Viser innlegg med etiketten Hobbyrom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hobbyrom. Vis alle innlegg

lørdag 18. oktober 2014

Oppbevaringsbokser DIY

Nataliya har oppretta ein blogg som heiter DIY Norge. Kjempeflott tiltak, og eg vil oppfordre alle om bidra der. Tenk kor mange gode idéar det kunne ha blitt til saman! Ho kan også legge til din blogg om du ønskjer det. For oktober har ho ei utfordring som heiter fargar, og her er mitt innlegg dit.
  

For ei stund sidan viste eg nye boksar og hyller på hobbyrommet. 
Her er to av boksane og ein tapetrull. For å friske opp ein gul Ikea-boks og ei skoeske, har eg klipt bitar av tapeten og limt på. Enkelt og kjapt. På skoeska var det naturleg for å skjule lappar som var på den, og på den andre boksen var det kun for å dempe gulfarga og for å få litt stil.


Slik blei det i hylla. All slags pair kan sjølvsagt brukast. Eg brukte tapet berre fordi eg kjøpte den samtidig med boksane.


Bak klokka har eg lagt inn ein bit av same tapet. 
Opprinneleg skulle det vere små bilder inni firkantane. 
HER er innlegget frå før klokka kom på veggen;)


søndag 3. august 2014

Meir til oppbevaring på hobbyrommet


Hobbyrommet var mildt sagt hulter til bulter, men i sommar har eg faktisk teke litt tak i det. 
Rommet er stort, men sidan eg samlar på alt muleg, blir det aldri nok plass til oppbevaring.  
Eg fann ut at ei hylle til med fire rom var det eg kunne presse inn. Og heldigvis kjørte vi forbi IKEA i sommar. Dvs at vi kjørte ikkje forbi, men stoppa;) Og då blei det hyller, to dører og nokre gule boksar.


Det gule blei for prangande, for der er ei salig blanding frå før. 
Men med litt dekor frå ein tapetrull eg også fekk med meg, så blei inntrykket heilt forandra.


Eg tok også litt dekor på eit par skoesker.


Den nye plassen lagrar no ein del av alt det eg samla frå naturen då eg heldt på med prosjektet mitt, og i skoeskene er det fjør og andre ting frå fjøra.


I to av dei gule boksane sorterer eg forskjellig tørka ting frå skog og mark.
I den store gule boksen, er det pinnar og kvistar.


Slik var det før den nye hylla kom oppå.


Den nye hylla er kvitare og har mindre kant rundt, men det gjer ingen ting på eit hobbyrom. 
Egentleg var det berre flaks, for eg trur ikkje den hadde gått på høgda om kantane var like tjukke;)
Har planer om å merke når alt har fått sin plass, men her viser allereie eit barkehjerte at det handlar om natur. Bak den døra er korger med skjell, steinar o.l.


No har det som før stod på toppen, kome ned på benken. 
Klokka har fått same dekor som boksane.
I bakkant står blomsten eg sydde med vepsebol i midten. Begge deler skal opp på veggen.


Kvistar og store fjør har fått ny plass på hylla. 
Det var naturdelen på hobbyrommet. Seinare skal du få ein titt på andre ting. 
Det er så mykje kjekkare når det er orden, og eg merkar allereie at kreativiteten blomstrar meir igjen;)




søndag 14. april 2013

Hobbyrommet mitt


Eg må innrømme at eg likar veldig godt å kikke inn i andre sine hobbyrom, så då må no andre likesinna få sjå inn til meg også. Etter å ha okkupert både kjøkken og stue med mine kreativiteter i mange år, har eg no eit stort og godt hobbyrom i kjellaren igjen. Og jammen har resten av familien vore tålmodige med rotet mitt! Mitt "problem" er at eg ser nytte i det meste, og har samla sidan eg var unge. Og når eg likar å halde på med dei fleste hobbyteknikkar, så blir det fullt. No prøvar eg å få system. Lappestoffet har eg til no hatt i fleire bedroller-kasser, og det har fungert ganske bra. Men det blir fullt av kasser på bord og benkar når eg skal leite etter stoff i fleire fargar. Derfor har eg no plassert dei reine lappestoffa bak glasdører.


