Viser innlegg med etiketten Engler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Engler. Vis alle innlegg

mandag 20. november 2017

Englekrans



En av ullenglene mine har flyttet inn i konglekransen.


Hekleroser og ullkuler er oftest med i mine kranser.
Og engelen hjelper meg å plukke kongler :-)


Jeg tror jeg må lage flere englekranser, 
for denne har fått ny eier.

fredag 27. oktober 2017

Strikkande englar


No har konglekransane fått seg ein strikkande engel.



Det går ikkje an å liggepå latsida.


Kjekt med litt selskap.
Dette er også min eigen design.


tirsdag 24. oktober 2017

Englar i fleng


Det blei fleire englar når eg først var i siget.
Passar på at ingen blir like, og at alle får sitt eige uttrykk.


Det blei nokre som kan stå. 
Hode og armar er laga først, og så formar eg kjolen.





Dei er litt forskjellige frå baksida også.


Fleire hengande englar blei det også.
Denne har fått silkekjole, men resten er ull.




Så får vi sjå kvar dei finn vegen til slutt.


søndag 15. oktober 2017

Tid for englar


Eg fekk lyst å prøve å lage englar av ull. 
Her er dei første resultata, og alle er ulike.


Den aller første.


Den fekk lette perlevenger.


Så blei det ein skikkeleg kvardagsengel. 


Belte og hårband av lin, og kvistvenger.


Denne har pynta seg meir.





Fleire har blitt til no, og dei har også sine eigne uttrykk. 
Plutseleg kjem nok dei også innom bloggen.

fredag 21. april 2017

Årets tristaste dag


21.april er ein trist dag i vår familie. Den siste dagen min søster var 13 år,
mista ho livet på fjelltur. På 14års-dagen blei ho lagt i kista.
Denne vakre brikka med hardangersaum har ho brodert. 
Den er eit kjært minne for meg.


Rundt bestemor si symaskin har eg både englar og gode minner.

 

Der ligg også denne nydelege brikka.


Fint og nøyaktig brodert, og med holsaum rundt falden.
Ho var så flink trass sin unge alder.


Eg tok med ein blomsterbukett til min mor i dag.


Ho hadde tent lyset i denne, som er laga som minne.


Så var eg på grava og planta litt blomster. 
Det er ikkje så mykje som tåler å vere ute endå, 
men det blei fint.



Sorga vil alltid vere der. Godt å kunne minnast. 
Dette innlegget laga eg eit tidlegare år.

søndag 8. januar 2017

Englar i redesign.


Til jul fekk eg desse sjarmerande englane av snille Janne. 
Ho kjenner meg, og veit at eg likar både englar og redesign.
Dei fekk plass i kjøkkenglaset, og har vore 
vitne til mykje vér, -både regn, snø og blåst. 
Det er altså ikkje sola du ser bak i skogen.


Englane er laga av gamle dukar, 
og har verkeleg si personlege sjel.


Og baksida er frå ei blondegardin.


No er englane tatt ned, men skal absolutt få sin plass til advent. 
Denne skjønne snømannen hadde min snille svigerdatter laga til oss i fjor. 
No har han kosa seg saman med englane. 
Eg likar så godt vintermiljø, så den skal få vere her ei stund til.. 


tirsdag 29. desember 2015

Handlaga gåver


No skal du få sjå dei fine handlaga gåvene eg har fått til jul.
Frå Birgitte fekk eg eit kjempefint englebilde.


Nydelege fargar og stoff. Ramma er sydd i ulike stoff og med tittekant. 
Bildet er stramma opp på ei lerretsramme, men det kjem ikkje fram her. 
Engelen er hennar eige design.
Alt Birgitte lagar er så delikat og fint utført. 
Mykje av det kan du sjå på bloggen hennar Handmade by BiR.


Min svigerdatter kom med denne skjønne snømannen.


Og mor hennar har hekla dette flotte opphenget.


Denne nydelege engelen låg i pakken frå ei venninne.


Denne herlege nissen fekk vi også, 
Skjegget skjuler den strikka og tova kroppen.


Eg var av dei heldige som fekk julestrømpehelsing 
med nissesjokolade frå Birgitte. 
I dette innlegget kan du sjå dei andre fine strømpene også. 


Englebildet har kome på veggen, 
under det lille skapet med barna sine første sko i. 
Tusen takk til Birgitte og dei andre for veldig fine gåver.


søndag 6. desember 2015

Førjulstid


Den siste boka eg har fått som hobbyambassadør, er Førjulstid av Tone Merete Stenkløv og Miriam Nilsen Morken. Framsidebildet er akkurat i mi gate, og sidan eg er så betatt av pinnar og kvistar, såg eg veldig fram til at boka skulle lande i postkassa.
No var det ikkje så mykje kvistar inni boka, men veldig mange fine og koselege ting og gode idéar over 169 sider, så eg blei i alle fall ikkje skuffa.
Denne boka skal få følgje meg gjennom 2016 og inspirere meg fram til neste jul. På sida til Hobbyklubben går det an å bla i boka for å få eit inntrykk. Anbefalast!


Kvistar og natur var også med meg på Rådhusmessa i Molde.


Ugleopphenga er årets idé, 
og konglekransane laga eg for første gong i fjor.  
No er eg spent på kva idé eg får neste år.


Ingen blir like når naturen styrer.


Kvistenglane var ein idé som dukka opp då eg jobba med Naturprosjektet mitt i 2012/2013, 
Alle får si personlegheit her også.


I denne førjulstid så blir det litt pynting og dilling. Men kvar skal ein gjere av ting, når adventspynten tek over? Bjørkekransen med roser og husbjelle heng på ytterdøra til vanleg, men måtte vike for lyskransen. Men så prøvde eg å henge den utanpå det hekla hjertet på døra til badet. Til saman blei dei no riktig bra, så då blei det eit lagringsproblem mindre;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...