Ein elev har laga denne nydelege bruda i valfag "Design / redesign",
og eg fekk lov å vise den på bloggen min.
Sanna er utruleg flink til å skape ting med sin eigen stil,
og ho tek den tida ho treng for å få det perfekt og med dei rette detaljane.
Vi fotograferte ved spegelen, så fleire ting sneik seg med.
Kroppen er laga med utgangspunkt i ei Tildadokke,
men Sanna har laga den meir formfull med både midje og bryst.
Ansiktet har ho måla på frihand. Sjå kor ho har fått fram lyset i augene!
Kjolen er sjølvkomponert så klart.
Eg fekk lette på sløret for å få vise frisyren.
Først blei heile hodebotnen brodert med små sting,
før hårstråa blei planta inni kvart sting.
Så var det klart for hårstyling og rosepynt.
Det er ikkje fint å lette på skjørtet,
men må berre vise den fine, handsydde trusa til bruda;)
Også baken har fått si veldreide form.
Mange gispa av beundring og fekk gåsehud då dei fekk sjå den ferdige bruda.
Medan ho står i monteren og ventar på sin utkåra,
blir det nok fleire beundrande blikk å få.
Eg gleder meg til fleire produkt frå Sanna sin design.
Imponerende, fantastisk flott! (så tror jeg også Sanna har en veldig fin og inspirerende lærer!)
SvarSlettVeldig flott!
SvarSlettSå kjekt at du fekk lov å dele :-)
Så fin!! Har øye for detaljer når en ser de øya der, godt gjort!!
SvarSlettUtruleg flott! Det er så kjekt å sjå slik flink og kreativ ungdom og det minner meg om då eg var ung og den enorme skapartrangen eg hadde. Eg elska formings-og handarbeidstimane og eg trur at ein dyktig og kreativ lærar har veldig mykje å sei for den vidare utviklinga. Det kan ikkje eg sei at eg hadde men det har i allefall denne flinke jenta - det er det ingen tvil om! Heldig er ho:)
SvarSlettNydelig brud! Det som imponerer meg mest er alt arbeidet som er lagt i produktet. Når ser vi slikt nå til dags? Dette gleder mitt håndarbeidshjerte. Ønsker Sanna lykke til videre, og en stor klem til deg som veileder og inspirerer.
SvarSlettGod helg fra Ingunn
Fantastisk fint handarbeid!
SvarSlettKjempefin brud.
Gratulere til Sanna og læraren.
God helg frå Anne-Mari
Heilt utruleg flott! Tippar at Sanna er kjempestolt - og læraren også:) Flott jobb Edny, slikt betyr så mykje!
SvarSlettEn meget vakket og slank brud! Artig å se at kreativiteten blomstrer blant elevene dine.
SvarSlettSå flink ei jente :) så gøy å se hvor kreativ barn er - og denne brura var jo bare kjempefin! Flott håndarbeid!
SvarSlettEn så kjempefin kreasjon, virkelig imponerende :-)
SvarSlettNydelig brud!!! Og øynene vare til å dåne for ;)
SvarSlettKjempefin brud! Kjekt med slik kreativitet i skolen, og jeg tror nok hun har en kreativ, flink og inspirerende lærer også. :-)
SvarSlettSå flott!!! Jeg er sikker på at hadde denne blitt produsert som en serie hadde den blitt umåtelig populær, med de øynene kan man ikke la være og falle for den:)
SvarSlett