Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

fredag 21. april 2017

Årets tristaste dag


21.april er ein trist dag i vår familie. Den siste dagen min søster var 13 år,
mista ho livet på fjelltur. På 14års-dagen blei ho lagt i kista.
Denne vakre brikka med hardangersaum har ho brodert. 
Den er eit kjært minne for meg.


Rundt bestemor si symaskin har eg både englar og gode minner.

 

Der ligg også denne nydelege brikka.


Fint og nøyaktig brodert, og med holsaum rundt falden.
Ho var så flink trass sin unge alder.


Eg tok med ein blomsterbukett til min mor i dag.


Ho hadde tent lyset i denne, som er laga som minne.


Så var eg på grava og planta litt blomster. 
Det er ikkje så mykje som tåler å vere ute endå, 
men det blei fint.



Sorga vil alltid vere der. Godt å kunne minnast. 
Dette innlegget laga eg eit tidlegare år.

søndag 19. april 2015

Moldejazzens far


Min onkel, Kikkan Sættem, fyller 85 år i dag. 
Han blir kalla Moldejazzens far, og eg fekk lyst å lage ei gåve med jazzpreg.


Denne flotte bronsestatuen, som står på torget i Molde, inspirerte meg.
Det er Jazzgutten, laga av Nina Due. 


Kikkan stod i bresjen for å få etablert Molde internasjonale jazzfestival, 
og den har sett Molde på kartet sidan 1961. 
Det var ikkje berre enkelt å få store artistar til ein liten by utan flyplass. 
Kikkan var festivalpresident i 20 år.


I over femti år har det vore jazztonar over Molde by,
og under festivalveka i juli er det eit yrande folkeliv..


Kikkan er bypatriot, og har betydd svært mykje for byen på mange område.
Rosenes by hadde nok ikkje vore den same utan han.


I dag trur eg jazzguten spelar ein bursdagsmelodi.
Eg gløymer aldri då heile jazzlosjen kom inn i Gildehallen og omkransa
heile festlokalet for å heidre Kikkan på hans 80-årsdag.


Jazzguten er like fin og trufast i både sol og regn.
Den står fjellstøtt og vil prege byen i all framtid.
Den blei gitt som gåve til byen i samband med Molde sitt 250-årsjubileum i 1992.


Gratulerer med dagen, onkel Kikkan!
Håper denne boksen med tennbrikettar vil hjelpe deg å halde varmen i mange år.

søndag 25. januar 2015

Bryllupsgåve


Gleda var stor då vi fekk invitasjon til bryllup då eit tantebarn skulle gifte seg. Det er så lenge sidan sist vi var i bryllup. Så begynte tankane rundt gåve å svirre. Dei er godt etablerte frå før og har det meste. Eg likar å lage personlege gåver, men samtidig vil eg at mottakar ikkje skal føle at det må stå framme. Det handlar om stil, smak og om det passar inn. 
Denne gongen enda det opp med praktiske bruksting. 


Først sydde eg trekk til ein boks med tennbrikettar. Det kan no vere nyttig for å få lettare fyr i omnen eller på bål ved utflukter. Og så er det berre å fylle opp med fleire når det er tomt. Eg veit i alle fall at dei har god tilgang på ved. 
Sidan begge jaktar, passa det med eit hjortepar med bankande hjarte for kvarandre.


Jakt og fiske er populært, og vatnet i dammen får vere symbol for fisk her.
Hjarter går igjen i gåva.


På baksida av neverhjarta er det namn og dato. 
Og i det som er applikert, er bodskapen "hold varmen", og det er meint i dobbel forstand.
Ein furukvist har fått påsydde nåler.


Eit serveringsbrett er praktisk til bruk både inne og ute.


Men kanskje er det koselegare å bruke med ei brikke nedi. 
Derfor laga eg tre ulike, alt etter årstid og kva som passar. 
Denne kan brukast til jul, men også heile året om ein vil.

