Viser innlegg med etiketten hjerte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjerte. Vis alle innlegg

lørdag 4. februar 2017

Hemmeleg


Eg er leiar i Molde Quiltelag, og har i snart fire månadar hatt regien 
med å førebu ei hemmeleg gåve. Alle medlemmane fekk utfordringa
med å sy ei hjerteblokk på 9,5x9,5", og levere i smug på eit av quiltemøta. 
Her er den eg laga.


Alle var så positive og likte idéen, og det kom inn så mange fine hjerteblokker i svart og rødt.
Dei blei lagt i ei eske, med silkepapir over, slik at alt ikkje blei avslørt med ein gong. 
På toppen låg ein pose med hjertedrops og ein papirrull.


Og heldigvis hadde vi klart å gjennomføre dette utan at Ruth hadde fatta 
at noko var på gang. Ho blei både satt ut, overraska, rørt, glad og overvelda.
 På denne måten ville vi vise vår store takk for at ho har stått åleine på kjøkkenet
og laga mat til oss på kvart einaste quiltemøte gjennom heile året. På eige initiativ.

Etter at seansen var over, hengte vi opp alle blokkene slik at alle fekk sjå. Så mange fine, og
utruleg kor ulike dei blei. Teknikken var fri, og her er det sydd både for hand og på maskin, 


Det heile starta med at eg sendte ein e-post til alle i laget, utanom Ruth då. 
Alle fellesskriv ho ikkje hadde sett, limte eg opp på ark og rulla saman.


Og inni hjerta står ein del av dei fine kommentarane som kom undervegs.


Fekk knipsa nokre av blokkene før alt blei pakka ned. 




Denne nydelege blokka skilte seg ut. Takk for kaffe og mat på fat, står det. 
Den er laga av Trine Rønneberg, med bloggen Trines Hobby.
No gleder vi oss alle til vi får sjå kva Ruth lagar av blokkene ho fekk.
Ho blei utfordra til å sy eit slumreteppe.




torsdag 26. januar 2017

Diverse elevarbeid



Bladde litt i gamle bilde, og då kom det fram elevarbeid
frå nokre år sidan. 
Her er ei mobilveske.


Pute i redesign med broderi.


Baksida blei lappa saman av restane av buksa.


Veving i gitterstoff.


Utprøvingar med symaskina.


Papirklipp etter idé frå nettet.


Mobilveske med lomme.


Ho blei stolt over resultatet.

lørdag 14. februar 2015

Fastelavn og valentinsdag


I dag er det valentinsdagen og i morgon er det fastelavnssøndag, 
så det kombinerte vi like godt i kveld.


Hjartebollar må vel gjere susen.


Så var det greit å trykke ut runde former også. 
Når ein trillar ut bollar, blir dei høgare i midten. 
Eigentleg er det like kjekt at dei er like høge over heile, i alle fall når dei skal fyllast.


Eg var spent på om dei hald forma etter heving og steiking, og det var ikkje så verst.


Så var det å leike seg med fyllet.


Krem, banan og sjokolade har blitt favoritten her i huset.


Og snillaste Bianca kom med roser og lys til bestemor og bestefar på valentinsdagen. 
Det var koseleg;)


søndag 25. januar 2015

Bryllupsgåve


Gleda var stor då vi fekk invitasjon til bryllup då eit tantebarn skulle gifte seg. Det er så lenge sidan sist vi var i bryllup. Så begynte tankane rundt gåve å svirre. Dei er godt etablerte frå før og har det meste. Eg likar å lage personlege gåver, men samtidig vil eg at mottakar ikkje skal føle at det må stå framme. Det handlar om stil, smak og om det passar inn. 
Denne gongen enda det opp med praktiske bruksting. 


Først sydde eg trekk til ein boks med tennbrikettar. Det kan no vere nyttig for å få lettare fyr i omnen eller på bål ved utflukter. Og så er det berre å fylle opp med fleire når det er tomt. Eg veit i alle fall at dei har god tilgang på ved. 
Sidan begge jaktar, passa det med eit hjortepar med bankande hjarte for kvarandre.


Jakt og fiske er populært, og vatnet i dammen får vere symbol for fisk her.
Hjarter går igjen i gåva.


På baksida av neverhjarta er det namn og dato. 
Og i det som er applikert, er bodskapen "hold varmen", og det er meint i dobbel forstand.
Ein furukvist har fått påsydde nåler.


Eit serveringsbrett er praktisk til bruk både inne og ute.


Men kanskje er det koselegare å bruke med ei brikke nedi. 
Derfor laga eg tre ulike, alt etter årstid og kva som passar. 
Denne kan brukast til jul, men også heile året om ein vil.

I eine hjørnet har eg sydd inn bryllupsdatoen.


To hjarte har smelta saman. 


Så blei det ei brikke i lilla. 
Den kan vere til advent, men kan også brukast heile året.


Her har eg lurt inn hjarte i frihandsquiltinga.


Den tredje brikka har ramme av ulike stoffbitar som handlar om livet.
Hus, natur, reise, ord, store og små hendingar. Kryssord viser at ting kan gå både vassrett og loddrett, men med godt samhald og samarbeid løyser det meste seg.


Dette sitatet av M. Bonnamo sydde eg inn, for det passar etter å ha sagt ja til å elske og ære kvarandre, og leve trufast saman til døden skiljer dei ad. 
"Å leve lykkelig til sine dagers ende, er noe man må gjøre dag for dag."


Då håper eg at gåva kan vere både til nytte og glede i mange år.


Gårsdagens bryllupsfest var flott og triveleg. Maten på hotellet var fortreffeleg, 
og kakebordet bugna av heimlaga kaker, som var bakt på dugnad. 
Mannen laga nøttebotnen til denne kaka, og eg skar ut og pynta med smørkrem.


Puy, svigerinne til bruda, hadde laga desse kunstverka av fruktfat. 
Namna til brudeparet er til og med skore ut.


Tusen takk, Inger Anne og Asbjørn, for at de ville dele denne fine dagen med oss. 
Med dei beste ønskjer for framtida til denne flotte familien, 
får dette innlegget vere min "dagen derpå-tale".


tirsdag 11. november 2014

Naturkransar og hekla roser


I det siste har eg laga mange kransar av bjørkeris, og hekla mange roser. 
Dette har eg no prøvd å kombinere på ulike måtar.




Denne kransen fekk eit sydd hjarte i tillegg.


Desse fargane kan brukast heile året, eller til advent om du vil.





Denne kransen er spinklare og har ein blonde til oppheng.






Nokre bjørkehjarter har det også blitt. 
Dette er pynta med band og ei rose i dus rosa.
Egentleg så minner det meg om bryllup.



Slike ting kan hengast både på dør og på vegg. 
Eg blir ikkje lei av naturmateriale, så det vil nok vere tema med meg framover også.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...