Viser innlegg med etiketten Art. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Art. Vis alle innlegg

torsdag 5. mai 2016

Sydde kort


Har sydd kort til to konfirmantar.


Enkle tre av tyll på eit bakgrunnstoff. 
Vatt unnder og frihandsquilting med maskin.


Etter quilting av bakgrunnen, brukte eg sølvtråd til detaljane. 
Sommarfuglane stansa eg ut i papir, 
og sydde fast kroppen samtidig med følehorna.
"Flygestrek" frå sommarfuglane dannar namn og årstal.


Til slutt la eg papp bak og siksa den fast 
med garn som ramme.


Til slutt limte eg silkeband over saumen.
Då er det klart til å skrive nokre gode ord. 
Gratulerer til deg som har ein nær som konfirmant i år!

lørdag 9. april 2016

Utfordring i quiltelaget


I Molde Quiltelag har vi hatt ei utfordring der vi fekk utdelt ein stoffbit
og velge sjølv kva vi ville sy. Eg valgte å bruke heile biten til bakgrunn, 
og resultatet etter bruk av frie teknikkar blei slik.


Ein blå flekk utnytta eg til dam. 
Eg har brukt organsa og garn og stoppefoten. 
Det kvite har eg dandert av eit effektgarn
og nederst er det fjør.


Her er dekoren ulike effektgarn og gamle skjorteknappar.


Det er artig å leike seg med ulike materiale og stoppefoten.


No er det lenge sidan eg har sydd til naturprosjektet mitt, 
så no fekk ein bjørkekvist bli til eit tre. 
Dei tynne blada er festa berre med eit sting eller to for hand. 
Den brune tråden som går på tvers i bakgrunnen, 
er silkegarn frå bestemor.


Det heile starta med å frihandsquilte ut ifrå mønstringane 
i stoffet, og eg var bestemt på at ein fugl skulle vere med. 
Denne er laga av mange lag tyll.
Du kan så vidt skimte bakgrunnen gjennom.


Til skyane har eg brukt både tyll, angelina og chiffong.


 Stoffet inviterte til landskap for meg.


Og så blir den meir innhaldsrik med stæsj og quilting. 

Om du har lyst å sjå alle resultata, 
kan du klikke HER

lørdag 21. november 2015

Motbakke og messe


I dag er messe på Rådhuset i Molde, og eg har laga dette bildet som er 30x90cm.
Det var stort og tungt å sy rundt kvar stein, men det var verd strevet.


Personen er av silke, og eg har brukt garn, effekttråd, tyll og organsa til dekor på bakgrunnen.


Av og til kan ting var tunge og vanskelege, 
og alt verkar som motbakkar.


Men kjem ein seg oppover, 
kan ting lysne sjølv om vegen var tung å gå.

Etter kvart blir ting litt lysare og lettare.

Utsikta blir betre og vidare, 
og kanskje nye moglegheiter kjem til syne. 

Her er innlegget frå det forrige motbakkebildet.

tirsdag 30. september 2014

Som man roper i skogen


Det er lenge sidan eg har sydd med ting frå naturen no, 
men på søndagstur i haustvéret, kom inspirasjonen igjen.


Eg plukka med meg bregneblad 


samtidig som uttrykket om å rope i skogen surra rundt i toppen.


Personen i nedkant skal egentleg vere skuggen til den som ropar.


Det var kjekt å leike seg med naturting, frihandsquilting og ulike stoff og effektar igjen.


onsdag 27. august 2014

Godt jobba


Andre skuleveka er snart over, og endå er det lærarstreik. Det er ei veldig viktig markering for å redde skulane si framtid. Eg fekk så lyst å lage ei helsing til alle dei som er tatt ut i streik i Molde kommune. 
Både dei, og alle andre som står på for å vinne kampen, fortener takk og klapp på skuldra.


Det er artig å sy med fokus på eit tema, og steinar måtte vere med her.
KS vil berre snu på steinane, men lærarane vil flytte dei. Det er dei som jobbar i skulen som veit kva som tynger mest  i jobben. Eg trur at KS til slutt blir ståande igjen med dei største steinane.


Det spirer og gror under steinane her. Det handlar om å ville sjå.


Versågod! Her er ein blomst til kvar og ein som står på for at elevane skal få ein god skule.


