok malekosten fatt. Her er to av reolane ferdige, men det tok si tid før eg kom så langt.


Eg hadde seks ubehandla reolar som såg ut som tre/pressa papp.


Innimellom undervisning og andre oppgåver, måla eg litt no og litt då. Grunning og tre lag måling tok si tid. Det var mykje pirk med så mange og trange hyller.


Men eg blei veldig fornøgd med resultatet, så det var verdt det:) 
Fronten av skuffene fekk decoupage i fargar som går igjen i rommet.


Eg kom ikkje til innerst i hyllene, men det meste blir nok dekt av innhald.


Og denne reolen, som eg har vist før, er utgangspunktet for fargane på skuffene.


Her er hyllene fylte med farga kartong, farga kopipapir, mønstra papir og mosegummi. 
Planen er at småbitar kan lagrast i dei små skuffene.


No er dei plasserte oppå ein hyllereol med store ark. 
Dei små reolane rommar A4-ark, så dei er ikkje så store.


Meir og meir kjem no på plass, så det blir kjekkare for fuglane også:)

lørdag 9. februar 2013

Vis meg ditt uterom


Franciskas Vakre Verden har ei oppfordring og konkurranse gåande om å vise sitt uterom. Uterom, som andre rom, har ein tendens til å bli forandra av og til, og då er det kjekt å kunne sjå tilbake på korleis det var. Eg vil derfor ta med før og etter oppgradering av vårt uterom frå i fjor sommar. Eg nyt å vere ute når sola skin, og det er godt å sitte i ly når det bles.


Det er min handymann som har laga uteplassen, og så er det eg som står for stæsj og dill og dall;) Her har han bygd ei putekasse, som også kan brukast som sittebenk. Her er innlegget frå då eg trekte den opp.


Hagedammen ligg ved uterommet. Det lille, inntørka tréet bakerst, blei gjort om til


eit kunsttre. Det kan du kikke nærare på her.


Vi bur på Meieribakken, så då må vi sjølvsagt ha meierispann med blomster i. Denne står det namnet til min bestefar på.


Er véret surt, blir ikkje uterommet brukt, så i sommar bestemte vi oss for å sette inn glasdører der i staden for å dra på ferie. Her knipsa eg i full fart før arbeidet tok til.


Her er dørene klare til å bli satt på plass.


Og slik blei det etterpå. Og kvifor i all verda har vi ikkje gjort det før??? No kan det verkeleg brukast!


Når vi fyrer i peisen blir det varmt og triveleg i rommet.


Det er koseleg å sitte inne "ute" med levande lys og knitring frå peisen i naturstein.


Og ekstra kjekt er det med god mat og gode naboar på besøk;)


No kan det berre regne og blåse ute.


Og jammen er det stemningsfullt i hagen om vinteren også.


Her er ei oppfordring til alle årstider; "Slapp av og nyt hagen". Eg sat ute og las avisa i går, og jammen varma sola allereie. Ta ein kikk inn på den fine bloggen til Franciska! Der er det mykje fint å sjå;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...