onsdag 27. august 2014

Godt jobba


Andre skuleveka er snart over, og endå er det lærarstreik. Det er ei veldig viktig markering for å redde skulane si framtid. Eg fekk så lyst å lage ei helsing til alle dei som er tatt ut i streik i Molde kommune. 
Både dei, og alle andre som står på for å vinne kampen, fortener takk og klapp på skuldra.


Det er artig å sy med fokus på eit tema, og steinar måtte vere med her.
KS vil berre snu på steinane, men lærarane vil flytte dei. Det er dei som jobbar i skulen som veit kva som tynger mest  i jobben. Eg trur at KS til slutt blir ståande igjen med dei største steinane.


Det spirer og gror under steinane her. Det handlar om å ville sjå.


Versågod! Her er ein blomst til kvar og ein som står på for at elevane skal få ein god skule.


I dag tidleg var eg innom streikekontoret med gåva. Marit Gunnarson er streikeleiar i Molde.
Ei flott og flink dame, som har mykje å stå i med for tida.


Her er helsinga frå meg.


Eg kjenner Marit både som mor og tidlegare kollega, og eg veit kor dyktig ho er. 
Etter streiken kan det også vere kjekt å ha ei påminning på veggen. Godt jobba!


I dag kom det varsel om at fleire blir tatt ut i streik neste veke. På den lista stod ikkje Prøysen sin Dyreskule, som eg skreiv om i forrige innlegg. Så då kan snille Bolla Pinnsvin fortsette å gå på skulen. Helene Harefrøken treng framleis hjelp til å halde fokus, og Nøtteliten er impulsiv og aktiv av natur. Dei treng ein lærar som har tid og evne til å vise omsorg og tilpasse undervisninga.


Lykke til vidare til alle som vil det beste for norsk skule!



søndag 10. august 2014

For nå skal Bolla Pinnsvin gå til skolen

 

 Dette portrettet av Bolla Pinnsvin måla datter mi for 11 år sidan. 
Det var vel før lærarane blei overført til KS.
Skal tru om Bolla får gå til skulen når ferien snart er over i år?
Eg veit ikkje om Dyreskulen er ramma av streiken, men eg veit at mange andre skular er berørt. 
I morgon er første studiedag med oss, og vi må planlegge for ein best mogleg skulestart for våre elevar. Men om elevane får starte som planlagt, veit vi endå ikkje.
I morgon ettermiddag har riksmeklingsmannen kalla inn til møte, og då får vi sjå om KS framleis er i Bakvendtland, og om Per (KS) kjører med skylappar i sin eigen bil same kor humpete vegen er. 
Det har vore hompetitten og hompetatten heile sommaren no.


For meg er Alf Pøysen ein stor mann, og i sommar besøkte eg hans rike i sjølvaste Blåklokkevikua. 
Om han hadde vore i live, er eg sikker på at han hadde hatt mange  kloke meiningar om utviklinga i norsk skule. Han kunne ta barneperspektivet, og forstod kva som var viktig for sjølvkjensla til både liten og stor. 
Å føle seg trygg er viktig for å kunne konsentrere seg og ta til seg læring.


Prøysen såg dei ulike personlegheitene, og vi ser vel også dei forskjellige typene i dagens skule? 
 I hans dyreskule går forsiktige og pliktoppfyllande Bolla Pinnsvin, vimsete og bedagelige Helene Harefrøken og impulsive og aktive Nøtteliten. 

Det første Bolla Pinnsvin gjør, det er å hente vann.
Hun vasker fjes og labbene så godt hun bare kan,
og mamma børster piggene som stritter rundt omkring,
og selv om mamma lugger gjør det ingen verdens ting,
for nå skal Bolla Pinnsvin gå til skolen.

Helene harefrøken hopper lett
Men om en stund blir hun så veldig trett
Orker ikke mer, hun må hvile her. Legger seg i mose, kjerringris og bær.
Brun over, og grå under, og lyselyserød på snuten.

Nøtteliten gjør så mange rare hopp
Ifra tre til tre og stamme ned og opp
Glemmer skolen og det hele, han gjør kast og sprett og sprell
Finner mange fine nøtter, han er nøtteknekker selv
Men så hører han at skoleklokka slår
Ifra tre til tre så bustehalen står
Og hopp og sprett og tjo og hei og litt før den har ringt fra seg
Så sitter han på stubben: "Her er jeg"

Korleis Frøken Skjære la opp si undervisning veit eg lite om, men eg veit desto meir om kva krav som blir stilt til dagens lærarar. Eg veit også kor viktig det er å ha nok tid til førebuing og etterarbeid for å kunne tilpasse undervisninga til både Kong Salamo og Jørgen Hattemakar sine etterkommarar.  Fleksibel arbeidstid og tillit frå arbeidsgivar er alfa og omega for å kunne skape ein god skule. Det betyr at kvar lærar må sjølv få bestemme over eiga tid, -om det er best å jobbe utover ettermiddagene på skulen, eller heime på kveld eller helg.