Stoffa er bretta flatt for å utnytte hylleplassen, og eg kan bla i fargebunkane. Så får tida vise om eg greier å legge stoffa fint på plass igjen etter bruk... Handymannen laga hobbyrom som 50 års-gåve, og kjøpte då både glasskåp og hyller på Ikea.


I vinter måtte eg spe på med fleire hyller for å få meir system, og då blei det to Ikeareoler til. Her er kassene fylte med garn, ull og filt. Toppen er fin å legge stoff o.l. på når fargar skal vurderast. Og så er det berre å legge dei FINT tilbake i skapet bak:)


Her er samling av diverse ting og tang, og eg har fått litt system på greiner o.l. etter naturprosjektet mitt.


I tillegg er her ei samling av mange typer innreiingar, og skap og skuffer får eg aldri nok av. I desse breie og grunne skuffene (som tidlegare var på barnerommet), har eg no samla effektgarn, som eg brukar ein del i syinga.


Dette steamjernet fungerer godt, og etter ønskje fekk eg det til 50 års-gåve frå mor. Glaskarmen er fylt med litt av kvart.


Og denne karmen er full av boksar med diverse hobbysaker. Ein kan no ikkje sløse med plassen.


Og her var det ei lita opning, så eg fekk pressa inn nokre hyller. Ikkje kom og sei at plassen ikkje er utnytta i alle fall!


Midt i rommet har eg eit stort bord til sying og skjæring. Maskina er senka for å gi ei stor syflate. Seinare skal du få sjå meir frå rommet:) Eg har fått mange nye lesarar sidan eg viste mitt herlege trådsystemet og andre ting frå hobbyrommet. Har du lyst å ta ein kikk på det også, så finn du dei innlegga her.
Og no vil eg oppfordre andre til å vise frå sitt hobbyrom! Folk har forskjellige utgangspunkt og driv med ulike hobbyar, men vi kan likevel utveksle god tips og idéar for oppbevaring og system.


Sidan det er sommardagen i dag, 14. april, må eg ta med eit bilete av årets første kusymre oppi fjellvegen. Vinteren og våren har vore utruleg fin, men det har vore kaldt om natta heilt til no, så det spirar litt seinare ute i år. I dag har det regna, og eg kan nesten ikkje hugse sist.

lørdag 28. april 2012

Sløyfer og kjekke ting


Her er ei spent jente på 3,5 år med fotografen for første gong. Det var saman med min eldre bror og søster hausten 1962. Mine to yngre brødre var ikkje født endå. Mor var flink å sy, og ho hadde sydd kjolar av likt stoff til meg og mi 10 år eldre søster, som så tragisk omkom nokre månader seinare. Eg fortalte litt om det i starten av dette innlegget.

Legg merke til den flotta sløyfa eg har i håret! Det var veldig vanleg når vi skulle pynte oss den tida;) Eg hugsar at dei var av nylon, og endane var klipte på skrå og litt smelta med ei fyrstikk for at dei ikkje skulle rakne.



Og no kjem eg igjen tilbake til mitt flotte trådskåp. Då eg fekk det, låg det bl.a. sløyfeband i ei av skuffene, og der har det sikkert vore i femti år, for hårstrikk tok over for sløyfene i tidleg barneskulealder. Men kanskje dei kjem til heder og verdigheit igjen snart? Sløyfebandet eg hadde då eg var med fotografen, er nok kjøpt her. Beltebandet på kjolen var også knytt i ei sløyfe bak.



Og i ei anna skuff låg det andre kjekke ting. Fremst til venstre ligg tversoversløyfer, som eg hadde med i dette innlegget.



I sløyfeskuffa har eg no samla blondar og band.



I den andre skuffa var det større bur, så der har grovare band o.l. fått plass.



