Viser innlegg med etiketten Give Away. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Give Away. Vis alle innlegg

torsdag 1. januar 2015

Måtte 2015 bli eit godt år.


Nytt år og nye moglegheiter heiter det. Her er eit lite snitt av nyttårsbordet vårt. 
Englar og blomster skal få prege det første innlegget om mine tankar for året som ligg ubrukt framfor oss.
 2015 er Friluftsåret. Det betyr vel at eg bør bli flittigare med utflukter i naturen. 
Eg kjem heilt sikkert til å sanke både kvistar og meir i naturen i år også.

På Wikipedia står det at 9. april er det 75 år sidan Tyskland invaderte Noreg. 
Eg vil heller fokusere på at 8. mai er 70 år sidan krigen slutta her i landet.
Måtte det bli fred for alltid for alle, sjølv om eg veit at det er ein ønskjedraum.


Vi var fem til bords i går kveld, og det stod pinnekjøt på menyen. 
Dessverre så er det ikkje alle som kan spise seg mette eller kose seg i eit varmt hus.


Eg likar å pynte bord, og denne gongen blei det turkis, lilla, sølv og natur i tillegg til det lyse. 
 Og alle fekk ei rose ved sin kuvert.


Måtte det bringe lykke og at ingen opplever vonde ting, sjølv om eg veit at det er for godt til å vere sant. Både kong Harald og statsminister Erna Solberg hadde fokus på mobbing i sine nyttårstalar.


Det er viktig både å sjå og bli sett, 
og det er viktig både å hjelpe og få hjelp.


Hyllene i gangen fekk litt ekstra pynt. 
Alle bør være trygge og føle seg vel saman med andre.


Tulipanar frå eit vennepar er omkransa av englar. 


Eg laga ein del dekorasjonar som gåver, og ein til å ha sjølv. 
Denne skulle liksom vere på nyttårsbordet, men det blei gløymt til eg hadde fylt opp med andre ting. 
Men den gjorde seg bra på hylla i sittekroken også. 

1.januar for tre år sidan blei bloggen min starta, så det betyr at det er bloggbursdag i dag;) 
Det er så kjekt å sjå tilbake på hendingar og ting eg har laga. 
Og for seinare vil eg ta med dagens status:
303 innlegg, 3633 positive kommentarar, 
235 følgjarar og 165.000 sidevisningar. 

Tusen takk for at du er med og held liv i bloggen min! 
Det gir inspirasjon til å halde fram, og kvar einaste kommentar gleder meg. 
Eg ønskjer deg det beste for året vi har starta på!

Og kanskje kjem det ein give-away når det lir på også;)





søndag 7. september 2014

Premiar både hit og dit


Norsk Quilteforbund ønskjer småting som premiar på lotteri dei skal ha på Norsk Quiltefestival på Gardermoen og Jule-Expo på Lillestrøm. Molde Quiltelag skal sende nokre ting, og eg tok med ei frisk nålepute. Det kan vere nyttig for dei som ikkje quiltar også;)


Ja, berre stikk den;)


Denne toalettveska blir også med. 
Den er stødig og er sydd av eit quilta stykke av japanske stoff.


Dekoren er eit stoffbilde, blonde og ei hekla rose.


Og så har eg fått premie også! Ei strikkebok med mønster på klutar, to maskehaldarar og eit koseleg kort frå Rigmor Volden. Rigmor har ein fin og variert blogg som heiter Hverdagssysler. Stikk innom og bli inspirert!


Tusen takk, Rigmor! No kan eg strikke klutar til premie;) Og premien min passa så godt her;)
Eg håper det endå kan bli mange fine dagar i hagen. Hausten har i alle fall hatt ein fin start her.





torsdag 31. juli 2014

Innpakning og premie


Eg likar å lage innpakning som passar til gåva, 
og slik blei pakken med tennbrikettboksen frå forrige innlegg. 
Ein stor gråpapirpose med helsing, band og store kongler. 
Hald varmen, var budskapet;)


Boksen passa heldigvis inn med paret, som faktisk har mange vedfyringar i huset;)
Det var så kjekt å besøke dei og sjå kor fint, praktisk og koseleg dei hadde ordna det.


