Viser innlegg med etiketten Stitceri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stitceri. Vis alle innlegg

lørdag 4. februar 2017

Hemmeleg


Eg er leiar i Molde Quiltelag, og har i snart fire månadar hatt regien 
med å førebu ei hemmeleg gåve. Alle medlemmane fekk utfordringa
med å sy ei hjerteblokk på 9,5x9,5", og levere i smug på eit av quiltemøta. 
Her er den eg laga.


Alle var så positive og likte idéen, og det kom inn så mange fine hjerteblokker i svart og rødt.
Dei blei lagt i ei eske, med silkepapir over, slik at alt ikkje blei avslørt med ein gong. 
På toppen låg ein pose med hjertedrops og ein papirrull.


Og heldigvis hadde vi klart å gjennomføre dette utan at Ruth hadde fatta 
at noko var på gang. Ho blei både satt ut, overraska, rørt, glad og overvelda.
 På denne måten ville vi vise vår store takk for at ho har stått åleine på kjøkkenet
og laga mat til oss på kvart einaste quiltemøte gjennom heile året. På eige initiativ.

Etter at seansen var over, hengte vi opp alle blokkene slik at alle fekk sjå. Så mange fine, og
utruleg kor ulike dei blei. Teknikken var fri, og her er det sydd både for hand og på maskin, 


Det heile starta med at eg sendte ein e-post til alle i laget, utanom Ruth då. 
Alle fellesskriv ho ikkje hadde sett, limte eg opp på ark og rulla saman.


Og inni hjerta står ein del av dei fine kommentarane som kom undervegs.


Fekk knipsa nokre av blokkene før alt blei pakka ned. 




Denne nydelege blokka skilte seg ut. Takk for kaffe og mat på fat, står det. 
Den er laga av Trine Rønneberg, med bloggen Trines Hobby.
No gleder vi oss alle til vi får sjå kva Ruth lagar av blokkene ho fekk.
Ho blei utfordra til å sy eit slumreteppe.




onsdag 11. april 2012

Puteutfordring


 
Mor Inger`s Hus tipsa om puteutfordringa til Fabelaktig, "Vis meg din favorittpute". Du kan sjå den fine bloggen til Fabelaktiv og lese meir om utfordinga her.

Mor Inger viste ei nydeleg pute som mor hennar hadde laga. Eg vil vise ei pute som datter mi har laga;) Den var julegåve frå Birgitte for vel fire år sidan, og er så nydeleg utført! På bloggen ho hadde då, skreiv ho dette;

Til mamma og pappa så har jeg sydd en julepute. Denne ideen fikk jeg etter å ha kikket i en panduro-katalog. Her har jeg stitchet et Tilda-motiv med engler i ulike nyanser av rosa. Skriften over "mercy and bright" har fått en brun farge. Jeg har brukt et rødt stoff innerst for å ramme inn stitcheriet, og et lysebrunt stoff med røde detaljer ytterst.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...