Og etter knappesorteringa var det ei skuffe igjen i det minste skåpet. Der blir det plass til diverse ting og tang. No har eg nok vist og frista med det meste frå mitt skattekammer. Har du ikkje sett det første innlegget om trådskåpet, så er det her. No er det på tide at eg får opp produksjonen, for eg kan i alle fall ikkje klage på at eg ikkje har noko å lage av;)


lørdag 21. april 2012

Mange minner i knappar


Knappar har eg vore glad i heilt frå eg var lita. Og dei gamle knappane er framleis kjærast og finast. Dei vekkjer mange minner. I dag er det 49 år sidan søster mi sklei og døde under ein fjelltur. Ho blei lagt i kista på 14 årsdagen sin. I morgon ville ho ha fylt 63 år.
Eg var berre 4 år då det skjedde, og eg saknar henne veldig. Tenkjer på alt vi kunne ha hatt og gjort saman. Ho likte også å lage ting med hendene. Sjølv om eg var lita, hugsar eg ein del ting, og ho var ei snill storesøster. Eg fekk f.eks. ofte vere med henne til butikken.



Og det var til den butikken eg fekk det flotte trådskåpet eg skreiv om her.
Og saman med tråden, fekk eg også desse fine gamle knappane;) For ein skatt!



Knappane var støvete og lukta gamalt, og heilt sidan eg fekk dei i hus i sist sommar, har eg tenkt på kva og korleis eg kunne reingjere dei. No har vi hatt nokre fineversdagar, og eg tok fatt på arbeidet. Eg fylte litt knappar i ein vaskepose, og rista dei skikkeleg rundt i varmt vatn med flytande Ajax sitron oppi. Etter kvart tømte eg dei utover i boksar og på bord.
Og så lot eg sola stå for tørkinga;)



Tida går når kvar knapp skal beundrast;)


Og når eg først var i gang med knappesortering, så tok eg også fram knappane som eg har samla meg frå eg var lita jente. I det omtalte silkespole-skåpet frå innlegget om tråd, var det skuffer med mange små rom. Perfekt til sortering av knappar;)


Og det var visst litt det også.. Ein del er frå ein konfeksjonsfabrikk som blei lagt ned ca 30 år sidan. Eg synest at knappar er så fint!



Her er knappane fordelt i to trådskuffer;) Og det er eitt ledig bur (endå) i kvar skuff. I kvar ytterkant er silkespolane som pyntar fronten av skuffene. Eg er ikkje (t)rådlaus, og blir nok heller ikkje knappelaus med det første... Dei kvite knappane fekk ikkje plass, så dei små og store fekk kvar sitt glas.



Skuffene er på plass i det øverste skåpet, og knappar som ikkje blei med i sorteringa, får pryde toppen. I den nederste skuffa er det andre ting, men det skal du få sjå seinare;) Kanskje du blei endå meir misunneleg på skåpa mine no?






søndag 1. april 2012

(T)Rådlaus?


Rådlaus kan eg kanskje bli, men i alle fall ikkje Trådlaus!!
I eit tidlegare innlegg skreiv eg om skattar frå ein nedlagt butikk. No skal eg vise dei aller største skattane, nemleg to trådskåp;) ;) Dette skåpet til silkespolar er nok det finaste!!


Her er skuffer med små rom til silkespolar og utstillingsplass i fronten.
Slik var det oppi der då eg fekk det i sommar. Og silkespolar har vel ikkje vore i handelen på lange tider, så langt eg veit;)


Og så fekk eg dette flotte skåpet med uttrekkbare hyller til trådsneller!!
Eg budde i loftsleiligheta på butikken nokre år, og tante og onkel høyrte nok symaskina gjekk både seint og tidleg av og til. Til ei jul sat eg faktisk heile natta, for eg kosa meg slik med å lage julegåver;)
Og i sommar sa tante Beret at desse skåpa hadde ho tenkt til meg!! Gjett om det var ei som blei glad;) ;)  Hurra!! Og så passa det akkurat inn mellom reolar og sybord på hobbyrommet!