Og då eg kom heim, låg det faktisk pakke og venta på meg også:) 
Snille Sigrid hadde trekt ut meg som vinnar på bloggen sin, Refleksjon på livsvegen
Besøk den koselege bloggen! Ho er veldig flink å skrive og ta bilder som passar til.


Praktiske duklodd er kjekke å ha. Og eg reknar med at det blir mange fine sommardagar endå.


Tusen takk, Sigrid! Eg trur du veit at eg er glad i både stein og hjerte, -og i god mat på bordet;) 


mandag 30. juni 2014

Vinnaren er klar


Tusen takk til alle som ville vere med på blogglotteriet mitt. 
Alle som har kommentert og delt både på blogg og på facebook, har fått sine lodd. 
Nummer og namn var notert på lange lister
Eg kjente spenninga i magen då eg lot random.org stå for trekninga for 
eit tilfeldig tal mellom 1 og 194. 
Det landa på 72, og der stod det Birthe. 

Ho står bak den flotte bloggen Birthes rom, og der er det så mykje fint!

Eg sender deg skiltet med glede når du kontaktar meg, Birthe. 
Min lille engel vil nok like seg godt med deg;) 

Og eg skulle ønskje at eg kunne sende ein engel til fleire, men det må nok bli ein gong seinare. 

Problemet eg hadde med visning av andre bloggar, har heldigvis ordna seg. Forstod at det var noko som fleire hadde merka. 

Riktig god sommar til alle som kikkar innom. Eg blir veldig glad for alle besøk, og ikkje minst for hyggelege kommentarar.

lørdag 28. juni 2014

Snart trekning


Minner om at det snart er trekning på min give-away. 
Alle som kommenterer og deler før kl 22 på måndag, blir med på trekninga. 

HER er opplysningane. 

Husk å skrive namn eller kontaktinfo om du ikkje har eigen blogg, 
slik at eg kan nå deg om du blir den heldige.

søndag 22. juni 2014

Vil du vinne dette skiltet?


Endeleg fekk eg ferdigstilt dette opphenget, som eg vil gi til nokon som har lyst å vinne det. 
Det er eigen design, og ingen som har maken. Eg lova ein give-away då eg runda 100.000 sidevisningar på bloggen min, men så gjekk eg visst i dvale. Men no er eg ute av hiet, og skal vere meir aktiv på blogg igjen.


Engelen har kjole av ullfilt, som er dekorert med blondar, effektgarn og frihandsquilting.
Håret er av silkegarn eg arva frå bestemor. Ein kvardagsengel som vil det beste for andre.


Kvardagar er det flest av, og vi bør kanskje bli flinkare til å sjå og sette pris på det som skjer rundt oss. Kvifor skal vi strebe framover, når det beste kanskje skjer her og no?
Kva er viktig her i livet?


Kanskje vi berre skal sette oss ned, -observere, tenkje, lytte og sjå. 
Nyte øyeblikket.


I morgon er dagen i dag historie. 
Gjer det beste ut av den.
Kanskje vi skal bli flinkare til å gjere dagen god for andre? 
Eit smil, nokre hyggelege ord eller ei hjelpande hand kan gjere ein forskjell.


Eg vil gjerne bringe litt glede til ein av mine venner på blogg eller facebook. 
Har du lyst å vinne dette skiltet frå Edny sine puslerier, så får du 
2 lodd for å legge igjen ein kommentar her eller på facebook, og
2 lodd for å dele/linke på din blogg eller på facebook.
Trekninga blir måndag 30. juni.


Bruk dette bildet når du linkar.




søndag 2. februar 2014

Hjelpeforkle og lykt


Mor mi har tatt hofteoperasjon og følte seg veldig hjelpelaus med to krykker. Ho er vant med å ordne alt sjølv, så det var veldig frustrerande å ikkje få med seg nokon ting. 
Så var det nokon som sa til meg at eg kan no lage noko praktisk å bære i. 
Då blei det eit kraftig forkle med lommer.


Ei stor lomme fyller nesten heile fronten, og ei mindre lomme til småting utanpå der igjen. 
Eg applikerte på nokre stjerner for å kvikke opp litt.


