Tidlegare har eg hatt eit par innlegg om formingsrommet på skulen, som er under oppussing. Der er nye reolar og innredning, og ein trekvit Ikeakrakk der toppen var merka "tilhører forming" med grøn sprittusj, kunne absolutt ikkje flytte inn. Så var det å bruke litt kreativitet på den då.
Først var det grunning og tre strøk måling både på krakk og papirreolar. Toppen av trinna hadde berre grunning, for dei skulle pyntast meir etterpå.
Så svartmåla eg kantane rundt trinna og inni opninga på toppen.
Trinna fekk decoupage med eit prikka papir. Etter at det var tørt, blei øvste trinn dekorert med fuglar og grein av stoff, og eit nytt lag med lakk. Stoffa er plukka ut frå dei eg applikerte på gardinene med.
Nå passar krakken mykje betre inn på "nyrommet".
Den har fått same type papir som eg hadde på skuffene på papirreolane,
-og eit par fuglar flaug ned frå gardinene.
Eg er endå ikkje ferdig med å sortere, plassere og flytte inn alt formingsmateriell, men det går framover, og eg trur rommet skal bli veldig bra. Du får sikkert kikke innom etter kvart som det utviklar seg:) Planen er å få til eit fint, praktisk, inspirerande og kreativt formingsrom, som skal stimulere og glede både elevar og vaksne:)