På hyllene var det merka med prisar og nr på trådsnellene. Artig;)
I tillegg til trådsneller, var det også litt andre ting inni skåpa;) Det skal eg vise seinare;)



Det er inga hemmelegheit at eg hadde mykje tråd frå før heller, for eg har no samla nesten heile livet;) Og for mange år sidan, var eg i ein anna nedlagt butikk og hamstra tresneller.
Det har vore dårleg med energi den siste tida, og først no er eg ferdig å vaske og skrubbe skåp, 
og sortere og plassere trådsnellene.
Har tenkt på det lenge, og du så godt det var å få alt på plass;)



Og som du ser, så blir eg ikkje trådlaus med det første.. I øverste hylle har eg samla ekstra tjukk tråd, blank broderitråd og store Robison-sneller. Og resten er sortert etter regnbogen, med ein miks av gamle og nye sneller.


Eg hadde erverva meg ein del silkespolar frå før også, og sjå kor fint det blei med ein regnboge av silke;) Er det nokon som har gode råd for bruk av silkespolar?




Denne settekassa har eg vist før, og no har den blitt fylt med fleirfarga tråd og metalltråd,
Dei fleirfarga snellene som ikkje kan stå sjølve, har fått plass på stativet under. Og dei ledige plassane er til sneller som blir brukt til dei ulike syprosjekta, for symaskina står rett under;)

No har eg endeleg fått trådsystem;) Er det nokon misunnelege sydamer der ute? Det forstår eg godt;)
Er det interesse for gamle trådsneller, knappar ol. om eg tek det med i ein Give-away?
Legg gjerne igjen ein kommentar her;)


fredag 2. mars 2012

Hobbyrom


No har eg blogga i to månadar, og det er veldig kjekt;) Eg blir så inspirert av å besøke andre bloggarar, og håper at eg også kan bidra med idear og inspirasjon til andre også;)

Eg prøver å lage system på hobbyrommet, og har ein intensjon om å ha alt på riktig plass igjen når eg er ferdig med ein ting.. Tvilar på at eg greier det, men skal no gjere eit forsøk. Og så har eg ganske mykje, for eg har alltid vore glad i handarbeid, og har prøvd det meste. I tillegg er eg ein samlar og trur alltid at eg skal lage så mykje..
-Og så kan ingenting kastast, for eg kan no få bruk for det ein gong...
 Men no skal eg vise noko av det eg har fått i system;)
Over her er settekassa frå eit tidlegare innlegg.
Foreløpig er den mest til pynt, men her skal det bli meir effekttråd til symaskina.


Dette er faktisk same settekasse. Den er berre ubehandla og står opp ned;) Rart kor forandra ting kan bli. Her har eg ulike kvalitetar og tjukkelsar av streng og metalltråd, samt litt knappar og band.


Og her er meir band. Ups, det ser så mykje ut når det blir samla.
Men opphenget er ganske genialt, om eg skal seie det sjølv;)

Krokar er skrudd under skapet, og meininga var å legge ein trepinne oppi. Men krokane var ikkje lange nok. Derfor er det hengt litt kjetting i krokane, og så er pinnen lagt inni kjettingen. På denne måten er det lett å ta bandrullar på og av pinnen. Den bakerste pinnen har lengre kjettingbitar, slik at det kan henge i to høgder. Og som du ser, så er her så mykje band at pinnane bøyer seg. Men det trur eg skal gå bra. No er det i alle fall lett å berre dra av ein bit band av farga eg treng.
Og rullen er på plassen sin heile tida, så den slepp eg å legge på plass;)


Under skapet lengre bort, er det ei knaggrekkje frå Skeidar. Trur eg må ha ei under også.
Det er så greitt å berre kunne henge frå seg ting.


Her er ei skåpside med ulike krokar. All plass må utnyttast;)
Eg skal vise meir frå hobbyrommet seinare. Min handyman har innreidd og ordna rommet med masse hyller og skåper, så eg gleder meg til å få alt i orden og få fart på symaskina igjen. Det har vore lite sying i det siste, -men eg er veldig flink å tenkje på alt eg kan lage;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...