I dag tidleg var eg innom streikekontoret med gåva. Marit Gunnarson er streikeleiar i Molde.
Ei flott og flink dame, som har mykje å stå i med for tida.


Her er helsinga frå meg.


Eg kjenner Marit både som mor og tidlegare kollega, og eg veit kor dyktig ho er. 
Etter streiken kan det også vere kjekt å ha ei påminning på veggen. Godt jobba!


I dag kom det varsel om at fleire blir tatt ut i streik neste veke. På den lista stod ikkje Prøysen sin Dyreskule, som eg skreiv om i forrige innlegg. Så då kan snille Bolla Pinnsvin fortsette å gå på skulen. Helene Harefrøken treng framleis hjelp til å halde fokus, og Nøtteliten er impulsiv og aktiv av natur. Dei treng ein lærar som har tid og evne til å vise omsorg og tilpasse undervisninga.


Lykke til vidare til alle som vil det beste for norsk skule!



mandag 2. desember 2013

Adventskalender for kreftforskning


Desember, og min planlagte adventskalender er i gang. Utgangspunktet er kalenderen eg laga til kollegaene i fjor. Og då eg såg utfordringa som Lappe-Grete hadde på bloggen sin i januar, om at bloggedamer på ulike vis kan samle inn penger til kreftforskning i 2013, var eg ikkje i tvil om at eg også i år ville lage ein kalender på jobb. 


På Tøndergård skole og ressurssenter i Molde, har eg mange gode kollegaer som støttar opp både med premiar og kjøp av lodd for å bli med på trekningane. Pengane går no til ei veldig god sak. 
Her er oversikt over gåver som var på plass til opninga av kalenderen i dag. Mange handlaga produkt av dyktige medarbeidarar, og fine kjøpte gåver. Det er veldig kjekt med varierte premiar. Men eg veit at det kjem fleire fine ting, så det kjem eit innlegg til;)

Her kjem ein tettare kikk på alle dei fine premiane;)


Ei staseleg strikka gladhøne.


Eit fargerikt og artig strikkasett med skjerf og lue.


Fine og spiselege gåver: Brente mandlar, småkaker i juleglas, tyske julekaker og flotte makronar.


Koselege og fint dekorerte kubbelys.


Deilige tova vottar.


Tidsriktig Mariusboks med julemarsipan, og fin og praktisk såpedispensar.


Koseleg og fint julemåleri med tau. Arket i hjørnet er påmeldingslista;)


Flotte innramma fotografi.


Eit flott og artig måleri med krokar for opphenging av nøklar o.l.


Ulike oppheng, som eg har vist på bloggen min tidlegare.


Og eit stort og nydeleg måleri, som passar inn hos dei fleste;)


På lista her noterer eg vinnaren for kvar dag, samt gåva og kven som har gitt den.
Eg er overvelda over alle dei fine gåvene, og endå er det meir på gang! Og det er mange som deltek med pengar. Folk som vil vere med på trekningane, betalar det dei vil, men minst kr 50.
Kor mykje tilsette ved skulen gir til aksjonen, kjem eg tilbake til seinare.
No gleder eg meg allereie til å trekke morgondagens vinnar;)

torsdag 28. november 2013

På plass


No er vaktkassa nesten på sin plass. Det kom mange hyggelege kommentarar om kassa i forrige innlegg, men ingen fann ut kva den skulle brukast til. Men no ser du sikkert at den andre kassa trengte avlastning;)


Vestane har fått seg ny bolig.


Så er det å vakte på vaktmesteren. 
Og han stilte raskt opp.



Han skrudde kassa på veggen, og festa klossar mellom for at lokket kan opnast skikkeleg

.
Kassa vaktar altså vestane til dei som har vakt i gangane og på uteplassen på skulen;) 
Og dei vaktene skaper tryggheit for elevane. Det er viktig!!


Her er ein flott vaktmann som stiller opp, og saman med mange andre gjer sitt beste for at elevane skal ha det bra på skulen, både i klasseromma, i gangane og ute. I timane stiller vi utan vest;)


Eg har fått mange fine ord om kassa, og kan den bringe glede både for store og små som dagleg vandrar forbi, så er eg veldig fornøgd.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...