No har det allereie gått ei veke sidan årsmøtet i Bergen. Ei veldig kjekk og inspirerande helg, og minna er mange. Og for meg var det ekstra kjekt å bli tildelt Norsk Quilteforbund sitt stipend for 2012 på kr 15.000,-. Å bruke naturen i quiltinga, er ein tanke eg har hatt lenge, og i romjula kom tanken om eg skulle driste meg til å søkje på NQF sitt stipend. Vurderte fram og tilbake, men fann ut at om eg ikkje gjorde det, ville eg kanskje ha angra meg etterpå. Og no er eg så glad, for dette stipendet er veldig inspirerande for meg;) ;) Tenk at andre har tru på meg og min store hobby!! "Quilting i samarbeid med naturen og andre teknikkar" kalla eg søknaden. Eg har ikkje sett at andre har sydd med ting frå naturen før, og ikkje har eg greidd å spore opp noko heller. Og det er bra, for eg vil vere nyskapande og utvikle quiltinga i nye retningar. Ideane har kome dalande den siste veka, og eg har allereie prøvd nye ting. Noko av det kjem eg til å vise på bloggen min framover, men eg legg igjen ein liten smakbit her, og det er mine to aller første prøvelappar etter at eg bestemte meg for å prøve ut ideen.
Mitt første forsøk var å sy barnåler på ein furukvist.
Og det neste var å sy på ein bjørkekvist og dekorere litt rundt.
Har du lyst å følge med i bloggen og prosjektet mitt framover, så er du velkommen til det. Og eg blir glad om du kjem med idear til kva eg kan bruke og kva eg kan lage.
Resultatet skal eg til slutt presentere å NQF sitt årsmøte i Sarpsborg i mars 2013.
Men det var sjølvsagt veldig mykje anna som skjedde på årsmøtet, og eg er veldig glad i utstillingane. Der brukar eg å ha mange runder. Her er vinnaren av Barnekonkurransen "Diamantar". Det er laga av 1B frå Bjørnelien skole. Elevane hadde tatt med stoffbitar som betydde noko spesielt for dei, og laga jo-jo-ar som er festa på i diamantform. Ein artig måte å løyse oppgåva på.
Veldig bra at NQF arrangerer konkurranse for barn også, for dei er våre framtidige quiltarar. Og når dette blir meir kjent etter kvart, vil nok fleire delta.
Dei to andre åra har eg vore involvert i denne konkurransen med mine elevar, og det blei 1.plass begge gongane;) ;) Veldig kjekt, og barna var så ivrige med arbeidet.
Linkar til teppa ligg under her.
Dette flotte teppet var vinnar i konkurransen "Hav". Kjersti Thoen var ein verdig vinnar. Utruleg flott arbeid. Eg stod lenge og beundra detaljane;)
2.premie gjekk til Sølvi Krokeide. Dette teppet fekk også publikumsprisen. Du verden for eit praktverk! Alle skulle hatt anledning til å studere alle detaljar på nært hald. Heilt utruleg kva den dama får til. Eg kjem aldri til å gløyme Årsmøteteppet ho laga eit år!! Det var fantastisk.
Eg tok utfordringa med å lage eit blogginnlegg før årsmøtet, og fekk derfor tildelt denne bloggknappen;) Det er veldig bra at NQF vil fokusere på quiltebloggarar;)
Bloggforumet var veldig kjekt, og eg reknar med at det blir tildelt meir tid dei neste åra. Interessen er stor, blogging har blitt veldig populært, og vi har mykje å lære av kvarandre. Det var kjekt at Merete Veian hadde det, for det var ho som fekk meg interessert i blogging, etter eit intervju med henne i Norsk Husflid. Eg veit ho sit inne med mykje kunnskap.
Av foredraga likte eg spesielt godt foredraget til Unn Stähr Irgens, som fekk stipendet i fjor for å studere juryering av tepper i Sør Afrika.
Eg kunne egentleg ha skrive side opp og side ned om årsmøtet, men innlegget er vel allereie langt nok som det er... Flotte butikkar, utstillingar og foredrag skulle hatt omtale osv..
Og til slutt: Tusen takk til leiar marit Sande Iversen, styret, redaktør, Bergen Quiltelag og alle andre som står på for at vi stoffgalne kan ha slike treff!! Håper de føler at det er verd strevet;)