Molde Quiltelag tok sommarturen til øya Gossen i Aukra kommune i år. Paktfullt vér danna ramma rundt ein opplevelsesrik, triveleg og inspirerande dag. Vi starta på Galleri Milda, og her skal du få eit lite innblikk derifrå. Vårens Kunstutstilling:
Gjestekunstner Hennie Henriksen , fra Grimstad. Akryl på lerret , diverse teknikker, deltatt på en rekke utstillinger i inn og utland.
Keramikk laget av Gunnvor Tangrand, Vevang. Bruksting og skulpturer.
Kunstglass fra Camilla og Jarle Knapstad, Kristiansand.
Keramikk laget av Gunnvor Tangrand, Vevang. Bruksting og skulpturer.
Kunstglass fra Camilla og Jarle Knapstad, Kristiansand.
Milda har sin egen avdeling med mye nytt og spennende, både akryl på lerret og ”digigraphie trykk”.
Her er det flotte paret som eig og driv Galleri Milda, Milda og Odd Varhaugvik. Eg fekk lov å lage blogginnlegg frå besøket. Eit veldig hyggeleg vertskap.
Uteområdet var også ei utstilling i seg sjølv. Vi vandra rundt både inne og ute. I hagen dukka det stadig opp ting. Bordfoten her ser eg er laga av den same symaskina, som eg fekk etter bestemor.
Nede ved sjøen var ei lita hytte, som sjølvsagt hadde kunst både inne og ute.
Fleire plassar var det fine plassar å slå seg ned.
Berre blide skapningar overalt.
Tenk å ha ein slik bolig oppi tréet då!
Inne i huset var det minst like inspirerande. Måleria er Milda sine verk.
Snakk om koseleg kjøkken.
Utsikt frå nydelen av huset til gamledelen.
Det var kust overalt. På verandadøra,
på badet
og over oppvasken.
Både kjøkken og spisestue var i blått.
Og om ikkje alle inntrykka herifrå er nok, så er utsikta ein stor inspirasjon i seg sjølv. Etterpå drog vi til muséumsbygget Løvikremma for å sjå eit teppe som var brodert av ein damegjeng for 100 år sidan, og så i eit flott naust der vi spiste fiskesuppe og kosa oss. Marianne hadde stått på og ordna det så flott for oss på alle måtar. Tusen takk til henne og dei andre quiltesøstrene for eit triveleg samvær.
Om du vil sjå meir frå turen, så har eg laga dette innlegget på bloggen til Molde Quiltelag.