onsdag 29. oktober 2014

Tre nøtter til Askepott


Det er mange som har fast tradisjon med å sjå på "Tre nøtter til Askepott" på julaftan.
Eg har hekla hamsen tidlegare, og no kom idéen til korleis eg kunne bruke nøttene.


Dermed sendte eg fuglar for å hente nøttene. 
Dei er no Askepott sine gode hjelparar.


Flittige som dei er så plukka dei med seg fleire nøtter;)


Og då var det for meg å lage fleire versjonar.


Nokon likar sølv og andre vil helst ha naturfarga.


Så spørst det kvar fuglane vil finne vegen vidare med sine
"Tre nøtter til Askepott".


søndag 26. oktober 2014

Gode venner er som gatelys


Eg var invitert til middag til ei quiltevenninne, 
og då tok eg med meg servietten,
for teksta var så fin. 

"Gode venner er som gatelys langs veien. De gjør ikke avstanden kortere, men veien enklere å gå."

Det seier så mykje.


Servietten har eg overført til stoff og brukt som midtstykke på eit lite oppheng. 
Den blei utgangspunktet for dei andre stoffa som er sydd rundt.


Eg har brukt to av serviettdelane og sydd to teppe samtidig. 
Her ligg begge saman. Den eine delen er quilta. og den andre er ikkje det endå. 
Det er kanskje ikkje så lett å sjå her, men utrykket blir ganske forandra når det blir quilta.


 Under quiltinga har eg delvis fulgt mønsteret i stoffet, og delvis laga frie detaljar i tillegg. 
Eg har også sydd på fløyelsband og perler, og det heile er stramma opp med ein mørkare lukkekant.


Det same fløyelsbandet er brukt til hemper, og opphenget er festa på ei grein.


Ute er det storm og regn i dag, og med ein time lengre døgn i tillegg, 
så er det ein perfekt sydag. Kanskje rekk eg også å lage fleire ting til messa;)



onsdag 22. oktober 2014

Rosehjarte


No for tida har eg fleire prosjekt på gang, for eg vil ha litt variasjon i det eg skal ha på messa. 
På ferga og i sofaen er det hekling av roser, og i kjellaren er det sying og diverse utprøvingar. 
Eg satsar kun på eigen design.


Hjartet kan plasserast mange plassar,
som her på peishylla,



eller hengande på veggen.


Det blir nok fleire hekleroseprodukt frå meg. 
Eg prøvar ut ulike garntyper og måtar å lage rosene på.

Til slutt vil eg seie tusen takk for alle dei fine kommentarane på forrige innlegg. 
Det varmar og inspirerer til vidare produksjon. 
No har bloggen faktisk runda 150.000 sidevisningar. Det gir meg lyst til å blogge vidare.

søndag 19. oktober 2014

Det er i motbakke det går oppover


Eg er veldig glad i å bruke tekst på det eg syr, og helst skal det ha ei meining. 
Her har eg prøvd å lage ei konkret tolkning av uttrykket 
"Det er i motbakke det går oppover." 
Dei fleste opplever at ting er tungt og vanskeleg av og til, men etter å streva seg gjennom motbakken, blir det heldigvis som oftast lysare og lettare. 
Enkelte har meir livserfaring enn andre i så måte, og det er vel dei personane som lettast kan 
setje seg inn i andre sine situasjonar også.


Toppen kan av og til verke uoppnåeleg får ein startar på den vanskelege motbakken.


Men om ein tek eit stykke om gongen, kan det bli lettare å komme i gang.
Då legg ein også meir merke til detaljar og lyspunkt.


Og når ein når toppen, er livserfaringane rikare, og nye moglegheiter opnar seg.


For kvart steg oppover, blir det stadig meir som ligg bak.


Det er godt å vite at det alltid finst lysningar som gjer vegen lettare å gå.

Eg lagar ting til messe no, og kanskje kan dette bety noko for andre.


lørdag 18. oktober 2014

Oppbevaringsbokser DIY

Nataliya har oppretta ein blogg som heiter DIY Norge. Kjempeflott tiltak, og eg vil oppfordre alle om bidra der. Tenk kor mange gode idéar det kunne ha blitt til saman! Ho kan også legge til din blogg om du ønskjer det. For oktober har ho ei utfordring som heiter fargar, og her er mitt innlegg dit.
  

For ei stund sidan viste eg nye boksar og hyller på hobbyrommet. 
Her er to av boksane og ein tapetrull. For å friske opp ein gul Ikea-boks og ei skoeske, har eg klipt bitar av tapeten og limt på. Enkelt og kjapt. På skoeska var det naturleg for å skjule lappar som var på den, og på den andre boksen var det kun for å dempe gulfarga og for å få litt stil.


Slik blei det i hylla. All slags pair kan sjølvsagt brukast. Eg brukte tapet berre fordi eg kjøpte den samtidig med boksane.


Bak klokka har eg lagt inn ein bit av same tapet. 
Opprinneleg skulle det vere små bilder inni firkantane. 
HER er innlegget frå før klokka kom på veggen;)


fredag 10. oktober 2014

Hold varmen med fyringshjelp


Fyringssesongen er snart i gang, og tennbrikettar er til god hjelp for å få fyr i omnen.
Eg har dekorert ein ny boks,for det er viktig å halde varmen.
Furukvisten har fått nåler ved hjelp av frihandsquilting.
Ugla er applikert på.


Furukongler er festa til hyssinbandet.


Bak er det eit band og min merkelapp.


Eg har blitt glad i å sy på furukvistar.


Ugla vaktar i skogen og oppfordrar alle om å halde varmen.



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...