Prøysen såg også kor viktig rolle foreldra har. Både kua og oksen forsvarte kalven sin då geitekillingen ville telje den. Foreldra betyr veldig mykje for barna sine skuleprestasjonar.

Og mamma smører niste, kan du gjette hva det er?
Jo, åtte stykker museflesk og fire bringebær,
og så en liten melkeskvett, og da blir Bolla gla'
for pinnsvinfar har sagt at den får ingen lov å ta,
for den skal Bolla Pinnsvin ha på skolen.

"Nøtteliten" sier mamma "du må gå
Og vær snar og flink på skoleveien nå
Ikke fly og finne nøtter, du kan spise før du går
Du skal sitte pent på stubben din når skoleklokka slår"
Nøtteliten svarer: "Jada, jada, ja"
"Men nå tror jeg jeg må stikke, ha det bra"
Og hopp og sprett og tjo og hei og fire kvister deler seg
Så hopper Nøtteliten: "Hei på deg"


Prøysen viste også innsikt i barnesinnet. Dagens lærarar forstår også meir enn før at barn er forskjellige, og at det som oftast er ein grunn til dei gjer det dei gjer. Det er så viktig at vi ser heile barnet, forstår og møter dei der dei er. 

Det var en liten gutt som gikk og gret og var så lei.
Hæin skulle tegne Babylon, men lærer`n han sa nei,
hæin ød`la hele arket hæin var tufsete og dom,
men så hørte hæin et sus som over furukrona kom:

Du ska få en dag i mårå, som rein og ubrukt står
med blanke ark og fargestifter tel,
og da kan du rette oppatt alle feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kveld.


 Det blir kakla og prata, og alle har ei meining om kva som er rett og feil i skulen. 
Men eg tør å påstå at berre dei som jobbar i skulen veit korleis kvardagen der er på både godt og vondt. 


På skulen treng vi både Snekkar Andersen og Teskeikjerringa. Det er mange roller som skal fyllast for at elevane skal få utvikle seg best mogleg både fagleg, kreativt og sosialt. Det er også viktig at arbeidsforholda og seniortiltaka er så bra at både dei og andre lærarar kan stå lenge i jobben. Dei har mykje verdifull kompetanse. 


Dagens kamp for å redde skulen ser ut til å vere heilt nødvendig. 
Kvar ein stein må snuast for å få eit godt resultat av forhandlingane. Kanskje må vi ta heile steinrøysa neri bakken!
Dagens barn er landets framtid, og vi vil stå på for dei.


Eg kryssar fingrane for at både KS og politikarar lyttar og innser at det er vi som kjenner skulen frå innsida. Og måtte forhandlingane gå ryddig og skikkeleg for seg, slik at ingen treng å slipe stridsøksa, eller vere redd for mannen med ljåen. 

Forhåpentlegvis får Bolla Pinnsvin gå til skolen neste måndag;)






søndag 3. august 2014

Meir til oppbevaring på hobbyrommet


Hobbyrommet var mildt sagt hulter til bulter, men i sommar har eg faktisk teke litt tak i det. 
Rommet er stort, men sidan eg samlar på alt muleg, blir det aldri nok plass til oppbevaring.  
Eg fann ut at ei hylle til med fire rom var det eg kunne presse inn. Og heldigvis kjørte vi forbi IKEA i sommar. Dvs at vi kjørte ikkje forbi, men stoppa;) Og då blei det hyller, to dører og nokre gule boksar.


Det gule blei for prangande, for der er ei salig blanding frå før. 
Men med litt dekor frå ein tapetrull eg også fekk med meg, så blei inntrykket heilt forandra.


Eg tok også litt dekor på eit par skoesker.


Den nye plassen lagrar no ein del av alt det eg samla frå naturen då eg heldt på med prosjektet mitt, og i skoeskene er det fjør og andre ting frå fjøra.


I to av dei gule boksane sorterer eg forskjellig tørka ting frå skog og mark.
I den store gule boksen, er det pinnar og kvistar.


Slik var det før den nye hylla kom oppå.


Den nye hylla er kvitare og har mindre kant rundt, men det gjer ingen ting på eit hobbyrom. 
Egentleg var det berre flaks, for eg trur ikkje den hadde gått på høgda om kantane var like tjukke;)
Har planer om å merke når alt har fått sin plass, men her viser allereie eit barkehjerte at det handlar om natur. Bak den døra er korger med skjell, steinar o.l.


No har det som før stod på toppen, kome ned på benken. 
Klokka har fått same dekor som boksane.
I bakkant står blomsten eg sydde med vepsebol i midten. Begge deler skal opp på veggen.


Kvistar og store fjør har fått ny plass på hylla. 
Det var naturdelen på hobbyrommet. Seinare skal du få ein titt på andre ting. 
Det er så mykje kjekkare når det er orden, og eg merkar allereie at kreativiteten blomstrar meir igjen;)




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...