Har lenge tenkt på å ommøblere soverommet, og vurdert dei nye utfordringane som følgjer med.
Men det blei veldig kjekt når ideane kunne setjast ut i praksis;) Pengar vi fekk i julegåve frå mor skulle brukast på prosjektet, og i januar er det mykje fint å finne på salg også.
Det eine eg har tenkt på, er sengegavl, for det hadde vi ikkje før senga blei flytta heller. Eg likar alt som er både fint og praktisk, -og helst noko som andre ikkje har;) ;)
Vi enda opp med å kjøpe 6 svarte og 6 lyse velurputer på Kid, og stifta dei rett på veggen i eit sjakkmønster. Det var ikkje så lett å få det både tett og fint, og i etterpåklokskap tenkte eg på at det beste hadde nok vore å stifte det på ei plate først... Men er uansett fornøgd med resultatet;)
Sidan farga på veggane er aprikos-oransj, fann eg ut at eg måtte halde meg til svart og lyst på interiøret. Over putene er det ei svart hylle, og leselys er skrudd opp under hylla. Desse lampene hadde vi frå før.
Det var nok krystallknappane som gjorde utslaget for putevalet, for dei passa til lysekrona vi kjøpte på Skeidar;)
Over senga er det ikkje ferdig endå, men du kan no få eit foreløpig glimt;) Har fleire planer her, så berre følg med;)
Blomsterranken frå Nille er spikra rett på veggen. ZZZ er frå Skeidar, og den hekla stjerna er kjøpt i den sjarmerande butikken
Fru Rosas Landhandel.
Etter ommøbleringa, kom senga heilt inntil skåpsida, og kvar skulle min stakkars mann legge frå seg bøker, klokke og briller?? På hylla over senga, blei både tungvint og for rotete. Det måtte vere noko som ruva lite, for det kan vere lett å stange borti i nattas mulm og mørke! Etter nokre dagar med spekulering og jakting på ei smart løysing, fekk eg ein lys ide på Kid! Dei hadde servietthaldarar i svart metall, berre å spikre rett inn i skåpet. Akkurat stor nok til ei bok! At eg ikkje hadde tenkt på det før. Tankane hadde vore innom bokstativ til kokebøker bl.a.
Eg kjøpte med to servietthaldarar for godkjenning, og dei kom opp saman med ei lita biletlist til klokka og brillene. Så no er det berre å velgje bok for kvelden, og sette seg godt til rette i den nye sengegavlen;)
Det kjem påfølgande innlegg frå soverommet seinare! Det må berre gjerast ferdig først;)