Eg laga litt rynker midt foran for at det skulle bli meir lommeplass.
Og så blei det plass til ein liten sommarfuglknapp i skjøten av linninga:)


To kraftige kjøkkenhandkle blei forvandla til eit hjelpeforkle. 
Det blei vanskeleg å knyte på seg forkléet, men mor knytte endane saman og hengte det over skuldra når ho skulle bære med seg ting. 
Dette var før jul. Men no greier ho seg nesten utan krykker inne i huset, så då er alt så mykje betre;) 
Men eit forkle med lommer kan no vere praktisk om ein ikkje brukar krykker også;)


Eg var den heldige vinnar av denne fine lykta frå Kremmerhuset då Wendy hadde give-away. 
Sjekk den koselege bloggen med det stilige namnet Ineteri-gjør det selv . 
Og saman med lykta fekk eg små og søte vedkubbar. Trur ho veit at eg er veldig glad i ting frå naturen;)


Og vedkubbane kan ligge inni lykta dersom eg brukar ledlys. 
Med alle brannane som har herja i fleire samfunn den siste tida, så kan vi nesten ikkje vere forsiktige nok.


På verandaen ligg ein liten snøflekk, så eg kunne lurt mange til å tru at det er full vinter her, dersom eg hadde beskjært bildet. Men det er det altså ikkje! I skrivande stund er det 9 plussgrader, og vi har nesten ikkje hatt nedbør i heile januar. Vegane er bare, og det er veldig tørt ute. Det er ikkje ofte eg ønskjer nedbør, men det trengs verkeleg no. 
I kveld skal lykta prøvast. Tusen takk Wendy!



søndag 19. januar 2014

Redesign og trekning

Aller først vil eg seie tusen takk for alle hyggelege kommentarar, og for at så mange ville vere med på give-awayen min. Og ikkje minst hjarteleg velkommen til nye følgjarar. Eg syns det er så kjekt å arrangere lotteri på bloggen, og til no har eg laga premiane sjølv kvar gong. 
Kven som blei vinnar av Post-it-opphenget skal eg kome tilbake til.


Først vil eg vise kva som var fergearbeidet mitt før pleddet, for det dukka opp då eg rydda saman etter monteringa av heklerutene. Det var eit strikkearbeid som skulle fellast inn i ein kjole som var for kort.
No fann eg ut at det var egentleg for lite, så dei siste fergeturane har gått med til å hekle øverst og nederst på strikkinga.


Denne kjolen skal klippast av på midten, og så skal fletteborden fellast inn. 
Det var på etterjulsvinteren i fjor at eg fekk den idéen, og no eitt år seinare er den endå ikkje ferdig...
Men om eg får det til, så kan den bli ferdig snart;)


Nederst på kjolen var det ein smal blonde.
Der har eg hekla på tre omgangar med luftmaskebogar.


Rundt hetta blei det ein omgang.


I den eine sida har eg planlagt knappelukning.


Sidan det var redesign, fann eg nokre nøster med garn eg hatt i årevis.Veit ikkje kva eg skulle ha det til heller. Og no kom det altså til nytte;)


Etiketten viser at det ikkje er av nyaste årgang. 
Du skal få sjå resultatet av monteringa dersom det blir brukbart. Eg har no lyst å bruke kjolen før denne vinteren også er over.


Og her er premien til DEG
Oddbjørg med bloggen My Creative Corner
-fordi du fortjener det:) 
Så snart eg får adressa di, vil fuglen flyge til deg. 
Besøk bloggen til Oddbjørg, for der er det mykje fint og variert!

Eg skulle gjerne hatt premie til alle andre som var med også, fordi dei fortjener det! 
Men det blir fleire sjangsar. Eg har ei plan, så følg med;)


Trekningsdatoen la eg til 19. januar, for det var bursdagen til far min. 
I dag var eg på grava med svibel og litt grønt i ein boks. Det tåler å stå ute om det er vinter.

Ønskjer deg ei riktig fin veke!

lørdag 4. januar 2014

Premie til deg?


Bloggen min har fylt to år, og i forrige innlegg lova eg eit blogglotteri, -eller give-away som det som oftast blir kalla i bloggverda;)  Premien denne gongen er eit oppheng til Post-it-blokka. 
Det er min eigen design. Motivet er frihandsquilta med symaskina på ullfilt. Sjølve lommeopphenget er sydd av to ulike bomullstoff med vatt mellom, og dekorert med band, knappar og fleirfarga tråd.