I eine hjørnet har eg sydd inn bryllupsdatoen.


To hjarte har smelta saman. 


Så blei det ei brikke i lilla. 
Den kan vere til advent, men kan også brukast heile året.


Her har eg lurt inn hjarte i frihandsquiltinga.


Den tredje brikka har ramme av ulike stoffbitar som handlar om livet.
Hus, natur, reise, ord, store og små hendingar. Kryssord viser at ting kan gå både vassrett og loddrett, men med godt samhald og samarbeid løyser det meste seg.


Dette sitatet av M. Bonnamo sydde eg inn, for det passar etter å ha sagt ja til å elske og ære kvarandre, og leve trufast saman til døden skiljer dei ad. 
"Å leve lykkelig til sine dagers ende, er noe man må gjøre dag for dag."


Då håper eg at gåva kan vere både til nytte og glede i mange år.


Gårsdagens bryllupsfest var flott og triveleg. Maten på hotellet var fortreffeleg, 
og kakebordet bugna av heimlaga kaker, som var bakt på dugnad. 
Mannen laga nøttebotnen til denne kaka, og eg skar ut og pynta med smørkrem.


Puy, svigerinne til bruda, hadde laga desse kunstverka av fruktfat. 
Namna til brudeparet er til og med skore ut.


Tusen takk, Inger Anne og Asbjørn, for at de ville dele denne fine dagen med oss. 
Med dei beste ønskjer for framtida til denne flotte familien, 
får dette innlegget vere min "dagen derpå-tale".


torsdag 1. januar 2015

Måtte 2015 bli eit godt år.


Nytt år og nye moglegheiter heiter det. Her er eit lite snitt av nyttårsbordet vårt. 
Englar og blomster skal få prege det første innlegget om mine tankar for året som ligg ubrukt framfor oss.
 2015 er Friluftsåret. Det betyr vel at eg bør bli flittigare med utflukter i naturen. 
Eg kjem heilt sikkert til å sanke både kvistar og meir i naturen i år også.

På Wikipedia står det at 9. april er det 75 år sidan Tyskland invaderte Noreg. 
Eg vil heller fokusere på at 8. mai er 70 år sidan krigen slutta her i landet.
Måtte det bli fred for alltid for alle, sjølv om eg veit at det er ein ønskjedraum.


Vi var fem til bords i går kveld, og det stod pinnekjøt på menyen. 
Dessverre så er det ikkje alle som kan spise seg mette eller kose seg i eit varmt hus.


Eg likar å pynte bord, og denne gongen blei det turkis, lilla, sølv og natur i tillegg til det lyse. 
 Og alle fekk ei rose ved sin kuvert.


Måtte det bringe lykke og at ingen opplever vonde ting, sjølv om eg veit at det er for godt til å vere sant. Både kong Harald og statsminister Erna Solberg hadde fokus på mobbing i sine nyttårstalar.


Det er viktig både å sjå og bli sett, 
og det er viktig både å hjelpe og få hjelp.


Hyllene i gangen fekk litt ekstra pynt. 
Alle bør være trygge og føle seg vel saman med andre.


Tulipanar frå eit vennepar er omkransa av englar. 


Eg laga ein del dekorasjonar som gåver, og ein til å ha sjølv. 
Denne skulle liksom vere på nyttårsbordet, men det blei gløymt til eg hadde fylt opp med andre ting. 
Men den gjorde seg bra på hylla i sittekroken også. 

1.januar for tre år sidan blei bloggen min starta, så det betyr at det er bloggbursdag i dag;) 
Det er så kjekt å sjå tilbake på hendingar og ting eg har laga. 
Og for seinare vil eg ta med dagens status:
303 innlegg, 3633 positive kommentarar, 
235 følgjarar og 165.000 sidevisningar. 

Tusen takk for at du er med og held liv i bloggen min! 
Det gir inspirasjon til å halde fram, og kvar einaste kommentar gleder meg. 
Eg ønskjer deg det beste for året vi har starta på!

