Viser innlegg med etiketten Småting. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Småting. Vis alle innlegg

lørdag 19. mai 2018

Små fuglar i farta


På Norsk Quiltetreff på Sundvollen i mars, var det mange fine butikkar.


Det hang mange fuglar og kvitra til meg på Lille Stasjon.


Ein mønsterpakke fekk bli med meg heim, og desse fuglane har litt til etter det. 
Eit artig, lite prosjekt med handsaum, der kvar fugl kan få sin eigen stil.


Og nokre har allereie floge herifrå for å glede andre.

fredag 14. april 2017

Høne Pøne


Eg kjøpte mønsteret Høne Pøne av Timotei
Syns disse hønene er så sjarmerende og koselig.
Mønsteret var veldig greit å bruke.


Mine høner blei nok ekstra fargerike. 


Men desto enklare er dei å få auge på.
Eg applikerte på nebb og hakelapp med knapphullsting.


Dette paret ropte på mi svigerinne, som hadde bursdag i går,
så dei forsvant dit. Må nok lage fleire, ja. Veit aldri kvar dei tek vegen.


"Hane Pane måtte glane", var uttrykk vi brukte i min barndom.  
"Høne Pøne måtte skrøne", var svaret tilbake. 
Fortsatt god påske.

torsdag 26. januar 2017

Diverse elevarbeid



Bladde litt i gamle bilde, og då kom det fram elevarbeid
frå nokre år sidan. 
Her er ei mobilveske.


Pute i redesign med broderi.


Baksida blei lappa saman av restane av buksa.


Veving i gitterstoff.


Utprøvingar med symaskina.


Papirklipp etter idé frå nettet.


Mobilveske med lomme.


Ho blei stolt over resultatet.

søndag 8. januar 2017

Englar i redesign.


Til jul fekk eg desse sjarmerande englane av snille Janne. 
Ho kjenner meg, og veit at eg likar både englar og redesign.
Dei fekk plass i kjøkkenglaset, og har vore 
vitne til mykje vér, -både regn, snø og blåst. 
Det er altså ikkje sola du ser bak i skogen.


Englane er laga av gamle dukar, 
og har verkeleg si personlege sjel.


Og baksida er frå ei blondegardin.


No er englane tatt ned, men skal absolutt få sin plass til advent. 
Denne skjønne snømannen hadde min snille svigerdatter laga til oss i fjor. 
No har han kosa seg saman med englane. 
Eg likar så godt vintermiljø, så den skal få vere her ei stund til.. 


lørdag 5. november 2016

Gryteklutar


I haust har vi hatt ei gryteklututfordring i Molde Quiltelag. 
Slik blei altså mine.


Alle fekk ein bit med nøytralt grå-svart stoff, og noko 
av stoffet måtte brukast til gryteklutar.
Teknikk og form var valfritt.


Eg delte min bit i to, og bestemte meg for at det skulle bli hus.
Tak og pipe er lik, men dekor på husa er ulike.


No har vi på landsbygda også fått gateadresse og husnummer.
Det inspirerte meg.
Frihandsquilting er brukt til detaljar og quilting. 


Her er gryteklutane utstilt. 
Utruleg forskjellige sjølv om utgangsunktet var likt.
Ei grei og ufarleg oppgåve.

onsdag 26. oktober 2016

Ein liten fuggel


Vamp syng om liten fuggel,
og eg har sydd ein liten fuggel.


Det er einsamt med berre ein,
så det blei fleire.




Kvistar og fuglar går igjen med meg.


Og det vil det nok fortsette med også mellom andre ting.

tirsdag 2. august 2016

Gåve til kattevenn


Denne sminkepungen lage eg i gåve til ei som er glad i kattar.


Praktisk til både det eine og det andre.


Og så håper eg at desse fargerike kattane også kan vere til 
glede og oppmuntring
i ei slitsam opptreningstid.


Godt å vere ute om dagane no.

tirsdag 26. juli 2016

Sminkepung


Har laga ei forenkla utgåve av mønsteret frå forrige innlegg.
Denne modellen er også på Inspirerende Hobby.


Andre stoff og meir maskinsaum gir
eit heilt anna uttrykk.


Malen er snudd andre vegen. 
Dekoren er mitt design.


Inni her kan du putte småting du vil ha kontroll på.

fredag 15. juli 2016

Til oppbevaring


AnnAKa har eit mønster som heiter "Til vesken". 
Til desse modellane har eg valgt stoff i knallfargar, 
og det gir eit heilt anna uttrykk enn dei duse på mønsteret.
Artig å sjå kor ting forandrar seg alt er etter stoffvalg.


Denne kan brukast som sminkepung, 
eller til å samle småting i veska. 


Bitar er sydd saman, det heile er quilta før brodering, kanting
og glidelåssying for hand.


Den lille mapa er sydd saman av strimler, vattert,
brodert og kanta.


Til slutt er det festa på ein lapp av stoff med tekst. 
Desse modellane er utstilt på Inspirerende Hobby i Molde. 
Alle stoffa er ogå derifrå. 

onsdag 6. juli 2016

Pose med motiv DIY


Her er endå ein posevariant du kan få framgangsmåten på.
Den er litt større og rommar meir, 
og den passar både til jente og gut.


Skjær to delar hovedstoff og to delar til for
12x13" (ca 30x33cm).
Sy eit motiv på framstykket.
Legg så for og frontar rette mot rette og sy saman i øverkant.
Brett ut og stryk.


Klipp eit hakk inn 2cm frå saumen på begge stoffa.
Hakket skal vere like stort som saumrommet.
Gjer dette på alle fire sidene.
Dette skal bli opningane for snorene.


Brett kantane mot vranga og sy.


Legg delane mot kvarandre rette mot rette. 
Sy rundt kantane på posen og på foret. 
La ei opning på ca13cm vere igjen i foret til vrenging.
Klipp bort hjørna på skrå. 
Vreng posen, dytt ut saumar og hjørne, 
og sy igjen opninga for hand.


Sy ei stikning øverst og ei under opningane.
Bruk ei sikkerhetsnål og trekk gjennom eit band frå kvar side. 
Slå ein knute på endane. 


Posen er klar til bruk.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...