Eg leitar så ofte etter Post-it-blokka, for det er så lett å ta med heile blokka i staden for lappen eg har notert på. No får blokka sin eigen plass, og den koselege fuglen kan minne meg om at eg skal hugse å legge blokka tilbake;)


Og om eg hugsar å henge pennne på plass også, så er det mykje enklare når eg skal notere noko i full fart, -og før eg gløymer det;)


Lappane kan også samlast oppi her, om du hugsar å kikke oppi av og til då;) 
Eller opphenget kan brukast til rekningar, som du skal hugse å betale:)
Eller kanskje du heller vil bruke den til kort og brev?


Har du lyst å vinne dette opphenget?
Du får eit lodd for kvar av desse tinga:
Legg igjen ein kommentar under her.
Er eller blir følgjar av bloggen min.
Legg meg i bloggrollen din.
Deler dette innlegget via facebook eller blogg (link i sidefeltet eller innlegg)
Bruk det siste bildet.
Du kan altså få 4 lodd.

Skriv i kommentaren kor mange lodd du tar, og hugs namn eller e-post om du ikkje har eigen blogg, slik at eg kan kontakte deg om du blir trekt ut som vinnar. 
Trekning blir 19. januar.

(Om du ikkje er vant til å kommentere på blogg, så står det ei forklaring nederst når du trykker på kommentarer. Berre spør om du lurer på noko.)

Då gleder eg meg til å sjå kven eg kan sende denne gåva til.
Nyt helga!





onsdag 1. januar 2014

HJELP! Er det 2014 allereie?


"HJELP! Er det 2014 allereie?  Då er jo Prøysenåret i gang, og eg har så mykje å stelle i stand!"


"I går blei eg lita som ei teskei då eg skulle ause opp potetene til nyttårssteika! Og så måtte den gode mannen min hjelpe meg nok ein gong. Heldigvis var det ingen av gjestane som merka at eg var borte. 


Eg søkte dekning i blomsterpotta til rakettoppskytinga var over. 
Skal tru om eg greier å halde meg stor under alle arrengementa som skal foregå i år for å markere at det er 100 år sidan "faren min", Alf Prøysen, blei født?"


Teskeikjerringa får nok mykje å styre med dette året. 100 år sidan sjølvaste Prøysen kom til verda, kan ikkje gå upåakta hen.
Men det skal heller ikkje toårsdagen til bloggen min! Det skal feirast med eit nytt blogglotteri;) 
Og kva du kan vinne denne gongen, skal du få vite i neste innlegg;)

Sidan eg starta å blogge 1. januar i 2012, har eg posta 236 innlegg, 206 har lagt seg til som følgjar av bloggen, over 80.000 har vore innom sida mi, og eg har fått nesten 3000 koselege kommentarar. 
Dette gjer at eg vil drive bloggen vidare dette året også;) Tusen takk til deg som oppmuntrar meg til å halde fram!


Året 2013 har gått forbi oss, men skosålen som "eg fann, eg fann", har fått nytt liv.
Naturprosjektet mitt er offisielt over, men eg veit at eg er ikkje ferdig med å bruke ting frå naturen i syinga. I siste nummer av Norsk Quilteblad var det ein reportasje om meg og prosjektet mitt, men det skal eg kome tilbake til i eit seinare innlegg.


Til nyttårsmiddagen i går fekk kvar enkelt ei barkestjerne og ei Askepottnøtt, som eg håper vil bringe lykke i det nye året. 


Mine ønskjer er at ALLE skal ha det bra, og føle seg trygge og betydningsfulle saman med andre. 
Det betyr ja til inkludering og rausheit, og nei til mobbing og egoisme.

Måtte også dei som sprer løgner og ondsinna rykter få det bra med seg sjølv, slik at dei sluttar å øydeleggje for andre.

"La oss bruke 2014 til å feire våre friheter med klokskap", sa kong Harald i sin nyttårstale.

"Vi som voksne må ta tak i mobbing blant barn og unge. En ødelagt barndom kan sette dype spor. En god barndom varer hele livet", sa statsminister Erna Solberg i sin første nyttårstale.

GODT NYTT ÅR TIL DEG!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...