Og kanskje kjem det ein give-away når det lir på også;)





mandag 21. april 2014

Sorg og minner


April vekkjer sorg og mange minner kvart år. 
21. april er datoen min søster døde. Vårblomster ved engelen i gangen er til henne. 
Siste dag ho var 13 år, var ho på fjelltur saman med venner, mista fotfestet og drap seg i fallet.


Mamma har tatt vare på dødsannonsa. Mykje har endra seg også når det gjeld gravferd.
Nederst står det "Alle som vil følge til grava er hjarteleg velkomne og bedes møte i heimen kl 12."
Eg var berre 4 år, men hugsar så godt kista som stod ute på to krakkar på marka, og at det var så mykje folk samla utanfor huset vårt. 
Mamma fortalte at kista kom sendt på varebussen dagen etter, 
og at ho blei lagt i kista på sin 14 års-dag.


Tenk at denne gode jenta berre blei riven bort! 
Eg saknar henne veldig, og tenkjer ofte på korleis ting hadde vore om dette ikkje hadde skjedd. 
Etter samlinga ute ved heimen, kjørte pappa kista til kyrkja. Det var veldig tungt for han.
Han hadde lastebil, og eg hugsa at eg sat på kne og såg på lasteplanet og kista gjennom bakvinduet. 
Det var ikkje gravferdsbyrå som ordna alt då. 


 På same tid i fjor, var det 50 år sidan Aud Kirsti døde og 20 år sidan pappa døde. 
Då laga eg denne engelen til mamma. 
Den fekk eit smykke av kvite perler, slik Aud Kirsti har på bildet over.


I eit av foredraga eg hadde om naturprosjektet mitt, var denne engelen med. Der var også to slektningar som eg heldigvis har fått ny kontakt med. Og då ei av dei sa at ho hadde ein bluse etter Aud Kirsti, og at eg skulle få den, kunne eg nesten ikkje tru at det var sant! 
Tenk at ho hadde spart på denne blusen i 50 år! 


Ho sa at eg sikkert kan lage noko fint av den.
Nokre dagar seinare kom den i posten. Så tynn, nydeleg og vakker.


Den eine knappen er borte, og eg føler at det er noko symbolsk i det.
Det første minneinnlegget eg laga om mi søster heiter "Mange minner i knappar."
Tusen, tusen takk, Gunn! Denne blusen betyr mykje for meg, og ein dag skal eg lage noko av den, men eg har ikkje fått den rette idéen endå.


Denne lysengelen var med i fjorårets minneinnlegg. Det kan du sjå HER.
I kveld tenner eg lys til for mi kjære søster, 
og ønskjer inderleg at eg kunne ha feira hennar 65-årsdag i morgon.

søndag 12. mai 2013

Gåver til konfirmantar og matkunst


I går var det konfirmasjon til tantebarn igjen, -tvillingar. 
Då laga eg noko å gi pengane i.


Eskil fekk rett og slett ei pengelomme. 
Ei bukse blei klipt sund og kanta med to ulike stoff
Konfirmasjonsdatoen er sydd inn på kanten til venstre.


Stjernekar:) Lomma kan brukast til oppheng eller oppbevaring i etterkant.


Sara fekk ei toalettveske med pengar, slik som Amalie sist helg.


Og datoen på baksida. 


Dette var den andre eg sydde av slaget, og då dukka nye idéar opp. 
Endane på glidelåsen fekk stoffbitar med ord på; blessings og joy.


Her er dei flotte konfirmantane.


Det var eit gedigent koldtbord til mat. Og flottare og meir personleg bordpynt kan ein vel nesten ikkje få!!


Vakkert, og godt:)


Eg er stolt av å vere tante til desse "trillingane", som er tvillingar/søskenbarn/naboar,
og som no blei konfirmert helg på helg.
Trivelege selskap og familisamlingar.







LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...