Viser innlegg med etiketten Dekor. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dekor. Vis alle innlegg

torsdag 21. september 2017

Husnummer


No held det ikkje berre med postnummer på bygda. 
Alle skal ha gateadresse og husnummer.
Med oss tok det litt tid før tala kom opp på veggen, 
for eg måtte sjølvsagt gjere noko ut av det....
Etter mykje grubling, kom idèen då eg stod og måla denne veggen.


Denne fjøla har eg samla på i fleire år. 
Den minner meg om ein fisk. Eg tok litt beis frå trappa og måla 
rundt kantane og i munnopninga, for å få ein større kontrast til veggen. 
Ein rusta spikar i bakenden, var perfekt å henge eit par garnkuler på. 
Dei, og litt anna maritimt, kjem frå heimgarden til mannen min. 
Kjekt å få samle det her.


Eit garn er stifta fast bak fisken,


og bak båten, som eg kjøpte på ei messe for nokre år sidan. 
No blei den lasta til randen, men ikkje av blomster, som var plana då eg kjøpte den.
Litt stein er med som ballast, for å halde "sjøplantene" på plass.


Og fangst har det blitt, 
både av fisk, krabbe, tang, tare og skjell.


Slik er det på dagtid.


Og her er det kveld. 
Då lyser det i vindua på badet. 
Eg er spent på om båten tåler vinterstormane, 
men det får stå si prøve. 
No er kreasjonen i alle fall dokumentert.

søndag 12. mars 2017

Vinter har blitt til vår


Eg ordna eit utemiljø ved inngangen til advent.
Over nyttår tok eg bort det som var mest julete, 
og så stod resten heile vinteren. 
No har eg tatt bort det mest vinterlege, 
og skal vri det mot vår. Mykje av dette har faktisk stått heile tida.


Naturelement må eg ha med.


Epla har vore der heile tida.


Nokre vårkvistar har kome til, og eit par planter har flytta ut.


Snekkar Andersen driv med sitt, men han har nok ein ny
avtale med julenissen til neste jul kan eg tenkje meg.


Bianca tek seg gjerne ein kvil i stolen.


Eg trur faktisk eg berre vil bytte ut litt småtteri etter kvart 
som nye årstider melder seg.

HER kan du sjå korleis det var i jula.





lørdag 26. desember 2015

Julehelsingar og gjenbruk

''

Eg likar så godt å lage små julehelsingar til mange rundt meg,
og i år blei det bl.a. sjokoladehelsingar.
Her har Toffifee blitt til hElgekos.


Andre fekk slike koseesker.


Ikkje alle tåler nøtter, så då måtte eg finne på ei anna innpakning. 
Denne er sydd av kraftig papir,
 og med pålimte knappar og nedbretta snippar, blei det litt morsomt


med Melkesjokolade inni.


Og så er det så kjekt å lage litt personleg preg på pakkane, 
slik at det passar både innhald og mottakar.


Amaryllisen har sett sine betre dagar, og no var berre enkeltklokker brukbare.


Gjenbruk og natur blir det ofte på pakkane frå meg.


Her er både avis, cellofan, og pynt gjenbruk, 
utanom flaxloddet då;)


tirsdag 6. oktober 2015

Klasseprosjekt


For ei tid tilbake hadde vi prosjekt i forming med å lage fellesbilete. 
Kravet var samarbeid både med bakgrunn og dekor. 
Kvistar frå naturen skulle vere med. 


Bakgrunnen er maling og effektar på lerret.
Kvisten er pynta med perler på ståltråd og utstansa sommarfuglar.
Hjartepynt av tyll, lim og perler.


Her er bakgrunnen i same stil, 
men pynten er eit stort kvisthjarte, som er dekorert med ståltråd og diverse perler.






Det er kanskje ikkje så vanskeleg å sjå at det er ei jentegruppe som står bak. 
I alle tilfelle så pyntar dei fint opp i klasserommet.

torsdag 4. juni 2015

Nydeleg brud


Ein elev har laga denne nydelege bruda i valfag "Design / redesign", 
og eg fekk lov å vise den på bloggen min.


Sanna er utruleg flink til å skape ting med sin eigen stil, 
og ho tek den tida ho treng for å få det perfekt og med dei rette detaljane.
Vi fotograferte ved spegelen, så fleire ting sneik seg med.


Kroppen er laga med utgangspunkt i ei Tildadokke, 
men Sanna har laga den meir formfull med både midje og bryst. 
Ansiktet har ho måla på frihand. Sjå kor ho har fått fram lyset i augene!
Kjolen er sjølvkomponert så klart.


Eg fekk lette på sløret for å få vise frisyren.
Først blei heile hodebotnen brodert med små sting, 
før hårstråa blei planta inni kvart sting. 
Så var det klart for hårstyling og rosepynt.


Det er ikkje fint å lette på skjørtet,
men må berre vise den fine, handsydde trusa til bruda;)
Også baken har fått si veldreide form.


Mange gispa av beundring og fekk gåsehud då dei fekk sjå den ferdige bruda. 
Medan ho står i monteren og ventar på sin utkåra, 
blir det nok fleire beundrande blikk å få. 
Eg gleder meg til fleire produkt frå Sanna sin design.

søndag 3. august 2014

Meir til oppbevaring på hobbyrommet


Hobbyrommet var mildt sagt hulter til bulter, men i sommar har eg faktisk teke litt tak i det. 
Rommet er stort, men sidan eg samlar på alt muleg, blir det aldri nok plass til oppbevaring.  
Eg fann ut at ei hylle til med fire rom var det eg kunne presse inn. Og heldigvis kjørte vi forbi IKEA i sommar. Dvs at vi kjørte ikkje forbi, men stoppa;) Og då blei det hyller, to dører og nokre gule boksar.


Det gule blei for prangande, for der er ei salig blanding frå før. 
Men med litt dekor frå ein tapetrull eg også fekk med meg, så blei inntrykket heilt forandra.


Eg tok også litt dekor på eit par skoesker.


Den nye plassen lagrar no ein del av alt det eg samla frå naturen då eg heldt på med prosjektet mitt, og i skoeskene er det fjør og andre ting frå fjøra.


I to av dei gule boksane sorterer eg forskjellig tørka ting frå skog og mark.
I den store gule boksen, er det pinnar og kvistar.


Slik var det før den nye hylla kom oppå.


Den nye hylla er kvitare og har mindre kant rundt, men det gjer ingen ting på eit hobbyrom. 
Egentleg var det berre flaks, for eg trur ikkje den hadde gått på høgda om kantane var like tjukke;)
Har planer om å merke når alt har fått sin plass, men her viser allereie eit barkehjerte at det handlar om natur. Bak den døra er korger med skjell, steinar o.l.


No har det som før stod på toppen, kome ned på benken. 
Klokka har fått same dekor som boksane.
I bakkant står blomsten eg sydde med vepsebol i midten. Begge deler skal opp på veggen.


Kvistar og store fjør har fått ny plass på hylla. 
Det var naturdelen på hobbyrommet. Seinare skal du få ein titt på andre ting. 
Det er så mykje kjekkare når det er orden, og eg merkar allereie at kreativiteten blomstrar meir igjen;)




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...